Viser innlegg med etiketten kaffimat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kaffimat. Vis alle innlegg

lørdag 5. desember 2015

Glutenfrie karamellstenger

På skulekjøkenet bruker vi vanlegvis godt gjennomprøvde oppskrifter.  I år har eg ei utfordring med glutenfri matlaging.  det er interessant å prøve seg på.  Eg meiner mykje har skjedd på den fronten berre dei siste fire-fem åra.  Kokosmakronar er glutenfritt for alle.  I tillegg valde eg å sette eit par elevar til å bake karamellstenger i foodprosessoren. Dei vart svært gode!  Deigen var noko vanskeleg å arbeide med, meinte dei.  Men eg synest dei var flinke!

Elles meinte dei sirupen var treig å få målt opp.  Det gjekk vel i sirup ...
ca 3 dl fin glutenfri mjølblanding (Vi brukte Toro lys mjølblanding)
1 dl sukker
1 ts natron
1 ts vaniljesukker
1/2 ts fiberhusk
2 ts sirup
100 g smør


  1. Set omnen på 175.
  2. Ha det tørre i bollen på foodprosessoren før du har i sirup og smør i terningar.
  3. Start maskina og lat ho gå til du har ein jamn deig.
  4. Utbaking: Del deigen i fire. Rull kvar deig ut til ei pølse. Legg dei på ei papirkledd plate med god avstand mellom.
  5. Steik kakene midt i omnen 15-17 minutt.
  6. Skjer stengene i bitar på skrå medan dei enno er varme.
  7. Trykk pølsene flate med ein gaffel.

tirsdag 21. juli 2015

Kokoskake

Denne skuffekake laga Wenche på frukost-TV onsdagen før sommarferien. Kaka har visst vore populær hos matbloggarane.  Vi smakte ei som likna i Sverige, så for meg er ho litt svensk.  Ein kan vel og seie at dette er luksusvarianten av bedehuskaka.
 
Eg bakte kaka til hagefesten.  Då fann eg ut det var best å lage nokre skuffekaker slik at det garantert ikkje vart for lite mat!
 
For å lettare finne fram til kaka i framtida legg eg oppskrifta ut her omsett til nynorsk.  Wenche si ligg her.
Kakebotn
300 g smør
1 1/2 dl matfløyte eller mjølk (Eg brukte H-mjølk)
6 - 7 egg
360 g sukker
1 vaniljestong, skrap ut frøa (2 ts ekte vaniljesukker)
350 g kveitemjøl
3 ts bakepulver
  1. Set steikeomnen på 180 grader. Kle ei langpanne med bakepapir.
  2. Smelt smøret i ei panne og ha i mjølka. Set til side.
  3. Pisk eggedosis av egg, sukker og vaniljesukker.
  4. Sikt i det tørre (mjøl blanda med bakepulver) vekselvis med mjølkeblandinga.
  5. Hell røra i langpanna.
  6. Steik kaka midt i omnen i 30 minutt til kaka er gyllen, men ikkje gjennomsteikt.
  7. Lag kokostoppinga medan kakebotnen står i omnen.

Topping
300 g smør
500 g brunt sukker
1 ½ dl matfløyte eller mjølk
400 g kokos
 

  1. Smelt smør, brunt sukker og matfløyte/mjølk i ei (stål)panne.  Rør til du får ein glatt masse.
  2. Ta panna vekk frå plata og rør inn kokos.
  3. Ta ut kaka og set omnen på 210 medan du fordeler toppingen jamnt utover kaka.
  4. Steik kaka i 10 minutt til.
  5. Avkjøl kaka før du skjer i henne!
 

fredag 8. august 2014

Bananbrød

I dag kjem oppskrifta som eg har lova blogglesarane.  Bananbrødet kan etast som kake eller som brød med eit tynt lag marmelade/syltetøy.
Av ulike grunnar vart det ikkje til at vi fekk med oss "Afternoon tea" i London slik planen eigentleg var.  Men på Foyles fall valet på denne kokeboka i år.  
Boka tek for seg historia til tedrikking, skikk og bruk kring måltidet "afternoon tea", korleis velje ut og koke te og sjølvsagt mange oppskrifter på både "sandwiches", kjeks og kaker. Alle oppskrifter har metriske mål, så dei er ikkje noko innvikla.

Det var to grunnar til at eg valde å prøve denne oppskrifta. For det første hadde eg ein diskusjon med ei venninne der vi er samde om at butikkane bør sette ned prisen på frukt og grønt som ikkje er 100% perfekt.  Eg fann ein pose overmodne bananar til 10 kroner.  Butikken ville nok ha kasta dei om eg ikkje hadde kjøpt dei.  For det andre er oppskrifta utan tilsett sukker og med sammale mjøl.  Når brødet/kaka skal serverast til diabetikarar er det ein fordel.

Eg har omsett oppskrifta og kome med eigne erfaringar i kursiv.
115 g smør, pluss til smøring av forma
1 ts (5 ml) natron
225 g sammalen kveite, fin(eg brukte Fibramjøl)
2 egg, piska lett saman
3 svært modne bananar
30-45 ml kokosmjølk eller soyamjølk (eg opna ein boks kokosmjøl, men tenker at det kanskje kan sløyfast)

1. Set omnen på 180 grader. Smør ei brødform.
2. Rør smøret kvitt. Ha nnatron i mjølet og tilset vekselvis med egga.
(dette vart svært fast, så eg kjem nok til å ha i ein banan eller kokosmjølk også neste gong)
3. Skrell bananane og mos dei godt med ein gaffel.
4. Ha i kokosmjølk/soyamjølk og bananar.  Rør saman.
5. Hell røra i forma.  Steik i ca 1 1/4 time. Stikk ein grillpinne eller ein spagetti i midten av kaka for å sjekke om ho er steikt. Avkjøl på rist.

Eg laga tre kaker/brød. Bananane var store, så eg brukte berre sju. Den eine kaka serverte eg til dessert då foreldra mine var her med krem og molter/bær i krydderlake.  Den andre vart niste til studentane, og den tredje berre forsvann! 

Bananbrødet er eit sunt og godt alternativ til formkaker! 


mandag 16. desember 2013

Peparkaker

Denne peparkakedeigen har eg laga fleire gonger. Oppskrifta høver godt å doble. Deigen er grei å arbeide med.  Mi erfaring er at paparkakedeig kan stå kjølig, men ikkje så kaldt som i kjøleskåp. Pyntinga har frøkna stått for.

1 1/2 dl smelta smør
1 1/2 dl mørk sirup
1 1/2 dl brunt sukker
1 1/2 dl sukker
1 1/2 dl kremfløyte
3 ts kanel
2 ts kardemomme
2 ts nellik
2 ts ingefær
1 ts natron
9-10 dl kveitemjøl

  1. Smelt smøret i ei lita panne.
  2. Mål opp sirup, sukker, fløyte og krydder i ein bolle.
  3. Ha i smøret.
  4. Sikt på kveitemjøl og natron.
  5. Arbeid deigen saman.  Dekk med plast og set kjølig til neste dag. Eit par timar i kjøleskåp tippar eg går bra om ein vil lage dei same dagen. På skulekjøkenet hender det vi set t.d. berlinarkransdeig i frysaren i 10 minutt.  Det er berre å prøve seg fram.
  6. Kjevl ut deigen, ca 3 mm, og stikk ut figurar.  Skal du lage hus, kjevlar du deigen noko tjukkare.
  7. Steik kakene midt i omnen på 180 grader.

Melisglasur:
1 eggekvite
melis til høveleg konsistens, ca 4 dl
1/2 ts eddik eller sitronsaft


  1. Sikt melis i ein bolle.
  2. Tilset eggekvite og eddik/sitronsaft.
  3. Ha glasuren i ein plastpose.  Klipp hol eller bruk kakepyntutstyr om du har.
  4. Dekorer kakene etter eige ønske.

søndag 15. desember 2013

Strull

 I dag har eg steikt ein dobbel porsjon med strull. Det er kaker som smaker godt til dei fleste dessertane i romjula.  Dei er utan egg, men med seterrømme.  Ein kjenner det i fingertuppane når ein har steikt dei! Samanlikna med krumkaker held strull seg lengre. 

Om ein ikkje liker rømmesmaken, noko eg meiner der det beste med kakene, ein bytte ut rømmen med kremfløyte.

3 dl seterrømme
6 ms (0,9 dl) sukker
4 ms (0,6 dl) kaldt vatn
150 g kveitemjøl.
  1. Pisk rømme og sukker stivt.
  2. Ha i kaldt vatn og sikt på mjølet.
  3. Steik kakene i eit krumkakejern.  Rull dei rundt skaftet på ei tresleiv.  
  4. Avkjøl kakene på ei rist.
  5. Oppbevar dei kjølig i ein tett boks.

lørdag 15. desember 2012

Mor Monsen

For meg er Mor Monsen ei julekake.  Og den er svært populær i heimen. Oppskrifta fann eg i ei gammal Samvirkebok.  Eg ser at ho er  godt brukt på den sida.  Oppskrifta er dobla, berre ikkje pynten.  Det vart fransk smør i år, og økologiske sitronar.

Det er ikkje så mykje arbeid å lage kaka, men det tek tid å røre smør og sukker.  Ein må og røre godt   mellom kvart egg.  Eg bruker å knekke egga opp i eit litermål, og så heller eg eitt og eitt egg i etter kvart.
500 g smør
500 g sukker

10-12 egg (mine var små, så eg tok 12)

rive skal av to sitronar (berre det gule)
600 g kveitemjøl
2 ts bakepulver

"Pynt"
75 g korintar
75 g hakka mandlar
2 ms perlesukker

1. Rør smør og sukker kvitt i ei stor kjøkenmaskin.
2. Ha i egga - eitt om gongen.
3. Ha i sitronskal og sikt på mjøl blanda med bakepulver.
4. Ha røra i ei bakepapirkledd langpanne.
(Gjerne den som høyrer til komfyren.)
5. Dryss over korintar, mandlar og sukker.
6. Steik kaka ved 200 grader ca 30 minutt.
(Eg set den på nedste rilla:)

I si tid har dette sikkert vore ei luksuskake.  Ho inneheld rikeleg med egg.  Ho er ikkje spedd med mjølk som andre formkaker.  Korintar og mandlar var vel heller ikkje slikt som ein flotta seg med til dagleg.  



søndag 25. mars 2012

Vaflar

Det er dagar for det meste.  I dag er det visst den store vaffeldagen.  Kanskje det vert årets første vaffelsteiking på altanen.  Vaflar er visst den meste vanlege kakesorten i Noreg.  Ein del vaffeloppskrifter er reine kakeoppskrifter med store mengder smør og sukker.  Det er ikkje nødvendig for å få gode vaflar! Under kjem ei grunnoppskrift.
5 egg
4 ms sukker
1 liter surmjølk
1 ts natron
7 1/2 dl kveitemjøl
1/2 dl smelta/flytande margarin/smør

Rør saman alle ingrediensane unntatt halvparten av mjølka.  Når røra er klumpefri, har du i resten av mjøla.  Røra må svelle minst 20 minutt før du steiker vaflane.

I vaffelrøre er det vanleg å kvitte seg med ulike restar av fløyte og rømme.  Vaflar vert mykje betre med surmjølk enn med søtmjølk, men har ein berre søtmjølk, kan ein ha i litt rømme.  Sjølv har eg i nokre ekstra egg og erstattar minst 1/3 av mjølet med sammalen kveite , fin.  Det finst også eit  grovt mjøl som er male endå finare som ein kan bruke.


Kva skal ein servere til vaflar, finst det vel mange ulike meiningar om.  Eg føretrekk lettsukra jordbær og/eller bringebær og lettrømme.

onsdag 21. desember 2011

Tørre vaflar

Oppskrifta på tørre vaflar eller kakevaflar står på baksida av nokre av potetmjølspakkane.

4 egg
250 g sukker
250 g smør eller margarin (smelta)
500g (1 pk) potetmjøl
1 ms bakepulver

1. Pisk eggedosis av egg og sukker.
2. Ha i smelta smør.
3. Ha i potetmjøl blanda med bakepulver.
4. Steik gylne vaflar.
5. Avkjøl vaffelplatene.  Brekk dei halvvlunkne vaffelplatene til hjarte.

Vaffeljernet bør vere godt.  Eg spraya mitt med olje mellom kvar plate.  Før i tida hendte det at eg steikte vanlege vaflar innimellom for at det som sit att skulle forsvinne inn i dei.

fredag 11. november 2011

Julemanna

Ein blogglesar har spurt om eg kan legge ut ei julemann oppskrift på bloggen.  I butikken går dei under namnet kakemenn. I fjor brukte eg ei ny oppskrift på skulekjøkenet.

Heime har eg brukt ei anna oppskrift som er litt større, og som har fleire ingrediensar.  Kjekvlar ein deigen tynt, får ein sprø kaker, og kjevlar ein han tjukt, får ein mjuke kaker.

Kakemenn/julemanna
150 g smelta smør
1 1/2 dl mjølk
1 1/2 dl vatn
4 1/2 dl sukker
1 egg
3 ms hornsalt
1 1/2 dl potemjøl
mjøl(sikta kveite) til passeleg deig
(eg meiner det er ca 1 kg, så begynn med litt mindre)

Bland alt saman til ein fin deig.
Kjevle ut deigen (del han opp) og trykk ut figurar.
Steik ved 200 grader i 8-10 minutt.

P.S.
Bildet er frå 2009.  Det vert nok minst ein månad til eg bakar julemanna i år?

onsdag 27. juli 2011

Solveigs sveler

Eg veit at mange bruker sveleoppskrifta på gamlebloggen min.  Sjølv sjekkar eg den også, for det er ikkje så ofte eg steiker sveler.  Men eg har alltid kulturmjølk og egg i hus om nokon skulle kome innom.

Kva skil den frå MRF-oppskrifta?
For det første så liker eg ikkje koppemål.  Eg irriterer meg over dei som skriv kopp eller putt når dei lagar kokebøker.  Det ligg vel til yrket mitt.  

Elles ser eg ingen grunn til å spare på egga.  I MRF-oppskrifta er der lik mengde hornsalt og natron, eg vil ikkje risikere at svelene smakar hornsalt.

Ein del oppskrifter på sveler i kokebøker, og slike som ein må lage der folk vil bestemme oppskrifta, inneheld altfor mykje sukker.  Då forsvinn dei andre smakane.
Sveler (20 stk)
6 egg
1 1/2 dl sukker

1 l kulturmjølk (mørk blå, kefir vert for tamt)
1 l kveitemjøl
1 1/2 ts natron
1/2 ts hornsalt

75 g (meieri!) smør
Rør saman ingrediensane.  Ein kan piske egg og sukker i maskina først om ein vil.
Alle rører bør stå og svelle 1/2 time.  Skal røra stå lenger, kan det vere lurt å vente med hevemiddelet.

Steiking
Eg har ei stor takke.  Den set eg først på fullt i 5 minutt, og så skrur eg den litt ned.  Ein legg ei og ei ause med røre. Svelene er klare til å snu når dei har bobler over det heile og fargen er fin.

Servering
Eg sverger til smør og sukker ...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...