søndag 15. desember 2013

Strull

 I dag har eg steikt ein dobbel porsjon med strull. Det er kaker som smaker godt til dei fleste dessertane i romjula.  Dei er utan egg, men med seterrømme.  Ein kjenner det i fingertuppane når ein har steikt dei! Samanlikna med krumkaker held strull seg lengre. 

Om ein ikkje liker rømmesmaken, noko eg meiner der det beste med kakene, ein bytte ut rømmen med kremfløyte.

3 dl seterrømme
6 ms (0,9 dl) sukker
4 ms (0,6 dl) kaldt vatn
150 g kveitemjøl.
  1. Pisk rømme og sukker stivt.
  2. Ha i kaldt vatn og sikt på mjølet.
  3. Steik kakene i eit krumkakejern.  Rull dei rundt skaftet på ei tresleiv.  
  4. Avkjøl kakene på ei rist.
  5. Oppbevar dei kjølig i ein tett boks.

6 kommentarer:

  1. Eg har laga strull nokre gonger, og i motsetnad til krumkakene smakar dei godt-med rømme! Naboen vår krøllar dei som krumkaker, det er sikkert betre for fingrane.

    SvarSlett
  2. Det kan ein sikkert gjere, men då må ein gjere folk merksame på at det ikkje er krumkaker kanskje. Eg har planlagt moltekrem til julafftan. Då smakar strull best til?

    SvarSlett
  3. Såg gode ut. Kva grunn er det at strull held seg betre skal tru?

    SvarSlett
  4. Ikkje veit eg, men derer ikkje egg i. Der er sjølvsagt fleire oppskrifter på krumkaker. Eg bruker berre " eggenes vekt"

    SvarSlett
  5. Kanskje eg skulle prøvt oppskrifta di.
    Eg laga strull i fjor, men dei var håplause å få rulla, og berre nokre få
    heldt fasongen. Småbitane var gode, men det var liksom ikkje slik eg tenkte det.
    I år laga eg vanlege krumkake, men rullar dei slik du gjer her.
    Eg er ikkje så god med dissa spissa...

    SvarSlett
  6. Ein må ha eigna reiskap. Mi oppskrift er ei gammal som eg har rekna om til ein rømmeboks, noko eg synest er mest praktisk.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...