mandag 2. desember 2013

Bok 54: Dødens disippel

Dødens disippel er den andre boka i serien med kriminalpsykologen og profileringseksperten Sebastian Bergman. Den første romanen Mannen som ikke var morder rakk eg akkurat å lese før filmen kom på norsk TV. 

Dødens disippel kjem Sebastian inn i etterforskinga av seriedrap som vert utført på same måte som seriemordaren Edward Hinde gjorde for 15 år sidan då Sebastian Bergmann fekk han sperra inne.  Her tenkjer kanskje blogglesarane som eg: Dette har vi høyrt før! Eg kjenner og eg vert oppgitt då Hinde har fått smugla inn eit modem som gjer at han kan vere på nett i fengselet og styre andre.  Her får forfattarane lagt inn eit sleivspark til myndigheitene som skal spare pengar på vakthald.

Når dette er sagt, så greier forfattarane å bygge opp ei spennande historie.  Dei som vert myrda, har nemleg alle hatt eit forhold til Sebastian.  Vi vert kjende med fleire av desse kvinnene.  I tillegg oppdagar Hinde at Sebastian er far til Vanja, noko han veit, men ikkje ho.  Sebastian har drive og spionert på henne utan å vite at ein annan spionerer på han.

Gåta vert løyst, men romanen sluttar svært brått.  Eg måtte inn på mora mi si side.  Ho skreiv det same.  Så gjekk eg inn på nettet og fann ut at der var berre 13 CD-ar.  

Kjem eg over fleire bøker i serien, for det må berre kome, kjem eg til å lese dei!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...