fredag 27. desember 2013

3. juledag 2013

 I dag stod Oslostudenten tidleg opp og for på jobb.  Eg har eit utsett arbeid som eg hadde bestemt dato for.
Eg kjøpte garnet til genseren på valdagen, så no var det på tide å grave genseren fram frå handarbeidskorga.  Som de ser, har eg plukka opp masker til halsen.  Eg har strikka saman fram- og bakstykket.  I dag sydde eg saumen i halsen og dei to saumane for ermane.  Slik sying og oppklipping treng eg dagslys til. Men då eg var ferdig med symaskina, fann eg ut at eg ville gå meg ein tur og nyte dagslyset etter fleire dagar inneliv. I ettermiddag har eg sydd til halsen og tråkla fast ermane.  Så får eg ta meg på tak og sy dei pent i ein gong i næraste framtid.

På menyen i dag stod det omnsbakt kveite og fiskebollar i kvit saus. Då vart det noko for einkvar smak. Til dessert vart det blautkake som mor mi har laga.

2 kommentarer:

  1. Ynskjer deg gode romjulsdagar.
    O fekk boka som mannen din har skrive, i julegåve.
    Ved matbordet i dag fortalde han frå frå boka til små og store. Høyrest interessant ut !
    Ynskjer deg og dine gode romjulsdagar !

    SvarSlett
  2. Takk for det. Kjekt de finn boka interessant!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...