onsdag 25. desember 2013

Kjensla av 1. juledag



Før i tida sneik vi oss liksom ut på 1. juledag og håpa å finne nokre naboungar å leike med.  For det var ikkje folkeskikk å ringe på hos andre, slik vi måtte gjere for å møte vener. No er venene på facebook, og ein kan arrangere hendingar på ein blunk. I dag stod ungdomane relativt tidleg opp til fotballtrening før romjulscupen "Graendacupen".

Likevel vert vi rådde til å vere inne.  No på grunn av veret.  Det er mildt ute, og husa ristar i vinden.
Den store julefrukosten som det kan sjå ut som alle storfamiliar et saman, eksisterer ikkje her.  God mat har vi, men ein et frukost når det høver.  Eg kosa meg med Schakendainspirerte grovbrød med tørka frukt.  Til slik bakst har eg ein surdeig ståande i kjøkeskåpet som eg tek fram og matar,  Litt vanleg gjær er det i brøda og.
Dukmysteriet er enno ikkje løyst, men eg kjøpte meg to nye dukar til 1/2 pris på Prinsess "lisjejulaftan".  Eg strauk dei og la dei på borda i "nyestova" i dag.

Elles hadde eg eit julehandelforsett om at eg ikkje skulle kjøpe nye serviettar til jul.  Juleserviettsamlinga mi er stor nok, for å seie det slik. Men eg fall for freistinga og kjøpte ein pakke på Christiania Glassmagasin, dei og til 1/2 pris.

1. juledag er den dagen ein kan kose seg med gåvene sine.  Eg har fått mykje fint.  No skal eg legge på nye, reine sengeklede. I tillegg til ei ny, velfylt toalettveske har eg fått mykje godt å ete og drikke.  Ikkje alt kjem på bloggen, men nokre bøker vil nok dukke opp etter kvart.  Det vert nok både potetball og nye brød, skal de sjå!

Ei fortsatt god jul til alle blogglesarar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...