torsdag 5. desember 2013

Vent, vent - det er berre advent

Då eg nemde for mor mi at eg synest denne løparen er så fin.  Då eg var lita, kunne eg ikkje tenke meg noko finare! Desse stiliserte englane er vel typisk 70-tal. Den tida levde vi ikkje i overflod som no. Det var ikkje mi meining å tigge, men no har altså duken kome hit.

Det er ein del snakk om julegåver for tida. Eg merkar meg at dei som er 10-15 år yngre enn osws nok kjøper dyrare gåver til sine born enn vi gjorde.  Ein gong på slutten av 70-talet erklærte systra mi at det vart ikkje jul viss ho ikkje fekk 64 crayola. Så hadde vi noko å plage henne med i adventstida. (Eg vil ha ein del av æra for at ho har vorte så tøff som ho er.)
Ho fekk fargestiftane og vart lykkeleg.  Tidlegare var det øskjer med 12 fargar i som var vanleg.  Var ein heldig, fekk ein 24 fargestiftar, då med finefargen (raudlilla) og froskefargen.  Moglegheitene vart fleire når ein skulle teikne og fargelegge. 

Jula handlar om tradisjonar.  Vi som har levd ei stund har mange minne, og så er vi med på å skape nye for andre!

  

5 kommentarer:

  1. Den løparen er sliten og eg har reparert den på ein heller ufin måte, så eg er glad for at du tek vare på den. Eg brukte å ha den på kateteret i adventstida, og etter skulen var slutt, var den heime. Hugsar at då eg kjøpte den kosta den 2kr pr.motiv. Hugsar også at M.forkynte at viss ho ikkje fekk 64 fargestiftar, vart det ikkje jul. Eit anna år var det "Engler med skit på vingan" som skulle sørge for julestemninga.

    SvarSlett
  2. Fint å ta vare på tradisjonane.
    Viktigare til eldre ein blir.

    SvarSlett
  3. Eg kan roe dykk alle ned med at no vert det jul uansett, men dei fargestiftane hadde eg mykje glede av!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg og, synest eg å hugse ...

      Slett
    2. Eigentleg fekk eg lyst på eit nytt sett no...

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...