torsdag 12. desember 2013

Nytt strikketøy!

 Eg fall for freistinga.  Det vart til at eg kjøpte meg eit nytt strikketøy.  Oppskrifta tenkte eg skulle vere enkel utan noko montering. Der tok eg feil.  Vesten, den til venstre på høgre sida med ein knapp i, skulle strikkast over skuldrene og ned att. Då må framstykka strikkast for seg, og ein må sy saman i sidene. Og vert mønsteret likt opp-ned?

No har eg lagt ein ny plan.  Eg har tenkt å strikke vesten saman på skuldrene.

 Mønsteret såg eg og litt svart på.  det var hakket før eg la det ut på strikkesida for å få hjelp.  Men det er rart med det.  Når ein str midt i det, går ofte lyset opp.  Rett nok bør ein lese over mønster, men eg trur ikkje ein kan rekne med å forstå alt på førehand.
Elles må eg seie at eg likte godt desse sidene i heftet.  Der har ein tatt plagga av modellane og vist dei fram på ei byste.  (Eller kva det no heiter.)

Eg synest den blå jakka og er fin. 
De an sjå heftet her.

2 kommentarer:

  1. Det var eit fint hefte. Ser fleire modellar eg kunne ha tenkt meg å strikke! Fin farge du strikkar med.

    SvarSlett
  2. Eg og kan tenke meg å strikke fleire, viss det då ikkje dukkar opp eit nytt og meir freistande ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...