lørdag 18. august 2012

Jam versus Certo

I dag har eg drive seriøs forsking igjen, så seriøs som ein kan på eit amatørkjøken.  Bakgrunnen for at eg sette i gang, var at eg synsa litt i fjor.  Eg syntest at rørt syltetøy vart stivare med Certo frysepulver enn med Jam syltepulver.  Ei venninne av meg meiner at Certo set smak på rørt sylte.  Eg har i grunnen halde meg til Jam tidlegare.

Eg vog opp 2 kg rips og 750 g sukker (litt meir enn 7 1/2 dl som eg brukte i fjor, oppdaga eg etterpå) og 1 pakke pulver.  Eg heldt på med dette medan eg laga middag.  Så eg berre merka glasa og sette to av dei i kjøleskåpet.

Resultat

Konsistens:
Syltetøyet med Certo vart tjukt medan eg rørte det.
Syltetøyet med Jam vart ganske rennande då eg hadde det i glasa.

Etter nokre timar i kjøleskåpet var det mindre skilnad på konsistensen.  Syltetøyet med Jam hadde blitt ganske tjukt, men ikkje fått så fast konsistens som det med Certo.

Smak:
Eg synest det var ganske stor skilnad på smaken.  Syltetøyet med Jam smakte mykje friskare.  Eg meiner venninna mi har rett der!
Konklusjon
Eg kjem til å halde meg til Jam frysepulver i framtida.  Smaken er best, og det er vel tjukt nok.  Kanskje ein kunne prøve med ein pakke pulver til 1 1/2 kg bær.

Kva meiner blogglesarane?

P.S.
Til kokt syltetøy har eg heilt gått over til fruktpektin i grøn Certopakke.  Det var den same venninna som først tipsa meg om det.

24 kommentarer:

  1. Det vesle eg syltar har eg brukt Jam-men litt meir enn det som står i oppskrifta. Likar ikkje att syltetøyet blir altfor flytande. Det med smaken har eg ikkje tenkt på.Bra at du forskar og deler resultata slik at adre slepp å prøve seg fram. Snakka med folk på det nye samvirke i dag, dei hadde ikkje funne syltepulver. Men på Bunnpris fann dei med ein gong. Eg har bestemt meg for å ikkje handle på den butikken. Av prinsipp.

    SvarSlett
  2. Ja, ein må berre prøve seg fram. Det meiner no eg. Det er slik ein lærer. Synest det er rart at dei får ha to matbutikkar på eit så lite senter. Elles synest eg generelt at matbutikkane er for like.

    SvarSlett
  3. Takk for tipset.
    Eg har alltid litt motvilje mot å bruke tilsetning i syltetøyet, difor blir det mykje sukker.
    Men eg skal ta imot rådet ditt når eg skal lage bringebærsylte, både rørd og kokt.

    SvarSlett
  4. Det kan hende at sukkeret er minst like usunt. Ein får studere tilsetjingsstoffa på baksida av pakkane. Mange av dei finst naturleg i frukt og bær, som fruktpektin. Eg trur eg begynte med Jam av den grunn.

    SvarSlett
  5. 1 1/2 kg bær til Jam syltepulver (ikke frysepulver) fungerer veldig bra synes jeg ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har ikkje testa syltepulvera opp mot kvarandre smaksmessig. Kanskje ein idé!

      Slett
  6. Eg har alltid brukt Certo fruktpektin til sylte/gelè og Certo frysepulver til rørt sylte. No måtte eg prøve Jam. Laga solbærgelè nett no, men måtte bruke dobbelt så mykje Jam fruktpektin som det stod på pakka, men smaken vart god.

    SvarSlett
  7. Jam fruktpektin har eg ikkje sett i butikken før no. Eg har alltid brukt grøn Certo. Sist eg handla, hadde dei berre Jam. Eg brukte den til plommesylte og tips/bringebær. Då oppførte den seg heilt normalt. Kanskje eg bør ta ein skikkeleg test?

    SvarSlett
  8. Det vart fortvilelse hos ei tante av meg og meg sjølv då vi oppdaga at Certo frysepulver har gått ut av sortimentet til Mondelez- Norge (Freia). Dei har ikkje lenger lisens på produktet i Norge. Tante og eg har brukt Certo i årevis! Syltetøyet blir fyldigare enn med Jam.I år fekk eg tak i nokre posar med Certo, men måtte bruke Jam frysepulver på ein porsjon bringebær. .. som vart tynn! Neste år blir det vel Jam, men her har eg no fått tips om å bruke ein pose på 1,5 kg bær og ikkje 2kg😊. Det blir spennend!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei.
      Jeg har også brukt Certo i mange år fordi jeg synes at både smak og konsistens er best. Jeg har fortvilet prøvd å skaffe Certo fruktpektin og frysepulver, uten hell. Dersom noen finner ut hvordan jeg kan få tak i Certo, er jeg takknemlig for tips.
      Bjørg

      Slett
  9. Merkeleg at det ikkje skal vere i sal! Eg har planar om å teste fruktpektinane og samanlikne dei når eg kjem heim!

    SvarSlett
  10. Koker 40-70 liter plommesyltetøy i året + annet på andre bær og frukter. Alltid fortrukket Certo fordi det gir tykkere syltetøy enn Jam. Konsistens er viktig når syltetøyet skal på brødskiven. Selv i havregrynene til frokost liker vi litt stivt syltetøy framfor suppen vi får med Jam. Freia får skjerpe seg og få igjen lisensen på Certo. Vi får sende de kundehenvendelser og etetrspørre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, no er det ikkje noko Certo att i butikkane. Då fall vitsen vekk md testing, tenkte eg. Men viss eg kjem fram til at Cert fruktpektin er best, er det eit argument i debatten. Eg har ein pakke Certo fruktpektin att. Eg bør sjekke det før vi syltar på skulen, så eg veit om eg må bruke meir pulver.

      Slett
    2. Jeg støtter en slik kundehenvendelse. Mange jeg snakker med er like fortvilet som jeg. Vi trenger å få tilbake Certo i butikkene.

      Slett
  11. Har alltid brukt Certo med godt resultat. Certo syltepulver fungerer fint selv om en varmer bæra opp til 60 - 70 grader C. Bruker lab. termometer. Må ikke finne på å koke bæra da kvaliteten synker mye. Plommer og epler må en koke, men bringebær, jordbær, blåbær og multer blir best ved temperatur 60 - 70 grader. Rørd syltetøy med certo frysepulver blir også veldig bra. Må nå bruke jam og det er nedtur.

    SvarSlett
  12. Kokt syltetøy står seg i månadsvis i matboda. Kor lenge held de oppbarma til 60-70 grader seg? Frys du den?

    SvarSlett
  13. JAM kan ikke sammenlignes med Certo i blå pose. Certo er meget bedre enn Jam. Selv om man bruker dobbelt så mye Jam blir ikke syltetøyet tykt nok.
    Uforståelig at produsenten ikke lengre lever Certo som jeg har brukt i mange år tidligere.
    Oppfordring til produsenten: Fortsett å produsere CERTO!!
    Hilsen
    Arvid

    SvarSlett
  14. Noen som vet om det er mulig å få certo frysepulver i Sverige eller Danmark?

    SvarSlett
  15. Har brukt blå Certo (frysepulver) i flere 10-år, men har i de siste årene slitt med å få tak i det! Synes også smaken blir bedre med Certo enn Jam, men nå skal jeg jammen prøve begge deler. Jeg har imidlertid funnet et dansk produkt som ligner Certo: Tørsleffs Frysepulver (tror det var på Rema 1000). Det er jeg godt fornøyd med! De inneholder modifisert stivelse, Xantangummi og sukker.

    SvarSlett
  16. Er fortvilet over å måtte bruke jam. I fjor laget jeg kokt bringebærsyltetøy med jam, og det smakte ikke godt. Nå rører jeg jordbær med jam, og det blir ikke særlig stivt. Jeg vil ha CERTO tilbake🙏🙏🙏😥

    SvarSlett
  17. Vær så snill å få tilbake certo ,både sylte og frysepulver .De to andre merker blir ikke tykke nok .Vil gjerne lage mitt eget syltetøy og frysebær igjen etter mange år med certo .VÆR SÅ SNILL

    SvarSlett
    Svar
    1. Bruk Törslefs frysepulver, fungerer like godt som Certo, og er nå tilgjengelig hos de fleste butikker (har sett hos Coop og Rema iallfall) 😊

      Slett
  18. Jam inneholder karragenan.
    "Derfor fjernes karragenan fra mange matprodukter nå"
    "Vi.no har tidligere skrevet om at karragenan innebærer en mulig risiko for mennesker. Det er blitt vist at karragenan i kosten til marsvin, kaniner, mus og rotter har ført til tarminflammasjon. Karragenan i kosten kan også utløse tilbakefall av aktiv sykdom hos personer med inflammatorisk tarmsykdom."

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...