onsdag 5. januar 2011

Byggris

 Under mottoet "Det som er kjøpt til jul, skal gå med til jul" og med inspirasjon frå Alt godt, leita eg fram forskjellig frå skap og skuffer.  Til woken serverte eg vanleg ris og byggris.

Byggrisen fann eg på Prix før jul då eg leita etter noko anna.  Byggrisen smakte som bygg.  Eg synest det var godt til wok som smakar så mykje i seg sjølv.  Det mest positive med produktet er at ein føler seg mett i lang tid etter måltidet.  Ein slepp at det gneg i tarmane etter kort tid.  Ungdommane i familien var meir skeptiske.

No er ikkje eg nokon stor tilhengar av boil-in-bag, i alle fall ikkje til store familiar. Men viss det vert berre eg som skal ha byggris i staden for ris, er det no greitt.  Vil ein vere meir økonomisk, kan ein no legge byggryn i blaut dagen før.  Koketida vert noko lengre sjølvsagt.

8 kommentarer:

  1. Dette var nytt produkt for meg! Det er vel sunnare enn kvit ris, i alle fall? Fann forresten heile bygg-gryn på Rema på Sandane i dag, så eg lyt prøve den desserten. Kjøpte ein kalkun også, det er nr. 3 på kort tid. Billeg og sunn mat, og så har ein middag ei stund!

    SvarSlett
  2. Wenche brukar Byggris på God morgen Norge i dag.
    Men ho peikar på det paradoksale i namnet Bygg-RIS. Det er jo ikkje ris, men byggryn. Eg ser berre på programmet i forbifarten, men registrerte at ho brukte "Byggrisen" i grønsaksuppe.(Då slepp ein å hugse å bløyte.)

    SvarSlett
  3. Eg synest denne byggrisen passar best til få. Eg kjem til å koke ein pakke til meg sjølv, så får dei andre ete kvit ris. Skal eg koke det til alle, kan eg like godt legge byggryn i bløyt. Restane kan ein vel koke graut av, akkurat som risrestar. Eg anbefaler byggryn til wok!

    SvarSlett
  4. Eg var så heldig å få lage mat i lag med verdens nest beste kokk (!), og han laga ein risotto med byggryn, og det var NYDELEG godt! Kokken heiter forøvrig Tom Victor Gausdal.

    Eg er ikkje glad i dette "boil in bag"-prinsippet, og kjøper alltid mine byggryn i "lausvekt"!

    SvarSlett
  5. Eg trur byggryn held på å bli "in", sikkert takka vere frukost-Tv og kjendiskokkar. Dette er vel kortreist, norsk mat.
    På 80-talet då eg gjekk på heimkunnskap hugsar eg det var sagt at havreforbruket i Noreg vart dobla pga slike kampanjar.

    SvarSlett
  6. Eg skreiv om dei i bloggen då dei kom, og oppmoda produsenten om å lage dei i ein versjon der du droppar kokeposane. Eg klipper gryna ut av posane, og lagar dei til som bulghur. Dei er veldig gode kokt i buljong, med løk, paprika og korintar, til dømes.

    SvarSlett
  7. Her! http://altgodt.wordpress.com/2009/03/25/mitt-fotavtrykk/

    Det låg visst langt attende i tid. :-)

    SvarSlett
  8. Eg har sikkert lese det - og gløymt det. No har i alle fall produktet kome i hyllene her og! Eg støttar forslaget om forkokte gryn utan posar!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...