lørdag 1. januar 2011

Blogging 2011- Time will tell

Dei siste åra har eg kome med ei lita bloggerklæring ved nyttår. Les gjerne her:  2009   2010

I november måtte eg anten betale for meir plass til den gamle bloggen min, eller lage ein ny.  Eg bestemte meg for å starte på nytt og gjere bloggen meir til min eigen.  "Solveig si side" er ikkje så mykje ein familieblogg, trur eg.  No må det nok seiast at familien er mine ivrigaste lesarar.  Men når det gjeld tema, vel eg å skrive ut i frå eigne interesser og meiningar.

Solveig si side
Bloggen skal vise ulike ulike av meg, men ikkje alle.  Eg held vener utanfor.  Etter at eg kom på Facebook, har eg vorte bevisst på at det ikkje skal gå an å følgje mine skritt fullt ut.  Det vil seie, turane mine på biblioteka vert dokumentert for å hjelpe meg å vite kva bøker eg har på lager.

Veit de forresten kva garpegenitiv er?  Når slekta er samla i Ørsta, har brorparten av dei vaksne grunnfag i norsk.  Eg var den einaste som ikkje kunne svare på dette quizspørsmålet!  Garpegenitiv er den typen genitiv vi brukar i nynorsk når vi skriv Solveig si/sitt/sine.  Elles kan ein både i nonorsk og bokmål nytte "vanleg" genitiv (Dei har vel eit namn på det og?) Solveigs ...

Kongen og eg
Vi sat her og såg Gutta på tur med kongen som turfølgje.  Då la eg merke til ein ting ha sa: Når dei vert matleie, ber dei om fiskebollar!  Det serverte eg som ein av rettane 3. juledag fordi det var det eg hadde lyst på.  Matoppskriftene på bloggen min er enkle. Eg deler gjerne oppskrifter som høver for skulekjøken med andre.  Det er sjølvsagt kjekt å få tilbakemeldingar som: Den sveleoppskrifta di er veldig god.  Den toppar også "Mest lese" på gamlebloggen.

Brødbaking
Det kan periodevis bli mykje av ein type innlegg på bloggen.  Gjærbakst er kanskje det eg liker best av all matlaging.  No har eg tatt ein liten pause, men eg kjem nok sterkt tilbake.  Surdeigen lever, for å seie det sånn.

Sonja og eg
Eg viser ikkje fram heile huset mitt.  Når eg har pynta middagsbordet, høver det godt å ta eit bilde.  Det har eg høyrt at dronninga gjer.  Elles er det ikkje noko kongeleg over borda.  Med ein viss sjølvironi gir eg ofte opp prisar på enkelte ting, eller som ein gjer når ein har vore på sal: -%.  Når det ligg ting på sal rundt om i butikkanes, som til dømes lys og serviettar, dett dei nemleg ofte opp i handlekorga mi.

Dagens duk er ein teflonduk som eg kjøpte rett før jul i fjor på halv pris på Kid.  Kubbelysa i juletrefasong og serviettane kjøpte eg på Nille til -70%.  Sjokoladehjerta fann eg på same butikk til full pris.
Handarbeid
Hobbyen min før i tida var strikking og anna handarbeid.  Dette har det vore lite av dei siste 18 åra.  Ein senebetennelse i ei skulder sette ein stopppar for det. I fjor begynte eg å strikke vottar.  Viss eg tek det med ro, kan det hende det kan bli litt meir avansert strikking i åra som kjem.  Eg kallar det mi skjulte side fordi eg trass alt er utdanna handarbeidslærar.  Året etter måtte ein ha like mykje sløyd og teikning som handarbeid på lærarskulen.

Teljarar
Ein ny funksjon som har kome på bloggen, er desse "mest lese-listene". Dei er litt artige å følgje med på. Nokre overraskingar har dukka opp.  På gamlebloggen er ca 400 innom i veka etter at eg har slutta å skrive der!  Rett nok viser eg til den av og til på denne bloggen.  Etter jul var alle brødbakemaskininnlegga mine på "Mest lese dei sju siste dagane".  Det viser vel kva folk har fått til jul?  Talet på treff, som det vert kalla, var like mange i 2009 og 2010. Desse teljefunksjonane står på fordi eg synest det er artig å sjå kva folk liker å lese, og så viser dei korleis folk dett inn på bloggen.


Litteratur
I fjor las eg 59 bøker mot 76 året før.  Kva har skjedd? Eg les nok ein halv time mindre om morgonen enn før.  Den tida eg brukte til å rigge meg til før 1.-3. time på skulekjøkenet er vekke.  Timane er no lagde til 4.-6. time, stort sett.  Elles har eg nok jobba meir frå hausten 2009.  Tida vil vise om det vert meir eller mindre lese i 2011.  Bokmeldingar vil det bli, nokre meir grundige enn andre.

Då står det att å ønskje alle bloggarar og lesarar eit riktig godt nytt bloggeår!

PS
Eg kjem attende til "Årets bok".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...