Eg har lova ein blogglesar å legge ut enkle oppskrifter på bloggen - slikt som ungdomar kan greie å lage. Og kva er vel enklare å raskare å lage enn fiskerettar?
FISK I LØK- OG PAPRIKASAUS
2 porsjonar
1/2 løk i skiver
1/2 paprika, i strimlar
1 ms olje (eg bruker smør)
1 ms kveitemjøl
1 dl vatn
1 dl matfløyte (eg bruker kremfløyte ev. blanda med mjølk)
1/2 fiskebuljongterning
300-400 g sei eller torsk
salt(1/2 ts) og pepar (1 krm)
1. Skyl og rens løk og paprika.
2. Varm opp oljen i steikepanna. Set til løk og paprika og surr til løken er mjuk og blank.
3. Dryss over mjølet og set til buljongterning, vatn og fløyte.
4. Legg fiskestykka i sausen og lat dei trekkje ca 10 min.
Eg kokte mandelpoteter til fiskegryta i dag. Ris høver godt til. Elles rydda eg litt i kjøleskåpet. Der fann eg brokkoli og blomkål. Blomkål passar til det meste ein serverer poteter til. Nokre gulrøter, ein sitron, nokre mandarinar, appelsiner og eple gjekk rett i juspressa. Vi kom fram til at det vart "elleve om dagen", ikkje 150 g av kvar frukt/grønnsak til kvar rett nok.
Andre rettar av sei finn de på gamlebloggen min.
Sei i tomat- og urtesaus
Sei i karrisaus
Omnsbakt sei
Fisk på grønnsakseng
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar