mandag 24. januar 2011

Bok 4: Biografien om Camilla Collett

 Dette er kanskje eit innlegg i serien om sære interesser.  Men dette er ei perle av ei bok.  Eg fann boka uregistrert på skulebiblioteket fredag, og snappa henne med meg i sekken. Det kan sjå ut som boka er ei gåve frå folkebiblioteket.  Biografien er skriven for ungdom, men eg torer å påstå at den høver best for norsklærarar eller andre litteratur og/eller historieinteresserte.  Ein lærer mykje om samtida gjennom å lese livshistoria til Jacobine Camilla Wergeland.
Og her er mykje å lære.  Vi blir kjende med den unge Camilla, som ho vert heitande, og familien hennar.  Kjærleikshistoria med Welhaven vert utdjupa, og vi får eit meir nyansert syn på Jonas Collett.  Camilla Collett vart enke i ung alder med fire søner.  Berre eitt år etterpå reiste ho til København og byrja på Noregs første roman "Amtmannens døtre".  Vi las utdrag av denne romanen då eg gjekk på ungdomsskulen.  Eg hugsar det enno.  Seinare las eg heile romanen då eg studerte norsk.

Eg har sansen for faktabøker for barn og ungdom.  Dei er skrivne enkelt, og inneheld ofte rikeleg kunnskap innan eit emne.  Får eg tak i dei andre bøkene på omslaget, så les eg dei etter tur!

2 kommentarer:

  1. Det kan godt hende at denne boka ville vere interessant, men Norges første roman Amtmandens døtre er til dags dato det kjedeligaste eg har lese. Og den ber tydelig preg av at ho fekk betalt pr.side.Eg blei "tvinga" til å lese den då eg studerte norsk.

    SvarSlett
  2. Du får kortversjonen av Amtmannens døtre i denne boka. Den var forresten gitt ut delar. Folk venta i spenning og forlangte nesten "happy end", noko ho ikkje kunne gi lesarane.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...