søndag 2. januar 2011

Årets bok 2010

I 2008 var det ikkje vanskeleg å kåre årets bok.  Dei som ikkje har lese "Tett inntil dagene" har ei fantastisk bok til gode.  I fjor sleit eg. Og kva med 2010?
Viss ein liker å lese om noko som er sant og demed lærerikt, så kalla eg denne boka fæl og fengjande. Klikk dykk inn og les kva ho handlar om.

Eg les mykje krim, og av krimforfattarar vil eg dra fram Mo Hayder.  Eg har lese fleire av henne i 2010.  Bøkene er passeleg "grusome" etter min smak.

Likevel vil eg kåre denne som årets beste krimbok.

Årets bok 2010 er trilogien om Kristin Lavransdatter som eg las om att etter 28 år.  Dette skreiv eg om Kransen, Husfrue og Korset. Sigrid Undset fekk nobelprisen i litteratur for middelalderromanane sine i 1928. Dette er klassikarar eg vil anbefale alle å lese, eller lytte til som eg gjorde denne gongen.

2 kommentarer:

  1. Eg kunne godt ha kåra Tapte døtre til den boka som har gjort mest inntrykk på meg, men eg valde altså Karl Ove. KL har eg ikkje lese i 2010, og krimromanen har eg til gode.

    SvarSlett
  2. Karl Ove har eg tilgode. Vurderer å lese Markens grøde samtidig. Krimromanane tilJAO har eg lese i papirutgåve.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...