mandag 17. januar 2011

Bok 3: Postcard killers

Det har vorte populært for to forfattarar å slå seg saman for å skrive krim.  Denne  boka fekk mykje merksemd då ho kom ut, men heller dårlege kritikkar.  Dei som kjenner meg, veit då at det ligg an til positiv overrasking.

Eg synes starten var litt treig.  Det starta med ei slags løysing, trudde eg.  Det at det kjem ein amerikansk politimann som er far til eine offeret, frå USA til Europa for å drive etterforsking, har eg heller ikkje sansen for i utgangspunktet.  Men vi begynner å like både han og den kvinnelege journalisten.  Ein kan nok tenke seg kven som har skrive/funne opp kva.  Boka er godt oppbygd.

Kriminalgåta er seriemord av unge par utførde på ein bestialsk og intelligent måte. Drapa skjer i ulike land, og etter kvart finn dei ut at lika er danderte etter kjende kunstverk.

Før du veit ordet av det, vert du hekta.  Boka er spennande.  Eg har vore inne på bokkilden og gitt ho fire stjerner.

3 kommentarer:

  1. Eg likte ikkje denne boka noko særlig. Spesielt ikkje løysinga, den var ikkje sannsynlig i det heile tatt.Eg hadde gitt toppen tre stjerner.

    SvarSlett
  2. Det er derfor eg tek atterhald. Eg hadde låge forventningar, men vart hekta, og det er og ein kvalitet.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...