onsdag 26. januar 2011

Bok 5: Krevjande krim.

Eg bruker å like Harlan Coben sine krimbøker, og denne er for så vidt ikkje eit unntak.  Ein vert dradd inn i historia, og romanen reiser mange interessante problemstillingar.

Problemet ligg kanskje nettopp der.  Dette er krevjande krim, kanskje spesielt om ein høyrer lydboka.  Men mange trådar som skal nøstast saman, krev dette full konsentrasjon.  Besta hadde åtvara om dette på førehand, så eg var budd.

Denne bokmeldinga seier mykje av dette.  Ein får tolke det meldaren seier om slutten.  Eg vart sånn passeleg fornøgd.

På bokkilden såg eg at der hadde vore ein person og gitt ei stjerne.  Det var ikkje eg.

1 kommentar:

  1. Ser at du meiner om lag det samme som eg. Det er med denne boka som med mange krim-romanar- det begynner bra, men så rotar forfattaren seg inn i alt for mange trådar.Løysinga blir liksom eit antiklimaks.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...