søndag 31. desember 2017

Godt nytt år!

Eg vil ønske alle blogglesarar eit riktig godt nytt år! 

I dag tidleg tok eldstemann, journalisten, fly til Alta der han skal jobbe for NRK.  Det skal bli spennande både for han og oss! 

lørdag 30. desember 2017

Romjulsal

Ein erfaren shoppar veit omtrent kva ting kjem til å koste i romjula. I går vandra eg litt rundt i næraste by.  På Nille kjøpte eg nokre dekketallerkar til rundt 50 kr - til saman.  Det kan no vere kjekt med litt farge på bordet. Elles må eg tilstå at serviettsamlinga ikkje har krympa denne jula heller. 

Kva elles kjøper ein? Eg oppdaga til dømes at deodoranten min var nesten tom, og då er det kjekt når gåvesetta er halv pris ...

Bok 51: Kvinnen i lugar 10

«Kvinnen i lugar 10» er en intens og klaustrofobisk krim, som ikke slipper taket i deg før siste side er lest.

Reisejournalist Jo Blacklock får drømmeoppdraget. Hun skal være med på et luksuscruise til de norske fjordene og skrive om det i reisemagasinet hun arbeider for.

Men reisen får en bråvending da Lo våkner av et skrik midt på natten, og fra lugarvinduet sitt ser hun en person bli kastet over bord. Lo slår full alarm, men det viser seg at ingen er savnet, verken blant personalet eller gjestene. Hun blir usikker og forvirret; har hun drømt det hele? Eller er hun fanget på båten med en morder - og som eneste vitne til en forbrytelse?


Eg bruker å lese ferdig bøker eg har begynt på.  Denne heldt hardt ei stund.  Etter mi meining vert det mykje prat.  Når eg no les om romanen, ser eg at det er ein psykologisk thriller. Slutten kan kanskje legitimere det.  Men to tankar slår meg; Ville ein mann like denne romanen? Ville den vorte omsett til norsk viss handlinga ikkje var lagt delvis til Norge?  Terningkast 3 frå meg.

fredag 29. desember 2017

Sjur Olai Trovåg - ein av dei 12

1. juledag var store delar av slekta mi på premieren til storfilmen Den tolvte mann. Det har knytta seg ein del spenning til filmen. Vil vi få vite meir om onkel Sjur, bror til farfaren min, som var ein av dei 12? Då vi fekk vite at skodespelaren som hadde fått rolla som han, kom frå Lærdal, tenkte vi han skulle få ein replikk eller fleire. Det fekk han ikkje. Men det gjekk fram at han var den første som vart forhøyrd og torturert - og at han heldt tett.

Eg hadde ønska å ...få lære meir om forhistoria, altså om sjølve sabotasjeoppdraget.

Alle har vore samde om at filmen var spennande frå byrjing til slutt. Det er flott at hjelparane har fått sine historier dokumenterte. Vi meiner og at terningkastet/karakteren er 5.

Øystein har skrive ein tekst med Sjur Olai Trovåg si historie. Eg reknar med at det kan vere interessant lesnad både for slekt og blogglesarar.

http://oysteinorten.blogspot.no/2017/12/onkel-sjur-ein-av-dei-12.html
 

torsdag 28. desember 2017

Slektstreff

 Vi har ikkje kunna lagt så mange planar for denne jula. Frå ungdomane har det vore eit sterkt ønske å treffe søskenbarna, det vil seie borna til søstera mi.  Det er dei som er så nær at dei kan kome på dagsbesøk. Studentane er no spreidde rundt om i landet: to i Oslo, ei i Bergen og ein utanfor Tronheim. Det var derfor ekstra kjekt at alle kunne stille på kort varsel.

 
 Serviettane var valt ut med tanke på gjestene...

tirsdag 26. desember 2017

Kos med katt

Vi har berre eitt kjæledyr att i heimen, katten Lucy som Olaug fekk for 7 1/2 år sidan.  Kaninen som var like gammal, døydde i haust.  Vi spøker med at katten har vorte einebarn i heimen. Han er i alle fall bra bortskjemt.  Det er tydeleg at katten set pris på ho som eigentleg eig han, om det då går an å eige ein katt?

mandag 25. desember 2017

Fin i strikk

I konfirmasjonen til eldstemann til bror min i mai gjorde eg ein avtale med yngstemann om at han måtte ringe til tanta om han skulle trenge ein ny genser.  I fjor gjorde han det klart at han hadde tre genserar!

Tanta tenkte at ho måtte ha ein genser på lur om han skulle ringe.  Eg kjøpte garn til denne på ein strikkekafé i oktober. Mønsteret er enkelt og fint, synest eg.  Eg strikka den i lengda til 10 år, men så strikkar eg litt fast.  Slike smale genserar veks gjene med borna. 

Det høyrer med til historia at guten ikkje har ringt tanta enno.  Men eg reknar med at han treng ny genser ...

søndag 24. desember 2017

lørdag 23. desember 2017

Kvelden før kvelden

No er det relativt stille i heimen.  Gutane, eller rettare sagt dei unge mennene, er på besøk hos mellomstemann. Han kjøpte seg leilegheit i sentrum i sommar.  Frøkna ville trene litt i kveldninga.  Eg ventar på at oppvaskmaskina skal gjere seg ferdig slik at eg får rydda kjøkenet skikkeleg.

Tidlegare i dag har eg rydda, stroke og baka grovbrød. Eg inviterte gjengen på sein middag.  For to av dei vart det visst middag nummer to, noko som gjekk heilt fint.  På menyen stod ferdigkrydra svineribbe frå Coop og karamellpudding.

Det vert ei spesiell jul for storfamilien.  Faren min vart innlagt på Ørstaheimen for eit par veker sidan og lyt feire jul der.  Mora mi vert der saman med han.  Dei har mykje besøk av familien.  No i jula er det stas med barnebarna.  Heldigvis er pappa heilt kår, og han har alltid ein replikk på lur. Ein må ta dagane som dei kjem.

Bok 50: Glasshjerte


Robin og Mikkel er brødre. Robin blir vitne til det grusomme som skjer med kusinen deres, Amina. Han kan ikke hjelpe henne, og heller ikke hente hjelp.
Robin er ute av stand til å uttrykke hva han har sett.

Mens Mikkel vet noe han ikke vil fortelle. Ikke til noen.

Glasshjerte er en fortelling om å kjenne igjen ondskapen når du møter den. Og om å streve med å forstå hvem du selv er.
Men den handler også om hvor langt et menneske våger å gå for å holde fast ved kjærligheten. Torkil Damhaug er dobbel vinner av Rivertonprisen, han fikk prisen for årets beste kriminalroman både i 2011 og i 2016


Denne romanen har eg berre brukt eit par-tre dagar på.  Mykje praktisk arbeid gir lesetid.  Det er og ein slik roman ein slår av TV-en og heller lyttar til.

Bok 49: Kalypso


Sterk oppfølger til suksessen «Wienerbrorskapet».

På et sykehus i Oslo våkner politietterforsker Fredrik Beier langsomt til live. Han husker ingenting fra kvelden som førte ham hit. Ved en villa på byens beste vestkant bor en barnløs, gammel enke, og postmannen reagerer på at hun ikke lenger tar inn avisen. Beiers kollega, Kafa Iqbal, tar seg inn i boligen, men enken er forsvunnet. Et overvektig mannslik ligger derimot i trappen - denne mannen finnes ikke i noen offisielle arkiver. Politiet finner snart en ny død kropp, og Fredrik og Kafa avslører at de to har en ting til felles. De innser at de står overfor en gjerningsmann som har mye å hevne, og ingenting å leve for.

Gjennom intens spenning og flere fortellinger og tidsplan som flettes inn i hverandre, forener Johnsrud storpolitisk thrillerhandling med politiromanens nordiske noir-realisme.


Denne romanen fekk eg ikkje taket på.  Det vart for mange trådar å halde greie på.  Det kan og hende at det hadde vore ein fordel å lese Wienerbrorskapet først? Eller at boka hadde eigna seg betre på papir?

fredag 22. desember 2017

22. desember

I dag har vore den store vaske- og handledagen her i huset.  Det var nesten mørkt før vi kom oss av garde.  Det var nokre gåver som skal vere her i huset som måtte skaffast.  Først vart det handel i bygda, så for vi over Eidet til næraste by. 

Eldstekarane skulle besøke besteforeldra i Ørsta og gjere litt nytte for seg der. Derfor passa det godt for alle å ikkje samlast før til kveldsmaten. Eg rakk å bake grove rundstykke,og så vidt vørterbrød, før gjengen kom. 

Observante blogglesarar vil kanskje sjå at eg har kjøpt ein ting til huset i dag, nemleg plastduken på Prinsess.  Eg såg raskt at eg skulle hatt nokre einsfarga serviettar - og koppar...

mandag 18. desember 2017

Genser til Andreas


Denne genseren strikka eg i haust til ein god kollega som venta ein gut. Oppskrifta er frå Bystrikk. Sidan eg strikkar litt stramt, valde eg å strikke i 6-9 månader. Brandølingen har allereie tatt genseren i bruk. Eg tippar gensern kjem til å vekse med guten.

søndag 17. desember 2017

I dag var vi fem til bords igjen.  Det vart servert enkel middag, nemleg juleskinke.  Til dessert var det krem, kirsebær, fersken og to slag julekaker.  Etter at vi hadde vore på julekonsert i kyrkja, og gjestene sett handballkamp, kokte eg sjokolade til aniskringlene eg laga i føremiddag. 

I morgon kveld skal eg hente frøkna på flyplassen i Ørsta.  Eg nyttar høvet til å besøke far min på Ørstaheimen.  Elles har eg nokre ærend der inne, kanskje saman med mor mi.

Det vert nokre hektiske dagar på jobb også famover. Eg satsar på å ta meg til til litt blogging likevel.

torsdag 14. desember 2017

Årets julevottar ...

... er no ferdige!

det passar fint for meg å strikke vottar som julekalender.  Ein får 1/5-del lagt ut kvar veke.  Så det vert ikkje noko stress.  Design Jorid Linvik.

onsdag 13. desember 2017

Bok 48: Drømmetyderens død

«Drømmetyderens død» er den fjerde boken om gisselforhandler Niels Bentzon. 

Psykologen og drømmetyderen Evelyn Heiberg blir funnet knivdrept i sin leilighet der hun også tok imot sine pasienter. Gisselforhandler Niels Bentzon blir satt på saken, men det kommer på et svært dårlig tidspunkt. Hans kone, Hannah Lund, har akkurat fått en kreftdiagnose og Niels befinner seg i sitt livs største krise. Likevel fortsetter han. Jobben blir hans terapi, hans eneste lys i mørket. 

På drømmetyderens PC finner Niels en e-post som er sendt til det berømte Jung Institutt i Zürich. Evelyn Heiberg har bedt om hjelp til å tyde en drøm, som en av hennes pasienter har hatt i mange år. Snart går det opp for Niels at han kun kan oppklare mordet hvis han klarer å tyde drømmen.


Denne romanen er ein ekte pageturner etter mitt syn.  Han er vanskeleg å legge vekk.  Privatliv og yrkesgjerning er fletta saman.  Sterkt anbefalt!

mandag 11. desember 2017

2. søndag i advent

Dagen vart heller roleg i heimen. Eldstemann besøkte besteforeldra i Ørsta før han kom og åt middag hos oss.

lørdag 9. desember 2017

Førjulstreff i Molde

I dag har vi vore i Molde. Det har vorte ein tradisjon å møtast på midten og utveksle gåver. 

Ny av året er vesle Mathea Sofie. Ho er det einaste grandtantebarnet mitt. Fødselsdatoen hennar er lett å hugse, for den er sen same som oldefaren, og Audun vår er fødd på 75-årsdagen hans.



torsdag 7. desember 2017

Bok 47: Malstrømmen


Flere tragiske historier flettes elegant sammen i denne intenst spennende kriminalromanen med handling fra Nord-Norge.

Et uhyggelig skrik tiltrekker seg oppmerksomheten til to unggutter som leker på svabergene. I vannkanten finner de en mann . lenket fast med hendene i det iskalde vannet. 
Ei porselensdukke flyter i land 30 mil nord for Bodø, og ekteparet som finner den syns den varsler om ufred. Lensmannsbetjent Niklas Hultin har nylig flyttet nordover, og han syns dette er barnemat etter jobben i Oslo. Da ei kvinne blir funnet bevisstløs i strandkanten, kledd i en kjole som ligner dukkas, sprer uhyggen seg.

«Malstrømmen» er første lydbok om Rino Carlsen.


Eg ser at eg har lese bøkene til Frode Granhus i feil rekkjefølgje.  I denne første romanen bur Rino Carlsen i Bodø.  Om eg ikkje hugsar feil, flyttar han til Lofoten.

Eg kosa meg med denne romanen.  Krimgåta er noko innfølkt med mange forgreiningar, men til slutt gir det meining. Viss ein har krav til sannsynlegheit, bør ein nok styre unna... Eg har nok likt andre bøker i serien betre.

Opplesaren, Nils Johnson, gjer ein glitrande jobb med lesinga. 

No ser eg at forfattaren døde brått 15. september i år, berre 52 år gammal ...

søndag 3. desember 2017

1. søndag i advent

I dag kom dei nærtbuande borna på middag.  Eg serverte kjøtsuppe med focaccia og pærekake med krem og fruktcoctail til dessert.

I går kjøpte eg ein lilla løpar og nokre lilla lys til halv pris på Nille.  Eg tok sjansen på at eg hadde adventserviettar.  Utvalet i heimen var greitt.  Eg fann nokre med litt raudt/rosa i som passa til julegledene.

Det er eksamenstid for ungdomane i familien, så vi er glade for at dei tek seg ein pause og kjem hit.

lørdag 2. desember 2017

Sunnmøre tamilske kulturforening 30 år

I dag var eg invitert til fest som ein av dei gamle lærarane. Eg var 25 år då eg kom til Hareid. Eg var svært heldig som fekk lærarjobb i 1988. Elevane mine frå den tida er no middelaldrande menn. Nokre er fedre til elevar eg har hatt for ikkje så lenge sidan.

I kveld fekk vi sjå mykje flott tamilsk dans og song i tillegg til talar og helsingar. 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...