fredag 29. desember 2017

Sjur Olai Trovåg - ein av dei 12

1. juledag var store delar av slekta mi på premieren til storfilmen Den tolvte mann. Det har knytta seg ein del spenning til filmen. Vil vi få vite meir om onkel Sjur, bror til farfaren min, som var ein av dei 12? Då vi fekk vite at skodespelaren som hadde fått rolla som han, kom frå Lærdal, tenkte vi han skulle få ein replikk eller fleire. Det fekk han ikkje. Men det gjekk fram at han var den første som vart forhøyrd og torturert - og at han heldt tett.

Eg hadde ønska å ...få lære meir om forhistoria, altså om sjølve sabotasjeoppdraget.

Alle har vore samde om at filmen var spennande frå byrjing til slutt. Det er flott at hjelparane har fått sine historier dokumenterte. Vi meiner og at terningkastet/karakteren er 5.

Øystein har skrive ein tekst med Sjur Olai Trovåg si historie. Eg reknar med at det kan vere interessant lesnad både for slekt og blogglesarar.

http://oysteinorten.blogspot.no/2017/12/onkel-sjur-ein-av-dei-12.html
 

3 kommentarer:

  1. Sterk historie som er filma.
    Du las vel i Smp om ein annan av dei 12.
    Det må ha vore vanskeleg for familiene å bearbeide tragedien.
    Eg vl prøve å sjå filmen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Interessant å lese historia i bloggen til mannen din.

      Slett
  2. Vi held ikkje Sunnmørsposten for tida, men eg skal prøve å få tak i det.
    Filmen er sterk - og god! Flotte skodespelarar, mange av dei "nye" med rette dialektar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...