lørdag 23. desember 2017

Kvelden før kvelden

No er det relativt stille i heimen.  Gutane, eller rettare sagt dei unge mennene, er på besøk hos mellomstemann. Han kjøpte seg leilegheit i sentrum i sommar.  Frøkna ville trene litt i kveldninga.  Eg ventar på at oppvaskmaskina skal gjere seg ferdig slik at eg får rydda kjøkenet skikkeleg.

Tidlegare i dag har eg rydda, stroke og baka grovbrød. Eg inviterte gjengen på sein middag.  For to av dei vart det visst middag nummer to, noko som gjekk heilt fint.  På menyen stod ferdigkrydra svineribbe frå Coop og karamellpudding.

Det vert ei spesiell jul for storfamilien.  Faren min vart innlagt på Ørstaheimen for eit par veker sidan og lyt feire jul der.  Mora mi vert der saman med han.  Dei har mykje besøk av familien.  No i jula er det stas med barnebarna.  Heldigvis er pappa heilt kår, og han har alltid ein replikk på lur. Ein må ta dagane som dei kjem.

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...