torsdag 31. mars 2011

Vi får tru på våren!

 I dag har eg vore på bytur.  Eg har kika på kalenderen og sett at det er 1. april i morgon.  Skobutikken vår har flytta til Blåhuset i Ulsteinvik.  Eg trur til og med eigaren synest det er litt trist.  I dag var der - 20% på alle sko.  Eg fall for desse.

I to veker fram mot påske er det full fres på jobb.  Det vert lite tid og ork til shopping.
Så eg kjøpte like godt noko gult til påske.  I påska får vi kanskje tid og lyst til å bake småbrød?
Eit av ærenda i byen var å kjøpe nudlar på innvandrarbutikken.  Utvalet der var så dårleg, at eg begynte å lure på om dei har ei avdeling til.  Eit godt kjøp var ein liter soyasaus for 60 kroner.  No har eg både oppskrift og ingrediensar til steikte nudlar.
Og så måtte eg sjølvsagt ein tur innom biblioteket.

onsdag 30. mars 2011

Kven kokar?

Ikkje eg! Men er det nokon som følgjer så godt med at dei merka seg kven som er kokk her?

Eg har rokke å bli glad i gryta mi og synest det var artig at ei nokså lik,eller lik, dukka opp på amerikansk TV.

Bok 14: Meir krim frå Öland

Dette er den andre krimboka forfattaren har skrive.  Den har vunne mange prisar, og eg forstår kvifor.  Personskildringane er gode, mykje betre enn det skjønnlitterære forfattarar som ikkje skriv krim greier.  Historia har fellestrekk med den i den første boka.  Ein går tilbake i tid, og her er parallellhistorier.

Men ...
Så er det dette "menet".  Eg kan som kjent styre mi begeistring for spøkjelseshistorier.  Ikkje all overtru fungerer like godt i historia.  Men OK eg er med på det.

No skin det sol



Norske dialektar er temaet i norsk for tida.  Eg føler at dialektane vert utviska.  Denn herlege songen sungen på Surdadals(?)dialekt dreg på åra. Eg reknar med at ungdomane snakkar annleis der no.

Sjølv snakka eg nordfjordsdialekt til eg begynte på skulen.  Dei venene som då lærte meg Ørstadialekten med spesielle ord og uttrykk, har gløymt dei no.  Dialektane endrar seg raskt. Ungdomane i Volda har begynt å seie høre i staden for høyre.  Det same skjer her.  Ete har vorte til spise.  I byrjinga bøygde borna det å spise - speis ...

Og kva med palataliseringa - er den berre i balj? (potetball)  Eg trur ikkje dei som lærte meg at det heiter manj (mann) no nødvendigvis seier det sjølve.

Språket er i endring, og det vil det alltid vere. De får tygge på eit norrønt ordtak: Barnit vex, en brókinn ekki.

tirsdag 29. mars 2011

Kunsten å kaste

Eg er eigentleg eit ordensmenneske.  Eg liker å ha orden i sysakene.  No ventar vel alle blogglesarane på eit men?

På jobb har eg fått ansvar for to seksjonar.  På skulekjøkenet har eg halde orden i fleire år.  Norskseksjonen med norskrommet har vore noko vanskeleg å begynne på.  Kva kan ein kaste.  For dess meir ein kjøper, dess meir rot vert det.  I går tok ein kollega av meg og eg oss ei rydde- og kasterunde.  Ordlister frå 80-talet har ingen verdi lenger.

Dette har gitt meg blod på tann.  Og då er det berre å gå i gang på heimebane og.  No skal det bli orden i kleda mine!  Mykje skal gå til Austeuropa i april, mykje skal kastast.  Men så er det vi som ser verdi i det meste.  No har eg spretta av knappar av kle som skal kastast.  Skal tru om eg nokon gong kjem til å strikke dukkekle til dømes?

mandag 28. mars 2011

Då vi møtte Wenche Foss

I dag døydde Wenche Foss 93 år gamal.

Ho vil vel bli hugsa for mange ting, ikkje minst for den ho var.  Ho gav stemme til dei svake, og ho braut tabu.

Eg kan ikkje skryte på meg å ha møtt mange kjendisar.  Men på ein biltur heim frå Norway Cup, bestemte sjåføren seg for å bade i Mjøsa.  Og kven andre enn Wenche Foss sat ved eitt av borda ved rasteplassen saman med ei venninne.  Ho var elegant kledd i kvitt.

Og kva skjer?  Jau, Øystein og ho vert samde om at det er flott badetemperatur.  Dei kom lett i prat.  Og ho røpa at ho er seg sjølv lik, akkurat slik vi har opplevd henne på TV.

Gratulerer!

I dag kan vi gratulere Besta, som ho heiter i bloggverda, med 71-årsdagen!  Systra mi hadde tatt ein del poeng før meg, mellom anna dette med at ho er på "fejs".  Når eg lar det falle eit ord om at eg har sett eit eller anna på Facebook, hender det at dei spør om eg er der.  Då har eg svaret klart. "Ja, eg måtte berre på Facebook når til og med mor mi er der."  Då vert augene sjølvsagt endå større.

I staden for å legge ut eit bilde av henne, der finst ikkje så mange godkjende, så legg eg ut eit av veret i dag tidleg.  Vanlegvis er det ho som orienterer om veret på Sunnmøre, noko sikkert mange set pris på, spesielt når dei er i "Syden".

Feiring skal det bli til påske når vi kan samle alle barn og barnebarn!  Ha ein fin dag!

søndag 27. mars 2011

Vårkonsert

I dag var alle korpsa i kommunen samla til ein forrykande konsert med temaet filmmusikk.  Musikantane har brukt heile helga til øving, noko som og gav resultat.
Det vart fleipa både med vårkonsert og sommartid.  Ute ser vi helst årstida vinter.

lørdag 26. mars 2011

Besta og Besten på besøk

 I dag ringte Besta frå Blåhuset. Dei var på laurdagstur, og det passa bra med ein tur over Eidet. No var det ikkje eg som skulle ha blomster i dag.  Denne rosa  flamingo(?)planten som eg fekk i dag, har eg sett mellombels på kjøkenbordet.  Dei grøne plantane som har stått der ei stund, trivst svært godt.  Er det "dagslys" i slike sparepærer?
Denne krimboka gler eg meg til å lese.

Blogglesarane skimtar kanskje veret i bakrunnen på plantebildet.  Skal tru om vi får tilsvarane mange somrar?

Hans Rosling and the magic washing machine | Video on TED.com

Hans Rosling and the magic washing machine | Video on TED.com

Ein tankevekkande video.

fredag 25. mars 2011

Eg hadde vore strengare

 Måndag for vel ei veke sidan kom eg heim med ein annan leverpostei enn eg bruker å kjøpe.  Denne var både sunn og billeg.  Lyset gjekk opp for meg då eg kom heim.  Kiwi har starta priskrig, og Coop slår tilbake.
 Havregryn var vel sunt og billeg frå før?  Kvar er det usunne alternativet, spør eg.  Müsli, får eg til svar.
 To paprikaer i ein pose får nøkkelhol, ikkje dei som er pakka åleine.Er det fordi det er dobbelt så sunt med to?
Stakkars rabba!
 Dette produktet har vorte populært i heimen.  Eg forstår det ikkje.  Kokt i mjølk i ei panne på omnen, kan eg til naud gå med på at grauten er etande.  Men eg hadde ikkje gitt nøkkelhol til eit produkt med 12% sukker!
 Og kva skal ein seie til halvgrove brød?  Her meiner eg dei burde innehalde minst 50%, gjerne 75%, for å kunne kalle seg eit sunt alternativ.
 Men stort sett er eg samd i nøkkelholmerkinga.
Og når ein får kjøpe mjølk til 10 kroner literen, skal ein ikkje klage.

No har eg kjøpt ekstra plass på bloggen, slik at eg kan skrive lange innlegg med mange bilde.  Kapasiteten er 20 gongar så mykje i året som eg har brukt sidan november, så det bør gå bra.  No skal eg kose meg med vaflar!

torsdag 24. mars 2011

Lang dag eller langdag

 I dag møtte niandeklassingane saman med ein eller to av  foreldra sine til kurskveld med Sterk og klar. Eg hadde ikkje kurs, men var med på asiatisk matlaging der det vart laga steikte nudlar og vårrullar.

Det er artig å få sjå korleis desse damene lagar mat.  Det er meir lærerikt enn å lese seg til det!

onsdag 23. mars 2011

Jon Ove Frøland og gamlehotellet - EPISODE 1

Gratulerer Ingeborg 18 år!

 I dag fyller Ingeborg 18 år, og tanta gratulerer frå Hareid!  Eg hugsar godt den dagen ho vart fødd.  Eg jobba på Hjørungavåg.  Etter jobb fylte eg bensin på bilen og for rett til Ulsteinvik for å finne den minste og finaste rosa babydressen på Cubus.  Mange andre hadde tenkt det same, så den vart nok bytta i ei større utgåve.
 Håkon er 10 månader yngre enn kusina, men han vart fort like stor.  Når eg studerer gamle album, så ser eg kven som hadde kontrollen.
 Det er kjekt å bli myndig.  Sjølv hugsar eg ikkje min eigen 18-årsdag.  Eg hugsar mykje betre akkurat ein månad seinare då eg stod med sertifikatet i handa.  På 80-talet var det 18-årsfilm på kino.  Eg hugsar eg sneik meg inn på Hjortejegeren nokre månader før.  Elles så hugsar eg at vi fekk heimetelefon då eg gjekk andre året på gymnaset (?).  Kor mange mobilar ein 18-åring har hatt no, veit eg ikkje.  Kor mange TV-kanalar dei kan velje mellom, veit eg heller ikkje. Ingen kom på å skrive framtidsstilar om internett heller.  Dagens attenåringar har mange fleire val enn vi hadde, sjølv om vi og hadde "alle mulegheiter".
Det skal bli artig å sjå kva Ingeborg slår inn på etter vidaregåande.  Ho har mange talent, nokre får brukast i jobbsamanheng, og andre får bli hobbyar!

Ha ein fin dag!

tirsdag 22. mars 2011

Pelargoniastiklingar

Her kjem eit steg-for -steg innlegg for dei som ikkje har laga stiklingar før.  
 Nokre av blogglesarane hugsar kanskje den nydelege pelargoniaen til Lappetausa.  På seinsommaren sende ho meg ein stikling som no har overlevd vinteren.  Eg hadde sett ein ispinne i potta for å skilje denne planten frå dei andre.
Når eg skal "lage" nye plantar, legg eg ei avis i vasken og tek fram ein eingangshanske eller to.  Då er det berre å brette saman og kaste avisa med alt rotet i etterpå.
Her har eg skore av ein høveleg del av planten.  Dei største blada fjerna eg.
Så sette eg stiklingen i rosa (!)ei potte med mold i og vatna godt.
Plastposen verkar som eit minidrivhus.  Den kan ein fjerne etter ei veke eller to.
Morplanten står ribba att, men det varer ikkje lenge!  Og eg har fem nye plantar.  Ein annan blogglesar eller to har tinga "avleggar".  Den eine har eg fått tilsvarande raud plante med.

mandag 21. mars 2011

Bok 13: Krim frå Öland

Etter å ha lese eit par vanlege romanar, unnte eg meg ein krimroman igjen.

Dette er første boka av forfattaren.  Her er ingen krimhelt.  Dei som løyser mysteriet, er nokre gamle menn som begynner å rote i fortida.  Bestefaren til ein gut som forsvann for 20 år sidan, får skoen hans i posten.  Mor til guten, Julia, held på å drikke seg i hel.  Ho har permisjon frå sjukepleiarjobben sin.

Historier frå fortid og notid er fletta saman, og til slutt får vi ei oppklaring, noko av den hadde vi forventa, resten kjem overraskande.

Forfattaren skriv godt.  Han skildrar samfunnet og personane på ein interessant måte. Ein vert hekta.  Eg las (høyrde - eg gjorde mykje praktisk arbeid - så fekk eg sagt det og) halve boka laurdag.

Då eg skulle sjekke kva neste bok i serien heitte, oppdaga eg at den låg på datamaskina mi.  Knausgård får vente litt til.

Les gjerne meir om boka på Bokkilden.

søndag 20. mars 2011

Ein klassikar i ny form

Eg bruker ikkje oppskrift når eg lagar denne retten lenger, men tek det eg har av grønsaker i eitt lag, kyllingkjøtdeig i neste og ostesaus på toppen.  Oppskrifta finn de her.  I dag fann eg ut at eg kunne steike grønsakene rett i panna og sette henne i omnen etterpå.  Forma mi har nemleg vore litt lita, men her var det god plass, og det fungerte flott. 


Retten kan varierast med ulike krydder og kjøtdeigsortar.  Litt parmesan på toppen gjer seg.

For den kresne?

Det er stor skilnad på egg.  Eg er så heldig å ha ein eggavtale.  Når hønene kjem ut og får ete gras, er egga på det beste.  Men så er det dette med koking.  På gamlekomfyren min hadde eg stoppeklokka på 4 1/2 minutt. No bruker eg anna plate og ofte andre panner med meir plass.
Så då eg såg denne oppfinninga, vart den med meg heim.  Etter kvart som egga vert kokte, skiftar dingsen farge.
Slik vil eg ha egget mitt.  Gulen og litt av kviten skal vere blaut.  Her er det berre å finne sin strek på dingsen. Enklare kan det ikkje bli.  Prisen var det ikkje noko å seie på: 20 kroner på Nille.

lørdag 19. mars 2011

Litt vår ...

... utanfor døra -  om ikkje i beda.

Vintercup

Årets første kamp på Hareid i år vart finalen i vintercupen.  Her kan blogglesarane sjå at det meste av snøen er vekke.  Likevel var det ein heller kald fornøyelse.  Vinden er verre enn kulden.  Resultat med meir finn de på fotballsida.

fredag 18. mars 2011

I dag vart ho mi

I fjor sommar var der to slike raude, emaljerte støypejernspanner på sal i byen, ei rund og ei oval.  Før eg bestemte meg for å slå til, var den runde vekk.  Prisen på denne vart sett opp att.  Eg har sett på slike panner i Oslo, der dei er dyre, og i London, der prisen låg på ca 70-75 % av prisen i Noreg.  Førre veke starta salet igjen.  I dag hadde eg bestemt meg for å kjøpe denne panna om eg fekk ho til sommarpris.  Ho var berre litt nedsett, men eg sa at eg angra på at eg ikkje kjøpte panna i sommar til tilbodspris.  Heldigvis var seljaren så lur at ho sa at om eg ville ha panna, skulle eg få den til den prisen.

No har eg lese bruksrettleiinga, og gler meg til å ta panna i bruk.  Det er berre ein ting eg lurer på, og det er kva toppa på loket er laga av.  Det kunne vere laga av ein plasttype som tolte 190 grader, eller eit metall som toler høgre temperaturar.  Eg synest det er litt "klang" i det.  Er det nokon som veit?

De heite jutub!


Som lærar vert ein også retta på.  Kor mange gonger eg har fått høyre at det heiter baguettar, ikkje bagettar, har eg ikkje tal på.  Det har nok vorte mindre etter kvart, men sist eg var på ferja, stod dama i kiosken og reklamerte for baguettar.

Men så var det dette med uttalen av YouTube.  Eg la problemet fram for neste klasse eg gjekk inn i.
- Eg veit ikkje, men eg seier jutub, kjem det frå ei.
- Vi kan no stemme over det, kjem det frå ein annan.
Så vender ein seg til dei som sit med faktakunnskap.
- I Amerika seier dei jutjub!
Han får støtte frå ein annan som har vore i USA.
- På norsk heiter det jutub, meiner ein annan.

Etter denne diskusjonen, høyrer eg med gjengen heime.  Tenåringane seier jutub medan engelskstudenten held seg til den engelske uttalen jutjub. J-en er ikkje så veldig tydeleg.  Korleis det er elles i landet, veit eg ikkje.

Eg konkluderer berre med at ein ikkje bør rette på andre utan at ein veit ein sjølv har rett.

Engelsken snik seg inn.  Det eg liker minst er samanroting.  Euronics gjekk det lang tid før eg gjekk med på å uttale som på reklamen.  Det skaper forvirring.  Korleis skal ein uttale butikknamnet E-design?

OK, verst i veka var ho som bad oss brette opp armane.  Eg ser det for meg.

torsdag 17. mars 2011

Eg fann ikkje ...

 ... bokhandelen i Notting Hill area der det skulle vere berre kokebøker, så det vart ei ny runde i verdas største bokhandel.  Eg såg på mange bøker, også dei som har kome ut på norsk.  Dei låg på 15-20 pund.  Så  når dei kjem på sal her, vert prisen omlag den same.
 Eg kjøpte nokre hefte frå Australia.  Eg har tidlegare bestilt hefte i denne serien på Haugen Bok og på Norli i Oslo.  I London kosta dei 7 pund.
 Sjølv om det ikkje er noko problem å lese engelsk, så er det greit med step-by-step-bilde.
Kanskje det vert baka rabarbra- og pærekake til sommaren?

Når ein førebur seg ...



... kjem ein av og til over noko ein ikkje visste eksisterte.  Slik var det med denne klassikaren. Stacy Keach les novella mykje betre enn han som har lese ho inn til engelskboka.

tirsdag 15. mars 2011

På verdas største bokhandel kjøpte eg ...

Vi var innom verdas største bokhandel to gongar.  Utvalet er sjølvsagt enormt.  Men kva skal ein kjøpe?
Denne strikkeboka freista med sine vakre bilde og mønster.
Ein historisk del.  Kvinnene strikka sjølvsagt medan dei gjorde andre nyttige ting.
Mønstrene og naturen.
Boka er full av mønster.  Kanskje eg strikkar eit par vottar?  Eg skal i alle fall ta meg tid til å lese det historiske stoffet.

Om engelskmennene strikkar?  På musikalen "We will rock you" , sat der ei ung dame og strikka medan ho venta.  Hadde ho sete nærare, så kanskje eg hadde vorte freista til å vise henne Norwegian knitting, for engelskkvinnene sit og kastar tråden på ein utruleg merkeleg og tungvint måte.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...