fredag 11. mars 2011

Eg likar ikkje!

Det er få elevar som seier at dei ikkje likar maten.  Dei fleste har fått god oppseding heime og seier heller "Eg er ikkje så begeistra for", eller "Det er ikkje det beste eg veit".  Men av og til røper dei seg gjennom maten dei lagar.  Denne veka har det stått kyllingwok på menyen.  Enkelte fyller woken med gulrøter, skvåsj, løk og stilkselleri medan andre leitar fram dei minste gulrøtene.  I dag lærte eg at der kan vere nokre bittesmå stilkar i midten av sellerien.  Det vert lite mat på gjengen, for mengda kyllingkjøt er lik.  Og kor mykje meir freistande vert ikkje ein fargerik wok?

5 kommentarer:

  1. Har aldri forstått at ikkje folk likar vanlige grønsaker. Det er jo noko vi alle er vant til frå barnsbein av.

    SvarSlett
  2. I dag vart eg freista til å lage wok heime og. Ein annan rett med kylling stod eigentleg på menyen.
    Ein skal tidleg krøkast! Eg prøver å få elevane til å steike grønsakene slik at dei framleis er sprø. Eg merkar faktisk at skvåsjen no er på veg inn. Der er alltid nokre gourmetar og ...

    SvarSlett
  3. Eg har ei jente som likar å smake på nye ting, og ei som er livredd alt ho ikkje har smakt før... Håper eg klarer å plukke vekk det verste før ho kjem fram til deg;)

    SvarSlett
  4. På skulekjøkenet vert det eit gruppepress. Det vert liksom verst for den som ikkje et, for der sir alltid nokre glupske og vil ha godbitane. Slik er det ikkje i heimane lenger - heldigvis!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...