søndag 13. mars 2011

Bok 12: Endeleg litt action?

Boka startar med eit krasj.  Ein kjem fort inn i handlinga.  Etter å ha lese ei bok eg synest var kjedeleg, så var det frigjerande å begynner på ein roman som viser seg å vere ein pageturner.


Ei familiegåte skal løysast.  Ein familie har levd på ei rekkje løgner og forteiingar.  Hovudpersonen, ein mann i førtiåra, er den som jaktar på sanninga.

Det manglar ikkje på drama.  Ein togtur med innlagt ulykke, vert hakket for mykje etter min smak.  Slutten av boka er overtydeleg.  Det er her kvaliteten på romanen avslører seg, meiner eg.  Det liknar ein amerikansk film der ein har oppfatta bodskapen, men forfattaren - eller eventuelt filmskaparen, gir seg ikkje med det.  Du skal ha det inn med teskei.

No har eg lese to bøker om middelaldrande menn skrivne av kvinner.  Eg skulle ønske dei skreiv ut ifrå sin eigen synsstad.  I denne romanen er mennene trufaste, og kvinnene er utru eller ønskjer ikkje faste forhold.  OK, det er kanskje eit poeng.

Siste setninga i boka oppsummerer oppsummeringa: Denne usedvanlige kvinnen som jobber med døden, har gitt meg nytt liv.


Boka høver for dei som likar lettlesen populærlitteratur.  Les gjerne meir her.

4 kommentarer:

  1. Eg tykte denne boka var ganske kjedelig, og som du skriv:vi fekk alt med teskei, ikkje berre ein , men fleire gonger.Treigt etter min smak.Det verste eg veit er når ein brukar så mange ord på å seie så lite.Og eg er enig med deg at kvinner ikkje bør ha menn som hovudpersonar (og vv) kanskje skaper den kvinnelige forfattaren mannen litt FOR "mjuk"? ?.

    SvarSlett
  2. Ein vert i alle fall meir kritisk til om det er stereotypt!

    SvarSlett
  3. Eg les Min Kamp 2 no, men det tar si tid med 560 sider. Men interessant er det.

    SvarSlett
  4. Eg og innimellom anna. Kosteleg å lese om vegetarisk barnefødselsdag!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...