tirsdag 8. mars 2011

Mind ...


Etter kort tid i London begynte eg å legge merke til alle forboda og køyrereglane.  Det er penalty her og prosecution fare der. Private set opp skilt.  Der er og mange åtvaringar.  Er golvet nyvaska, er der skilt meg caution eller mind ...

Duene står ikkje høgt i kurs.
Dette bildet tok eg rett før det vart opplyst om fotofotbod på Madame Tussaud's.  
På T-banen ferdast det utruleg mykje folk, så der er eit innarbeidd system.  Du kjøper billett og stemplar inn og ut.
I rulletrappene skal dei som står i ro stå til høgre.  Folk har dårleg tid, så dei spring forbi til høgre i gangane og til venstre i rulletrappene.
Kva skjer om ein bryt reglane?  Nåde den som stoppar trafikken!  Kastar du boss, er bota 75 pund.  Vi såg ein som braut fotoforbodet.  Han fekk slette bilda medan vakta passa på.  Kronjuvelane får ingen forevige.  Musikalen fekk vi nyte utan blitzlys.

Enkelte synest eg overreagerte.  Det er klart ein må ha reglar i ein millionby.  Det forstår eg og.  Men då ein fekk klar beskjed frå vakta i sportsbutikken: "no hoods allowed in this shop", var det andre som syntest det var strengt.

3 kommentarer:

  1. Reglar må ein ha, men det er no vel grenser?
    spennande møte med ein annan kultur..

    ha fin kvinnedag!

    SvarSlett
  2. Kva kan folk skjule under hetta? Berre det med butikkvakter, som regel ein rund mann med afrikansk opphav, er ukjent for oss.

    SvarSlett
  3. Mykje kan gøymast under ei hette eller hue. Det skumle er at heile samfunnet må leve etter skurkane sine lover.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...