onsdag 30. november 2011

Jammen sa eg smør!


Mykje kan seiast, og vert sagt, om smør for tida.  Etter mange år med smørberg i landet og verdsdelen, er det no smørmangel.  Nokre gir sommaren skulda, medan andre skuldar på lavkarbodietten.  Sjølv er eg feista til å legge til dei som hamstrar.  Det skjer noko med folk når det vert mangel på noko.  Sjølv reagerer eg motsett.  Eg tenker at eg skal alltids greie meg utan smør til det vert overskot att.  Når dei som hamstrar skal tære på lagra sine, vert det sikkert nok til oss andre.  Får eg tak i fløyte og rømme, så skal det bli jul med eller utan smør.  Og då skal eg ikkje kinne.

Solveig kva betyr det å vere smørblid?
I går var det nokre tiandeklassingar som ville ha svar på dette.  Slike spørsmål vert eg glad for!  Ungdomar bør både lære og bruke slike uttrykk. Det viser elles at på same måte som finger ikkje berre er ein kroppsdel, kan også smør brukast på fleire måtar. Eg svarte at det er å vere litt kunstig blid.  For å vere heilt sikker sjekka eg ordlista.


smørblid
~blid ovende blid; tilgjort blid  

tirsdag 29. november 2011

Omega-3-brød

I går sat eg og såg eit innslag frå frukost-TV i opptak.  Det var med Berit Nordstrand.  Ho snakka om at born må få i seg nok og rett feitt.  Omega-6 får dei i mjølkefeitt medan omega-3 er å finne i til dømes valneter og linfrø.  I læreboka vår er ei oppskrift på omega-3-rundstykke.  Deigen til dei er litt klissete.  Mykje sammale fint mjøl gir gjerne ein klissete deig.

Medan eg hadde inspirasjonen, gjekk eg ut i kjøkenskåpet og rydda ut ein rest knuste linfrø, litt valsa mjøl og ein pakke valneter.

For at ein skal få nytte av linfrø, bør ein anten legge dei i blaut ei stund eller skålde dei.  Eg skålda linfrø og det valsa mjølet før eg for i butikken og handla.  Etterpå hadde eg i litt lunka vatn og ein halv pakke gjær.  Elles hadde eg i 5 dl kveitemjøl, valnetene, 1 ts salt og sammalen kveite, fin til passeleg deig.  Deigen fekk heve eit par timar.
Væskemengda er eg litt usikker på, men eg trur det var omlag 7 dl.  Det vart i alle fall to brød i tolitersformer. Eg trykker dei litt ned på midten for å få mest muleg firkanta skiver.  Så fekk det heve ca 40 minutt før eg steikte det på 200 grader i nesten ein time.

Brødet vart skikkeleg godt, men så er no dette ein luksusvariant!


mandag 28. november 2011

Bok 58: Stille dager i Mixing Part

Etter å ha lese denne boka sit eg att som eit stort spørsmålsteikn.  Kva er dette?  Eg har lese Erlend Loe og er kjend med hans naivistiske måte å skrive på.  Denne boka er oppbygd av korte setningar, mest i direkte tale.  Loe les boka sjølv, og dermed tolkar han også si eiga bok.

Her er det alvorlege problem som vert skildra med humor - og kanskje alvor.

Bror og Nina Telemann reiser på ferie til  Garmisch Partenkirchen fordi ho vil det.  Livet er teater for Bror.  Forholdet skrantar.  Bror er forelska - i Nigella Lawson.  Sitata frå Nigellas fristelser er noko av det mest morosame i boka etter mitt syn.

Romanen kan nok lesast på fleire plan.  Men tre CD-ar er nok.

søndag 27. november 2011

1. søndag i advent

 I dag har snøen krope godt nedover Melshornet, og det har lagt seg litt snø på vegar og marker. Eg har kjøpt julestjerner til kjøkenet som eg plar gjere.
 På kjøkenet mitt er det elle  mange raude ting.  I seviettsamlinga mi fann eg serviettar som redda fargekrasjet.
Adventsstaken kjøpte eg på Floriss.  Eg er lei av stearinflekkar frå tynne lys.
Seiersbrusen kom i hus førre helg.  I dag inviterte vi journalisten på middag før siste seriekamp i bya.

For dei som vil vite kva som stod på menyen, så var den svært enkel: Fårikål.  Frøkna skrelte poteter som var heimelekse i mat og helse.  Til dessert hadde vi hermetiske kirsebær(kjøpt i Sverige) og pærer med krem.

lørdag 26. november 2011

Ny butikk i Hareid

I dag opna Kari butikk/vevstove på Hareid. Bak sjølve butikken har ho rigga opp fleire vevstolar.  
 De finn butikken ved sida av Strax bokhandel i det store rosa bygget midt i Hareid.
 Fram til jul vil butikken vere open på laurdagane.
 Kari fortel at ho er på jakt etter eit namn til butikken.  Vevstove dekkjer ikkje heilt.  Her er anna handarbeid.  Desse skinnfellane med trykt mønster på, er berre nydelege!  Namnet låg berre laust på som eit døme.
 Tova gryteunderlag.
Handvovne produkt.

Dette er berre litt av det ein kunne finne i butikken. Der var ein del strikka produkt også. Prisane var greie.  Og ikkje minst var alt handarbeidet nydeleg utført.  Det kan absolutt gåast etter i saumane.

Dette er ein butikk der eg kunne tatt med meg omtrent alt heim.  Eg skal ned att ein annan dag og kjøpe meg ein løpar til advent.

Julegrantenning

 Eg fekk ei kjensle av déjà vu då korpset stod klar og skulle spele ved julegrana.  Veret var som det plar.  Det var så vidt eg våga å ta fram speilreflekskameraet.  Undervasskameraet låg att heime.

Sjølve arrangementet vart triveleg på trass av veret.  Mange hadde møtt fram.  Det skuldast nok at i tilegg til den harde kjerne, så møtte speidarar og dei som syng i ten sing.  Jens prest heldt ein kort tale og leidde det heile.
Planen var at korpset skulle sette opp telt og selje kaffi og sveler.  Dette sette stormen Berit ein stoppar for.  Men det vert svelesteiking med meg likevel.  Det høver godt som "mat på fat" seinare i dag.

fredag 25. november 2011

Bok 57: Blitz

Ei 14 år gamal jente forsvinn etter at ho har late seg fotografere avkledd i bladet "Blitz".  Ein ung gut tek seg av sin kreftsjuke far, men vert lokka til å vere medhjelpar til eit ran.

Her er personar som vil andre til livs, men bommar på målet.  Nokre er berre opptekne av pengar, medan andre er opptekne av hemn.  Når ein vil drepe nokon, er det ein fordel å drepe rett mann.

Dei som skal løyse gåtene er både politi og journalistar.

For meg er dette grei underhaldning, ikkje noko meir.  Her er litt mange ballar i lufta etter min smak.  Løysinga er grei, men ikkje uventa.

Det kan hende eg gjer urett mot romanen.  Om dette er ei bok i ein serie, kan det hende ein burde ha lese dei i rekkjefølgje.

torsdag 24. november 2011

Gratulerer Erlend!

I dag, ein månad frå julaftan, kan vi gratulere Erlend med 8-årsdagen!  I år har vi gitt han pakke og feira han på førehand.

Dan har allereie feira med kompisane i bowlinghallen. Det resulterte i eit skikkeleg kuleuhell, ikkje kaule heldigvis.  Guten er like blid.

onsdag 23. november 2011

Norskkurs

I dag har eg vore så heldig å få vere på eit interessant norskkurs på høgskulen.  Temaet i dag var "Det fleirspråklege og fleirkulturelle klasserommet". Dei gjorde oss merksame på universitetet i Oslo sine sider NAFO Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring)    http://www.hio.no/Enheter/NAFO.

Denne ordlista kan nok fleire av mine elevar få bruk for.

Eit lite eksempel kor vanskeleg eit ord som finger kan vere.

Her frå nynorskordboka:
kvar av dei fem rørlege lemene på handa peikef- / knipse, peike med f-en / ha ein f- med i spelet vere med, verke inn / setje f-en på peike på (ein veikskap e l), stanse ved, kritisere / stikke f-en i jorda (og lukte kvar ein er) finne ut kva stad el. stode ein er i og handle etter det / ikkje lyfte ein f- ikkje gjere det slag (for å hjelpe t d) / få ut f-en få opp farten / vise f-en stikke langfingeren i vêret (som teikn på vanvørdnad e l) / i fl: fryse på fingrane / halde fingrane borte frå noko, el. halde fingrane frå el. av fatet ikkje blande seg borti / få fingrane i få tak i / ikkje leggje fingrane imellom ikkje spare på refsinga e l, ikkje ta omsyn, ikkje dempe seg / sjå gjennom fingrane med la passere (ustraffa) / krysse fingrane for ynskje hell for / telje på fingrane òg overf: vege att og fram, vere uviss / kunne på fingrane på rams, utanåt / ha lange fingrar vere langfingra, ha hang til å stele / ha grøne fingrar ha lag med plantestell


Det beste med å få gå på slike kurs, er at ein kan lære utan å tenke på prøver eller eksamen.  Heimearbeid har vi dermot fått.

tirsdag 22. november 2011

Tida vi lever i

På skulekjøkenet her om dagen fekk ein av elevane bruke den store Kenwoodmaskina til å piske krem.  Eleven var tydeleg imponert.  Eg spurde om dei ikkje ha kjøkenmaskin heime.  "Nei", svarte ho, men etter at ho hadde tenkt seg om nokre sekund, kjem det: "Men oss he kaffimaskin!".

Det er vel kanskje slik det har vorte.  God eller fancy kaffi er viktig.  Kaffitraktaren vår har begynt å skrante.  Men noko billeg kapselmaskin ville ha vorte svært dyr i drift her i huset med tre eller fleire kaffidrikkarar.  Trikset er sjølvsagt å selje billege maskiner og deretter dyre kapslar.  No håper eg at slike maskiner som mel kaffien før dei bryggar han, kan kome ned i ein høveleg pris.

mandag 21. november 2011

Hodejegerne

Film er best på kino.  Eg veit det.  Men eg kjem meg sjeldan så langt.  Tida går fort, så det er ikkje så lenge til ein får kjøpt filmen på DVD, kanskje den til og med kjem på Coop-kupp!

Når det gjeld boka, så likte eg betre denne krimboka som er frittståande, enn eg har likt dei to siste Harry Hole-bøkene.  I denne romanen er det ein kjeltring, nemleg ein hodejeger og kunsttjuv, som er hovudpersonen.  Han vert lurt inn i ei felle, men kjem han seg ut av ho?

Forventningane til filmen var ikkje akkurat høge (jfr: varg-Veum-filmane).  Kanskje derfor vart eg positivt overraska.  Eg synest filmen hadde nerve og driv i seg.  Men sjølvsagt er boka mykje betre.  Så mitt råd er: Kjøp gjerne filmen om du ikkje har sett han på kino, men les boka først!

søndag 20. november 2011

20.november - ute og inne

 I dag er det Moldekamp, så det vart tidleg middag.
 Menyen var enkel: Kyllinglår, ris , salat og saus.  Hermetisk frukt med krem og fruktkake til dessert.
 I går skulle eg sjå til platane mine i "nyestova".  Då oppdaga eg at novemberkaktusane mine står i full blomst.
 Dei er plasserte rundt om i stova.  eg har mest av ein farge som eg tok stiklingar av for nokre år sidan.  Dei er lette å formeire om ein gidd.
 Kuldedagane tok ikkje knekken på ringblomstrane.
 Vert det mildt framover, kan det bli fleire roser.
 Eg er glad eg ikkje kasta utepotteplantane i haustferien.
 Hengeplante i full blomst.
 Denne er like fin.
Fuksiaen står med 100 knoppar.

Om ei veke er det første søndag i advent.

Bok 56: En rettferdig dom

Denne krimromanen er frå 2000, og er nummer fire i serien med advokat Svend Foyn.
Ei jente er drept, ein mann har tilstått og alt verkar opplagt.  Men mor til offeret får ikkje fred og oppsøker Svend Foyn. Eitt av spørsmåla er kvifor ein uskuldig mann eventuelt tek straffa for noko han ikkje har gjort.

Boka er skriven etter same oppskrift som dei andre bøkene i serien, med godt språk og herlege sleivspark.  for meg er dette god underhaldning.  No satsar eg på å få lese den siste i næraste framtid.  Sjå lista under.



Kjelde: Wikipedia

  • Gylne tider – kriminalroman (1996)

  • Kalde hender – kriminalroman (1998)

  • Det annet kinn – kriminalroman (1999)

  • En rettferdig dom – kriminalroman (2000)

  • En nødvendig død – kriminalroman (2002)

  • Den siste dansen – kriminalroman (2003)

  • Din eneste venn – kriminalroman (2005)

  • For Guds skyld – kriminalroman (2007)

  • Det ingen vet – kriminalroman (2008)

  • Madrugada – kriminalroman (2009)

  • Bake kake søte – kriminalroman (2010)

  • Straffen – kriminalroman (2011)
  • lørdag 19. november 2011

    Messe og bruktfunn

    I dag ringte ei venninne og ville ha meg med på messe i Brandal.  Det passa godt.  Det er artig å sjå kva folk lagar rundt om. Eg tenkjer alltid at eg kunne ha strikka og baka sjølv, og det kanskje betre og, men som regel kjem eg ikkje så langt.

    Det som freistar meg mest, var ei heimelaga fruktkake. Den kunne pakkast i aluminiumsfolie for å halde seg til jul.  Heilt ærleg trur eg den endar som laurdagsgodt i heimen i dag, så får eg bake meir seinare.  Eg seier som røvarane "Det er godt med mat som en dame har laget". Og den dama treng ikkje alltid vere eg.

    Vidare hadde vi ærend i kjøpmannsgata.  Vi fann ut at vi kunne kike litt i bruktbutikken også.  Der fann eg "skåla som mamma knuste".  Det hugsar eg godt.  Ho klaga, som eg alltid gjer, på at om ein knuser noko, er det noko ein liker.  Småskålene har eg fått av henne.  No har ikkje eg for få skåler.  Det er derfor eg ikkje bør gå innom bruktbutikkar.  Eg har ikkje for lite av noko.

    fredag 18. november 2011

    Bakepapir

    Eg hadde lova frøkna ein liten bytur i dag. Postkassa har vore full av julekatalogar denne veka.  Det er visst på tide å begynne å planlegge jula.  Sjølv har eg ikkje kjøpt ei einaste julegåve enno.  Hausten har vore så fin at både advent og jul har virka fjernt.  I dag har vi hatt ein slik mørk novemberdag som vi har vore sparte for til no.

    Eg hadde eitt ærend i byen, og det var fort unnagjort.  Elles vart det ein del kiking, eller sondering om ein vil. Ungdomsbutikken skulle få inn mange kjolar neste veke fekk vi vite.

    Men mat må ein ha! På Mega fann eg Edamerost.  Det er yndlingsosten min, og eg kjøper Edamer heile året. Om den framleis er laga i Ørsta, veit eg ikkje.

    Dagens løp-og-kjøp-tips får bli bakepapira som ein no får 3 for 69 på Coop.  Dei er svarte, men eg reknar med at dei er av same kvalitet som dei brune.  På skulekjøkenet bakar vi mykje, og vi sparer fort inn att desse arka.

    torsdag 17. november 2011

    Bok 55: Barnepiken

     Eg har nyleg lese nok ein bestseljar.  Romanen er filma, så eg har planar om å få sett filmen etter å ha lese boka.  kjenner eg meg sjølv rett, vert det til at eg kjøper DVD-en.

    Miljøet er Missisippi på 60-talet.  Ei ung kvit kvinne får lyst til å bli journalist i staden for å leve opp til forventningane om å gifte seg og få familie.  Ho begynner i det små med å skrive husmortipsspalta i ei avis.  Husarbeid har ho ikkje greie på, ho som er oppvaksen med hushjelp. Så ho må gå til ei svart hushjelp ho kjenner.

    Det vert til at ho bestemmer seg for å skrive ei bok om dei ulike lagnadene til farga hushjelper i byen.

    Eg likte denne bestseljaren.  Forfattaren greier å skildre eit miljø og ei rekkje mennesketypar.  Ho skildrar menneska med humor og varme. Og ikkje minst greier ho å halde seg når det gjeld kjærleikslivet til hovudpersonen.

    Lydbokversjonen er litt forvirrande, for her er tre forteljarstemmer, Skeeter, Minnie og Aibileen.  Dette har dei løyst med å ha tre opplesarar.  Men dei les for likt.  Ein skulle ønske dei hadde kvar si dialekt bak stemma, ein skarre-r eller noko anna som kunne ha vore til hjelp.  Les gjerne om boka på Bokkilden.

    onsdag 16. november 2011

    Då mannen drog ...

     ... til fjells saman med dottera, ringte dei frå butikken og fortalde at Riks-TV-boksen hadde kome.  Han snudde på Grimstad, gav meg beskjed om å rykke ut låneboksen og stå klar.  Det gjorde eg sjølvsagt.  Her nærma det seg stengetid.

    Eg fekk høyre at det hadde vore ein fordel om TV-en stod på når han kom heim frå fjellet.  Under mottoet "Kor vanskeleg kan det vere?", gav eg meg i kast med boksen og bruksanvisninga.  Arbeidsdelinga her i familien bruker å vere at han riggar til, og så tek eg fjernkontrollen og tek det derifrå.

    Ein kan ikkje gjere narr av program som "Da damene dro", og så vere like hjelpelaus den andre vegen, meiner no eg.
     Å plugge inn boksen var det enklaste.  TV-en  reagerte som han skulle og NRK var på plass ganske raskt.  Men så mangla ørten kanalar.  Då kom eg på den gongen eg ringte til Riks-TV for at dei skulle få sjå fleire kanalar i kjellaren.  Dei må ha nummer på kortet og boksen.  Det ordna seg med ein telefonsamtale.
    Så fekk eg høyre at det hadde vore eit veddemål på turen heim frå fjellturen om mor ville greie dette.  Dei hadde trudd på svart skjerm!

    "Nød lærer nøgen kvinne at spinne", seier no eg.

    tirsdag 15. november 2011

    Blandabalj - perfekt denne gongen?

     I dag gav eg gjengen beskjed om å skrelle poteter til eg kom heim.  Eg ville lage blandabalj av fiskefase eg fekk av far min.  Eg brukte same oppskrift som før, men let foodprosessoren gjere jobben.


    Blandabalj i foodprosessor
    1 liten løk
    1/2 kg rivne poteter
    1/2 kg malen fisk
    1 ms kveitemjøl
    1 ms potetmjøl
    1 1/2 ts salt

    Kokekraft: 3 l vatn og 2 ms salt


    Slik gjorde eg det:
    1. Hakk løken med kniven.
    2. Ha i poteter delt i ca fire.  Køyr maskina til dei er malne.
    3. Ha i fisk.  Lat maskina gå medan du har i mjøl og salt.  
    4. Form balj med flesk i midten og ha i kokande kraft.


    Konsistensen på denne blandabaljen vart mykje fastare, meir lik svigermor mi sin, fekk eg høyre, og det er vel eit kvalitetstekn?  Eg kjem i alle fall til å halde på denne framgangsmåten.

    mandag 14. november 2011

    Gratulerer!

    I dag kan vi gratulere far/morfar med 75-årsdagen!

    Eg var inne på facebook og knabba dette bildet frå profilen hans.  Der har han ikkje så mange jamgamle vener.  Det er i grunnen litt synd, for mange av hans likesinna ville hatt glede av å dele lenkjer og tankar.

    Vi feira i går.  Kaka som vi fekk av mamma mykje betre i dag etter ein lang dag på jobb - og fiskekaker til middag.  I går stod det pinnekjøt og karamellpudding på menyen.

    No håper vi at dei har hatt ein kjekk dag med litt feiring til ...

    søndag 13. november 2011

    Fars dag

     I dag har vi feira både farsdag, far/morfar sin 75-årsdag(som er i morgon) og Erlend sin dag litt på forskot.  Eg kika litt på bilda frå i fjor før vi for heimanfrå.
     Her er ein som det begynner å gå opp for at han får det han har ønska seg mest i verda?
    Nettopp!
     Mormor og morfar sine jenter.
     Tre av gutane.  Fem manglar i år og.
    Her sit dei etter alder, frå 8 til 18.
    Smellbonbonar høyrer med.
    Og så er det desse vitsane.  Dei norske gjekk greitt, men så var det desse svenske!
    Mormor hadde lagt ein blomkarse på kvart fat.  Er det ein ting som absolutt ikkje var som i fjor, så var det veret!

    Takk for ein fin dag!
    Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...