lørdag 19. november 2011

Messe og bruktfunn

I dag ringte ei venninne og ville ha meg med på messe i Brandal.  Det passa godt.  Det er artig å sjå kva folk lagar rundt om. Eg tenkjer alltid at eg kunne ha strikka og baka sjølv, og det kanskje betre og, men som regel kjem eg ikkje så langt.

Det som freistar meg mest, var ei heimelaga fruktkake. Den kunne pakkast i aluminiumsfolie for å halde seg til jul.  Heilt ærleg trur eg den endar som laurdagsgodt i heimen i dag, så får eg bake meir seinare.  Eg seier som røvarane "Det er godt med mat som en dame har laget". Og den dama treng ikkje alltid vere eg.

Vidare hadde vi ærend i kjøpmannsgata.  Vi fann ut at vi kunne kike litt i bruktbutikken også.  Der fann eg "skåla som mamma knuste".  Det hugsar eg godt.  Ho klaga, som eg alltid gjer, på at om ein knuser noko, er det noko ein liker.  Småskålene har eg fått av henne.  No har ikkje eg for få skåler.  Det er derfor eg ikkje bør gå innom bruktbutikkar.  Eg har ikkje for lite av noko.

6 kommentarer:

  1. Så godt å finne noko ein "treng" :-)
    Var på Julemesse i dag. Vart berre med litt småkaker og eit Ambrosius brød heim.

    God helg!

    SvarSlett
  2. Der var ei anna skaål med seks dessertskåler i eplefasong, akkurat slikt som svigermora mi hadde. Den kjøpte eg ikkje, men det er koselege gjensyn på slike butikkar.
    Dei grøne skålene er no fine til jul ...

    SvarSlett
  3. Takk for handel;-)
    Fine skålar... mykje fint på bruktbutikken!

    SvarSlett
  4. Den skåla var i ein heim eg ferdast i, kva for ein huskar eg ikkje. På bruktbutikken i Myrvåg hadde dei den i raudt, det var sjeldant.

    Det er forresten den dyraste bruktbutikken eg har vore i, og eg har vore i mange, over heile landet. "Det går til ei god sak", sa ho som sat der. Knalldårleg argument, syns eg. Ikkje rart dei slit med å bli kvitt varene. Skulle tru sirkulasjon var viktigare enn høg pris på kvar enkelt kopp. Jaja, dagens utbrot.

    Mor mi har møtt mor di, forresten! :D

    SvarSlett
  5. Ho i kassa sa at butikken her har billeg i namnet "Brukt og billeg", og då må det vere billeg.
    Eg synest dei hadde prisa krus for høgt med tanke på kor billeg ein får kjøpt dei på Nille og liknande butikkar.

    Eg forstod det hadde vore ein kjekk dag i Aasentunet. Eg måtte ha meg nokre timar på jobb for å jobbe meg frampå. Stress for meg er det eg ikkje har gjort!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...