onsdag 30. november 2011

Jammen sa eg smør!


Mykje kan seiast, og vert sagt, om smør for tida.  Etter mange år med smørberg i landet og verdsdelen, er det no smørmangel.  Nokre gir sommaren skulda, medan andre skuldar på lavkarbodietten.  Sjølv er eg feista til å legge til dei som hamstrar.  Det skjer noko med folk når det vert mangel på noko.  Sjølv reagerer eg motsett.  Eg tenker at eg skal alltids greie meg utan smør til det vert overskot att.  Når dei som hamstrar skal tære på lagra sine, vert det sikkert nok til oss andre.  Får eg tak i fløyte og rømme, så skal det bli jul med eller utan smør.  Og då skal eg ikkje kinne.

Solveig kva betyr det å vere smørblid?
I går var det nokre tiandeklassingar som ville ha svar på dette.  Slike spørsmål vert eg glad for!  Ungdomar bør både lære og bruke slike uttrykk. Det viser elles at på same måte som finger ikkje berre er ein kroppsdel, kan også smør brukast på fleire måtar. Eg svarte at det er å vere litt kunstig blid.  For å vere heilt sikker sjekka eg ordlista.


smørblid
~blid ovende blid; tilgjort blid  

3 kommentarer:

  1. Eg er ikkje smørblid ;-) og har heller ikkje hamstra smør!
    Dei brøda du ha baka såg retteleg gode ut!

    Ha flott Desember!!

    SvarSlett
  2. Med smørblid forstår eg berre VELDIG blid-ikkje tilgjort. Det var nytt for meg.
    Fekk ikkje tak i smør i dag. Eg treng smør til kakefyll, elles kan eg bruke margarin. Godt NOK.For oss som har opplevd tider med rasjoneringskort og tomme butikkar er dette eit lite problem, meiner eg.

    SvarSlett
  3. Mangel gjer at ein vert kreativ!
    Det var ikkje utan grunn at eg måtte sjekke ordlista. Det var dei som meinte eg tok feil...

    Valnøttbrøda vart kjempegode Sigrid. Eg trur det vert grove julebrød i år.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...