søndag 17. juni 2012

Bok 29: Før jeg sovner

Kvar dag vaknar Christine utan å hugse noko av dei siste 20 åra. Så møter ho ein ny terapeut som hjelper henne i ein prosess der ho stadig hugsar meir frå fortida.

Romanen fengjer ein med ein gong.  Ein går rett inn i handlinga, og det er ei interessant problemstilling som vert tatt opp. Eg måtte lese på omslaget ein gong til - er dette verkeleg krim.

Då eg begynte på CD 6, lurte eg på om eg hadde lese det før.  Det hadde ikkje vore mykje utvikling på CD 5, for å seie det slik.

Eg ser at romanen har fått mange prisar.  Eg vil absolutt seie den var spennande og annleis.  Men eg synest slutten var noko føreseieleg, for å bruke eit nynorskord.  Noko låg kanskje i lufta, men dette var altfor "klissete" for meg ...


5 kommentarer:

  1. Eg sjekka bloggen min og fann ut at eg har skrive om lag det samme som du. Men hugsar eg slutten NO ? Nei!

    SvarSlett
  2. Fordelen var at der var få personar. No slit eg med å kome inn i persongalleriet i Kråkejenta. Ser det er ein trilogi, så då får ein satse på at det er lettare med dei to neste!

    SvarSlett
  3. kriv ned namna og litt om kven dei er, det lettar lesinga vidare. Eg HAR gjort det somme tider."Kråkejenta" har eg ikkje lese. Forresten er iPod det same som MP3-spelar, berre det at Apple kallar sine for iPod. Eg har spurt dei unge mennene på El-kjøp. Men det er vel iPad laug meiner at eg treng?

    SvarSlett
  4. I-poden min må eg ha eige program til , I-tunes. MP3-spelarar bruker Windows media Player. Spørs om det går an å gjere det eine om til det andre? Skal prøve med minnepenn, lagre inn grå Windows og ta inn på I-tunes, for filene er vel dei same.

    SvarSlett
  5. P.S. Ho meiner sikkert at du treng I-Pod, for det ønskjer ho seg sjølv.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...