lørdag 16. juni 2012

Vaniljeis i nye former

 I dag stakk eg innom bruktbutikken for å sjekke om dei hadde noko eg treng.
 Der fann eg to former i litt ulik lengd.  Det viste seg at dei passa perfekt til eit par fat eg sjeldan bruker. Til saman romma dei to formene 2 l, noko som er heilt perfekt til 2 pakkar fløyte.
TV-kokken laga is her om dagen.  Han brukte folie rundt isen.  Folien drog han berre rett av isen.  På den måten slepp ein å dyppe formene i varmt vatn slik eg har gjort før.

Oppskrifta mi på is er svært enkel.  Eg bruker ei eggeplomme og 1 ms sukker per dl fløyte.  Så har eg i smak.

Vaniljeis
6 eggeplommer
6 ms/1 dl sukker

6 dl/2 pk fløyte
4 ts ekte vaniljesukker

1. Visp eggedosis av eggeplommer og sukker.
2. Visp kremen mjuk (litt mindre enn til blautkake) saman med vaniljesukkeret - ein pakke om gongen.
3. Bland saman med slikkepott.
4. Set isen i frysaren.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...