torsdag 14. juni 2012

Årets travlaste dag?

 Dagen i dag kjem i alle fall høgt opp på lista over travle dagar.  Eg har hatt ti elevar oppe i norsk munnleg. Det er svært intenst arbeid medan det står på.
 No i kveldinga tok eg meg ein tur ut i hagen.  Peonane kjem seint i år.
Elles er eg spent på korleis det går med dei tre buskane vi fekk i fjor.  Det er i alle fall liv i alle!

Når middagen vert enkel(les: Gilde karbonadar), vil gjengen gjerne ha noko godt til kveldsmat.  Amo sin blogg reklamerte for Fjordland risgraut i dag.  Eg kom på at eg hadde att ein rømmegraut frå eit "fåattpåtilbod", men sidan det ikkje er nok til fem, kokte eg ein semulegrynsgraut først, og så hadde eg rømmegrauten oppi.

5 kommentarer:

  1. Ja da ble det jo nok "rømmegrøt".
    Det hender jeg lager smørgrøt, eller fløyelsgrøt som det ble kalt da jeg lærte å lage det på skolen i sin tid, og så har jeg noe rømme oppi der. Smaker litt rømmegrøt av det også.
    Ikke bare å ha 10 elever oppe i muntleg. Kan forstå at det er travelt. Ikke lange pausene mellom hver da.
    Ha ei herlig helg :)

    SvarSlett
  2. Heldigvis sit eg att med kjensla "Vel blåst!" når det gjeld eksamen. No føler nok elevane seg fint ferdige med heile ungdomsskulen. Berre fest att.

    Graut kan ein lage på mange måtar. Tredje gong eg låg på føden fekk vi rømme i risgrauten. Det smakte sjølvsagt ekstra godt då.

    Og det skal bli godt med helg!

    SvarSlett
  3. Gratulerer med overstått! Eg har òg hatt ein travel dag, men eg får ekstra betaling :)

    SvarSlett
  4. Vel overstått munnleg eksamen.
    Krevjande stunder, men no kan du sjå mot ferie :)

    SvarSlett
  5. Ja, no har elevane levert inn dei fleste bøkene og berre festen står att, sånn omtrent.
    Eg var sensor førre torsdag. Det er endå meir intes på eit vis.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...