mandag 4. juni 2012

Håvamål - "den høges tale"



Nokre av oss går rundt og kan ein strofe eller to frå Håvamål.  I dag kom eg opp i ein liten diskusjon så pass at eg måtte slå det opp.


Dei var ikkje dumme forfedrane våre, og vi ser fort at dei har gjort seg nokre erfaringar - ikkje så ulike folk sine erfaringar i dag, vil eg tru.


Det som "alle" bør kunne:


77.
Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Eg veit eitt
som aldri døyr,
dom um daudan kvar.

Som ein god nummer to:


11.
Betre byrdi
du ber 'kje i bakken
enn mannavit mykje.
Med låkare niste
du legg 'kje i veg
enn ovdrykkje med øl.


Dei døgna kanskje før og?


23.
Vitlaus mann
vaker all natti
tenkjer både upp og ut.
Han er trøytt og mod
når morgonen kjem,
og alt er flokut som før.

Her gjeld vel likestilling?


93.
For elskhugen din
ingen mann skal
gjeva deg last og lyte.
Ofte klok mann fell,
der fåmingen stend,
for eit ovfagert andlet.


Viktig livsinnstilling:

71.
Er du halt, kann du ride,
handlaus gjæte,
er du dauv, kann du duga i strid.
Blind er betre
enn brend å vera;
daud mun ein lite duga.

Resten finn du her.

Håvamål er nedskrive på 1200-talet, men ein meiner det kan ha vore dikta frå 800-talet.  Bokstavrima gjer det lett å lære.

2 kommentarer:

  1. Håvamål er interessant lesing som fortel oss mykje om "likt og ulikt" i fortid og notid.

    SvarSlett
  2. Og så er det knakande godt skrive med fantastiske ord og uttrykk!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...