søndag 24. juni 2012

Mimrebilde

 Det kom eit ønske om eg kunne legge ut nokre bilde av jubilanten då han var liten.  Dei kom ikkje frå han sjølv. Han for på jobb i firetida.
 Treårsdagen hans feira vi ute.  Eg hadde laga borg med mange seigemenn fanga i midten.
 Oldemor Amanda saman med tre av oldebarna.
 17-mai 1991.
 Karneval i barnehagen. Denne tida var Martine og han gode vener.
 Ein kan diskutere om arv og miljø.  Då han var liten, sat Einar omtrent aldri i ro.  Han var heller ikkje den som hoppa og spratt.  Han jobba jamt og trutt.
 Om eg pynta han, gjekk det ikkje lenge før skjorta stakk ut om buksa og stilen vart ledigare!
Her har vi kome til fireårsdagen.  Det er tydeleg at dette er midt i Sesam Stasjon sin glansperiode.

1 kommentar:

  1. Grunnen til at eg ikkje har laga mimreside om Einar er at eg var i tvil om mhan ville like det. Men eg bladar av og til i gamle album og lurer på kvar åra har vorte av.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...