lørdag 30. april 2011

Til bya for å kjøpe bunad

Sidan eg sjølv har sognebunad, har eg ikkje spesilet greie på sunnmørsbunaden.  Det var nokre som fekk greie på at eg ikkje hadde bestilt til neste års konfirmant, og dei meinte at eg måtte hive meg rundt.  Folk bestiller fleire år på førehand.

Då eg kontakta ei av Hareids flinkaste damer, fekk eg høyre at eg var seint ute, men ho hadde fått ei avbestilling!  Av og til har ein vel meir flaks enn ein fortener.  Ho vil montere og sy vigraskjorte, som er ei festskjorte.  Sjølve broderinga ville ho og formidle.  De eg måtte gjere, var å skaffe ein bunadspakke.
Så i dag tok eg båten over, kjøpte ein bunadspakke, og tok første båt attende.  Der var og stoff til cape.  Denne pakken ser ut til å innehalde alt som treng til brodering.  Prisen var 5500 kroner - om nokon lurer.
Det var mykje liv i Ålesund i dag.  Der var gateløp i gågata, og der stod folk og selde tulipanar mot narkotika.  Men mest liv var der sjølvsagt på kjøpesentera.  Sjølv ser eg på det mest som ei straff å gå inne på eit kjøpesenter ein solrik laurdags føremiddag. Men eg hadde vel ein halvtime ventetid, så eg stakk innom Traktøren og kika på kjøkenutstyr.  Det er ikkje det at eg treng noko, men eg liker å sjå på kva som finst.  Det einaste eg kjøpte, var denne slikkepotten.  Eg ser Wenche bruker slike på Frukost-TV av og til.

fredag 29. april 2011

Tropisk aroma

Det er konfirmasjon i nabobygda, og eg har lova ein kollega å bake kake.  Ho hadde nok karamellpuddingar, så eg foreslo ei kake som står seg.  Av og til bakar eg dobbel porsjon i 22 cm og 24 cm form.  Det går akkurat inn i omnen.  I går ganga eg oppskrifta med 1,5 og laga ei stor kake i 28 cm form.  Frøkna hjelpte meg med å pynte.  Glasuren dobla eg oppskrifta på.  Her må eg tilstå at eg har eit nokså avslappa forhold til oppskrifta.  Eg har i kakao til fargen er høveleg.  Kaffi lagar eg av pulver.  Eg har litt kokande vatn i pulveret og rører det ut, så skiftar eg til ein kald kopp og har i kaldt vatn.  


24 cm rund form
125 g smør
280 g (3 dl) sukker

2 egg

290 g (4 1/2 dl) kveitemjøl
4 ts bakepulver
1 knivsodd salt
1 ts muskatblomme
1 ts kanel

2 dl mjølk

1. Rør smør og sukker kvitt.
2. Rør inn eitt og eitt egg.
3. Sikt på mjøl og bland i vekselvis med mjølka.
    (eller ha i alt om du bruker kjøkenmaskin)
4. 1/3 av røra har du i 1 ms kakao iblanda 1 ms mjølk.
5. Ha den lyse røra og den mørke i forma.  Du kan lage marmormønster i eller legge i med skei litt hulter til bulter.
6. Steik kaka ved 180 grader i 45 - 60 minutt.

Fyll og glasur
3 ms smør
250 g melis
1  ms kakao
1 ts vaniljesukker
3 ms krutsterk kaffi.

Rør saman til glasuren er lett og luftig.  Pynt kaka etter ønskje.  

torsdag 28. april 2011

Sei i karri

Denne gamle åttitalsretten har vorte populær i familien.  Den har lagt på gamlebloggen.  No legg eg han her merka med etiketten fiskerettar, så vert det lettare å finne oppskrifta.   I dag serverer eg den med mandelpoteter og salat til.



Sei i karri
ca 600 g seifilet
3 ms kveitemjøl
2 ts salt
1/4 ts pepar
1(++) ms margarin eller smør til steiking

2 1/2 dl matfløyte (eg blanda kremfløyte og heilmjølk)
1-2 ts karri

1-2 løk
1-2 ms margarin eller smør til steiking

Vend fiskestykka i blandinga av mjøl, salt og pepar.
Brun fiskestykka pent i steikepanna.
Steik løken i ei lita steikepanne ved sida av.
Rør ut karrien i fløyte og hell over fisken.  Legg på bruna løk.
Lat retten trekke i ca 5 minutt.
Server med kokte poteter eller kokt ris og ein grøn salat til.

onsdag 27. april 2011

Ingen som liker Lewis?

Eg har mange "treff" på bloggen for tida, men det er få som stemmer på årets påskekrim!


Sjølv vart eg positivt overraska over Foyle i år.  Krigen er slutt, og det er problemstillingane og historia kring krigsoppgjeret som er bakteppe.

Alt i alt held eg ein knapp på Forhandleren, mest fordi den har andre problemstillingar enn dei gode, gammaldagse krimane.

Eg håper at fleire tek seg tid til å stemme.  Eg tek det ikkje ille opp om folk skriv at dei ikkje ser krim!

tirsdag 26. april 2011

Full oversikt?


Eg har vore litt skeptisk til å legge ut oversiktsbilde frå hus og hage.  Det er ulike grunnar til det utan at eg skal utdjupe det.  I år har eg bestemt meg for å legge ut fleire hagebilde.  Då tenker eg meg beda til ulike årstider.  det er vel ikkje rett å kalle det før- og etterbilde, i alle fall ikkje i alle tilfelle.
Dette bildet er teke frå altanen.  Eg har ikkje kunna røska vekk alt det visna enno, for det har følgt med røter. Det er kuleprimula som blomstrar no.

 Nedsida av same bedet.  Her er det stort forbetringspotensiale.  Her kjem roser og høge staudar.
 Dette er nok det finaste bedet mitt.  Her kjem det roser og peonar.
 Nokre få små påskeliljer kom opp likevel .  Det er nok berre fjorårets.  Ikkje alle liker at eg vil å skvåsj sånn i glaninga.  Rabarbraen skal nok og flyttast.
 Her har mannen i huset fått løyve til å sage ned buskmurehekken.  den kjem nok oppatt, men eg lurer på om vi skal plante noko vintergrønt.  Her ønskjer eg meg eit uterom utan innsyn, noko vi kan gløyme i år?
 Her er bedet mot den andre vegen.  Mykje arbeid står att.
 Eit par nærbilde må det også bli.  Her ser de at det er liv i den nydelege rosa eg fekk av aurgjeldingane i fjor.
Denne primulaen har eg rikeleg av.  Den formeirar seg i høgt tempo.Om nokon i nærleiken vil ha seg ei lita rot, er det berre å gje eit hint.

mandag 25. april 2011

Bok 21: Sjabervik

I påska har eg lese novellesamlinga til forfattaren i familien.  Eg skal ikkje gje meg ut på å melde boka på nokon måte.  Men eg kan plukke ut ei favorittnovelle, og det må bli "Heimkomen son".

Neste onsdag skal novellesamlinga lanserast på Kaffikari i Ulsteinvik. Der er alle velkomne!

Lakenbretting

Bretting av stretchlaken.

P.S
Etter oppmoding legg eg ut denne på bloggen.

søndag 24. april 2011

Bok 20: Til din vrede går over

Det vert mykje krim i påska både i bokform og på TV.  Denne lydboka har eg høyrt på kort tid, mykje av den til hagearbeid.  Det er ein fin måte å kombinere to hobbyar på.

Boka opnar med eit grusomt mord.  To ungdomar er ute og dykkar under isen.  Nokon legg ei dør over holet.  Slik vert ein dregen inn i handlinga.  Romanen må kallast ein pageturner.

Dei som løyser kriminalgåta er to kvinner.  Og eg har ei kjensle av at dette er "damekrim".  Les gjerne meir på bokkilden.  Eg gav den fem stjerner.

lørdag 23. april 2011

Kylling i kokos og koriander

Dette er ein rett som i alle fall eg må handle inn til.  Det er ikkje slike ingrediensar eg nødvendigvis har i hus.  Derfor er det kanskje ikkje rette dagen å legge dagens middag ut på bloggen ...  Frisk koriander måtte eg på butikk nummer to etter.  Ein annan gong kuttar eg berre ut den friske korianderen om eg ikkje får tak i.

Oppskrifta fann eg på TV2 etter at eg hadde sett Mona Halvorsen reklamere for kokeboka si og lage denne retten.  Oppskrifta er til fire personar.  Eg laga dobbel porsjon i gryta mi.  Der ligg att mat til ein person til.  Då må det og seiast at kyllingfiletane mine var store.  Eg brukte ca 1 1/2 kg kyllingfilet og 5 kjempestore  sjampinjongar.


4 kyllingfiletar
1 fersk chili 
1 boks kokosmjølk
nokre sjampinjongar

3 ms søt chilisaus 

salt
pepar

I oppskrifta er der to ulike framgangsmåtar.  Eg steikte kyllingfileten i gryta og i ei steikepanne sidan det var så stor porsjon.

1. Varm ei steikepanne/gryte på middels varme.
2. Skjer kyllingfiletane i store bitar og steik dei nesten ferdige. Krydre med salt og pepar.
3. Ha i kokosmjølk, hakka chili (eg tok ut frøa), sopp, chilisaus og halvparten av korianderen.
4. Kok opp, senk temperaturen og lat retten trekke til kyllingen er gjennomkokt.
(Eg jamna retten med (2)1 ms maisenna utrørt i litt vatn.)
5. Dryss over koriander ved servering.

Server med ris og salat.

Retten fall godt i smak her i familien.  Mona sa den var barnevennleg, og det er eg eining i.  Den er søt og smakfull - og min vart ikkje sterk sidan eg tok ut frøa for å vere sikker. "Den funka godt".









1 potte fersk koriander 
3-5 sjampinjongar

Påskeaftan

I går kveld dekka eg på eit frukostbord og sette fram påskeegg.  I dag vart frukosten eten på altanen i solskin.  Kan ein få det betre?

fredag 22. april 2011

Langfredag

 I dag tok eg med meg dei to yngste til Ørsta slik at vi kunne treffe slekta der.
 Fineveret som vi har venta på kom endeleg i dag, så vi tok oss ei lita utflukt til næraste leikeplass som er ved Vikemarka skule.  Både store og små kosa seg der.
 Dette trekløveret er jentene i slekta.
 Leikeplassen er laga slik at der er utfordringar for alle.
 Her gjeld det å halde tunga beint i munnen!

Stem på årets påskekrim

Tradisjonen tru så legg eg ut ei lita meiningsmåling på bloggen min der dei som er innom kan stemme på årets påskekrim. Mange stikk innom bloggen, men skriv ikkje kommentarar.  Slik er det med meg og.  Meiningsmålingar tek det berre eit par sekund å stemme på.


Forhandleren
Dette er TV2 si satsing.  Eg synest 1. episode lova bra.  Det kan hende folk vil vente med å stemme til dei har sett denne ferdig.





Thorne
Denne serien er basert på Mark Billingham sine romanar.  Eg las første boka i serien for to år sidan og likte henne godt.  Fleire har eg ikkje kome over.  Sjølv likte eg 1. episode best.


NRK har i tillegg til denne nye serien, satsa på nokre gamle travarar.  Mange liker Agatha Christie.  Eg har ikkje sansen for oppklaringsmetoden der alle skal samlast i eit rom til slutt.


Lewis
Traust serie.  Eg kjem nok til å sjå denne.
Foyle
Krigen er slutt.  Foyle vil slutte.  Eg skal sjå serien i opptak.
Poirot
Topp skodespelarar kan gjere serien verd å sjå.
Miss Marple


Eg er litt usikker på om eg har fått med alle?  Tips meg om de saknar ein krim!

torsdag 21. april 2011

Skjærtorsdag

 I dag har vi tatt turen over Romsdalsfjorden til Molde by.  Planen om å ta bilde av Romsdalsfjella sette skodda ein stoppar for.
 Vi gjekk ein tur og besøkte slekt på ei hytte i området.  Stemninga var trolsk på vegen innover.
Tilbake på Sulesund.  Veret er betre, og vi håper på sol i morgon!

onsdag 20. april 2011

No kan ein lage omelett utan å knuse egg ...

... og eg liker det ikkje.  Jau visst liker eg omelett, men ikkje det nye produktet.  Kvifor skal ein fylle opp butikkhyllene med pakningar med knuste egg?  Dette piskar folk lett saman sjølve! Det er ikkje pensum på ungdomsskulen ein gong.  Oppskriftene finst i kokebøker for 6. klasse.

 Fyll heller butikkane med råvarer.  Utvid tilbodet innan frukt og grønt. Skal du ha ei potte fersk koriander til dømes, må du kanskje innom fleire butikkar.

Viss det er klinkeegg hønseria vil bli kvitt, så får dei heller selje dei knuste til storhushaldningar, så slepp folk å ete pulvereggerøre når dei skal ha seg ein betre frukost på hotell.

Eg håper folk boikottar dette tilbodet!

Bok 19: Vi skal arve vinden

Denne til no siste boka om Varg Veum.  Eg har gledd meg til boka, men først no fekk eg tak i henne som lydbok.

Handlinga går føre seg i Gulen på ei oppdikta øy nær Byrknesøy.  Dette er ein kjend geografi for oss, noko som gjer boka ekstra interessant å lese.   Ein av dei oppdikta personane heiter Rørdal frå Byrknesøy, begge to kjende namn i slekta.

Kriminalhistoria er grei.  Staalesen tek oss med inn i ein familietragedie og i inn miljørørsla.  Vindkraft er tema. Varg Veum sitt privatliv i denne boka liker eg ikkje.  Eg liker ikke at folk blir drepne ved uhell.  Men det fungerer i historia.  Varg Veum heldt på å bli blaut ...

Det eg liker best i Staalesen sine bøker er språket.  Ingen kan skildre ein person eller eit miljø på same måte som han.  Her er samanlikningar som ingen andre ville ha kome på.

Opplesaren, Lasse Linther, les og spelar heile persongalleriet på ein fabelaktig måte.  Vanlegvis liker eg at opplesaren les bøkene til meg, ikkje tolkar dei.  Men Lasse Linther løftar bøkene til Gunnar Staalesen.

Les ikkje Staalesen, sjå ikkje filmane - før du har lytta til lydbøkene!

tirsdag 19. april 2011

Familiefest

 I dag var "mi" slekt samla her hos oss.  Vi var atten med stort og smått - like mange som eg har kvite tallerkar.  Gult er ein farge ein lett vert lei av.  Men eg slo til og kjøpte tjue brikker då eg fann dei til ti kroner stykk på Kid.  Serviettane er frå Nille.  Blomstrane fann eg i hagen og i krukkene.
For dei som lurer på kva eg serverte, så var det svinesteik til middag og karamellpudding og gele med bær i til dessert.

Viss nokon lurer på val av overskrift, så er ikkje det tilfeldig.  Vi kjem gjerne inn på språkspørsmål.  Fest vil ha ulik tyding etter kva alder ein er i, var vi einige om.  Besta er med og arrangerer festar for pensjonistlaget.  Det ville nok ungdomane ikkje godtatt som fest.  Å feste derimot er det same som å drikke alkohol.

Familiebilde finn de på Ariel og Besta.

Flørneshunden

Desse vottane har eg strikka til systera mi.  Ho har fødselsdag i juni, så ho skal få dei i dag.  Det kan vel bli bruk for dei nokre veker til når ho skal lufte hundar.

mandag 18. april 2011

Lammegryte


Oppskrift på dagens middag fann eg på gamlebloggen min.  Eg hadde ikkje skvåsj i hus, så eg brukte gule gulrøter i staden.  Nokre av middagsgjestene var berre glade til, eg treng verken å dyrke eller ha skvåsj i maten for deira del.  Slike gryterettar ser ikkje alltid så fine ut på bilde, men tek det att på smak.  Det kan og vere greit for dei som ikkje vil steike heile lammelår.  Eit lite lår passar godt til oss seks.  Beina legg eg i ein plastpose med 1 ms salt.


Eg har lurt på om eg skal ha same oppskrifter på nyebloggen som på den gamle.  Ofte legg eg berre ut link.  Men eg veit ikkje reglane for sletting av gamle bloggar.  No har eg i alle fall betalt for rikeleg plass på denne, så eg slepp å vere redd for plassmangel.

Oppskrifta er skriven for 15-åringar.


Lammegryte:


2 ms margarin
250 g lammekjøt i terningar

½ ts salt
1 krm pepar

1 dl vatn

1 gulrot i strimlar
¼ squash i strimlar

½ ms sitronsaft

1 dl vatn + 2 ts maisenna
1 dl creme fraiche 

½ løk
2 – 4 sjampinjong


1. Brun smøret i ei gryte og steik lammekjøtet ved høg varme.
2. Dryss over salt og pepar.
3. Tilsett 1 dl vatn og lat kjøtet stå og trekke medan du skjer opp grønsakene.
4. Ha i grønsakene og lat retten trekke vidare i 10-15 minutt.
5. Rør saman vatn og maisenna og tilset jamninga medan du rører.
6. Tilset creme fraiche.
7. Brun sopp og løk. (Vent til du legg opp på tallerken).

Server gryteretten på tallerken saman med salat og poteter. 
Sopp og løk kan du legge oppå gryteretten.

(Set tilbehør på bordet: Tyttebærsylte og sylta agurkar.)

Appelsinris

Finst det nokon meir typisk skulekjøkendessert enn appelsinris?  Men det er ingen ting i vegen for å lage det heime.  Det finst sikkert mange variantar av denne på nettet, men på min blogg vert det den heilt enkle oppskrifta.

(I dag brukte eg risrestar frå i går og ein pakke fløyte som går ut på dato i dag.   Så det vart ein resterett.)



1 dl grautris
4 appelsinar
2 ms sukker
1 pk kremfløyte


1. Kok risen.
   (Her bruker eg gjerne rikeleg med vatn.)
2. Slå gryna i ein mjølsikt og skyl dei under kaldt vatn.  Lat vatnet renne av.
3. Skrell appelsinane.  Del dei i båtar og skjer eller klipp båtane i bitar.
4. Bland appelsinar, sukker og ris.  Ta eventuelt av litt appelsin til pynt.
5. Pisk fløyten til krem.
6. Bland alt saman og ha appelsinrisen i ei skål.

Knaefrie rundstykke

I går var eg innom Tove som hadde vore inne på same bloggen som eg og funne oppskrifter på knaefrie rundstykke.  Eg såg at ho hadde ein kommentar på å løsne rundstykka frå forma.  Eg tenkte først å anbefale papirformer i muffinsforma, men så kom eg på at eg har nokre lite brukte silikonformer liggande.

Deigen rører ein berre saman om kvelden.  Eg bruker ein slikkepott.

 Så får den heve over natta på benken.
Morgonen etter set ein på omnen og fordeler deigen i formene.  Eg bruker to skeier.
Så er det rett i omnen når han er varm nok.  Dei heva seg godt, som de ser.  Mine kunne ha vore litt betre steikte.  Silikon leier vel ikkje varme så godt.

søndag 17. april 2011

Palmesøndag

Enkelte dagar berre flyg.  Slik har det vore med dagen i dag.  Eg har drive med diverse skrivearbeid i tillegg til baking og husarbeid.  Litt kaffikos har det vorte tid til. Eg laga dobbel porsjon av Schakenda sine kveitebollar. Det er herleg å kunne stå opp og sjå på veret kva ein skal finne på.  Men no ønskjer vi oss sol!

Resten av familien har vore opptatt med fotball.  Yngstemann har vore på trening.  Jentelaget har vore i Volda og vunne 5-4.  Journalisten er i Molde på frilansoppdrag fot VG.  Elles har det vore Liverpoolkamp på TV, og ein kan visst sjå Stokekamp på PC-en med spansk kommentator.
I år kan eg ikkje sjå ei einaste lita påskelilje i hagen.  I fjor kom mange opp.  Eg trudde eg skulle samle til ei heil rad, men i år er dei vekke.  Kva har skjedd?  Har kulden tatt knekken på dei?  Dei store, vanlege lever.  Det er desse små ein grev ned etter at dei har pynta i krukker ute og inne som manglar. Kanskje dei kjem att berre eitt år? Tulipanane, som eg trur er av typen "Rødhette", ser ut til å ha overvintra.  Skal eg grave desse på bildet djupare når den tid kjem?

lørdag 16. april 2011

Alt-i-eitt-gryte med svinekotelettar

 I dag laga eg ein middag som passar seg sjøl, slik at om ein lagar han etter frukost, kan han stå  i omnen medan ein gjer andre ting.  Ein bruker ikkje oppskrift, men puttar det ein har/liker i gryta.  Eg steiker kotelettane før eg legg dei lagvis med grønsaker.  Det einaste vatnet eg hadde i, var det eg skylte ut av boksane med.  Viss ein har barn som er skeptiske til nokre av grønsakene, kan ein hakke dei i maskin slik at dei vert "usynlege".  Eg skulle ha hakka dei soltørka tomatane. Svinekotelettane skal eg bein og feitt frå.  Det har eg lagt ein plastpose med eit par teskeier salt med tanke på ei suppe ut i veka.

I dag hadde eg:
tomat i boks
poteter i skiver
løk i ringar
gurot i skiver
kvitløk, hakka
paprika i skiver
litt stilkselleri
litt purreløk
nokre søte, tørka tomatar

steikte kotelettar, salta og krydra
krydder etter smak

Mengdene får ein tipasse gryta/familien.  Eg hadde 3 boksar tomatar og 15 kotelettar.

Steik under lok på 150 grader 2-3 timar.
Servér gjerne med focaccia eller anna brød.

Bok 18: Tredje i rekka

Då eg kom over denne boka som er den tredje av forfattaren, bestemte eg meg for å lese henne sjølv om eg var litt lei etter andre.

Også denne er med ein pensjonist og ein annan person som gåteløysar.   Der er ein mordbrann som tek oss med inn i svensk pornoindustri.  Der er ei anorektisk kvinne som har kontakt med alvar, eller ikkje, og som skriv bøker for mannen sin Max med det store egoet.  Bøkene har titlar som "Maximalt ..."  Akkurat det har eg sansen for.

Oppklaringa er som før, noko har vi gjetta på førehand, frampeika er på plass, og noko kjem overraskande.

Også denne boka er ein pageturner.  Men eg må innrømme at eg liker betre krimbøker med politietterforskarar eller detektivar.

fredag 15. april 2011

Kvar er Pelle?

Hugsar de kor bekymra vi var for piggsvinungane i haust?  Vi vog Pelle på kjøkenvekta, og han vart funnen for lett for å overleve vinteren.  I kveld dukka det opp eit lite piggsvin for å ete kattemat.  Kanskje det er Pelle?  Eg måtte fotografere "i blinde", berre blitsen lyste opp.

Ambrosiakake

Denne veka har vi hatt såkalla påskelunsj.  Til dessert har vi laga ambrosiakake.  Nokre elevar er skeptiske til å ha appelsinskal i ei kake, men ingen klagar på smaken.  Kaka på bildet er det ein elev som har laga.  Ho hadde på melisglasur etterpå.  Når eg bakar kaka heime, gongar eg med fire og bruker ei langpanne.  Oppskrifta meiner eg er akkurat passeleg detaljert for ein niandeklassing.



Botn:
125 g smør
2 dl sukker

2 egg

finrive skal av ein appelsin
safta av ein appelsin (ta av 1 ms til glasuren)

3 dl kveitemjøl
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver

Glasur:
1 dl melis
1 ms appelsinjus

Slik gjer vi:
  1. Set steikeomnen på 175 grader.
  2. Smør og strø ei rund kakeform 22-24 cm.
  3. Rør smør og sukker kvitt.
  4. Rør inn egga - eitt om gongen.
  5. Riv appelsinskalet, og ha det i.
  6. Press jus av appelsinen og ha i.
  7. Sikt i dei tørre ingrediensane.
  8. Steik kaka i 30-40 minutt.
  9. Avkjøl kaka på rist.

  1. Glasur: Rør saman melis og appelsinjus. Fordel glasuren på kaka.

Gratulerer Eirik!

I dag kan vi gratulere Eirik som fjortis!  Eg var inne på facebook og knabba eit bilde der han er i sitt rette element.
Men han slepp ikkje heilt unna.  Litt mimring skal det bli.  Eg tok eit tilfeldig album ut av bokhylla, og det var frå 2005.  Anledninga er konfirmasjonen til mellomste mann her.  Frøkena vår er sju veker yngre.  Ho vaks fort frå han, men no har han tatt henne igjen og vakse godt frå henne.  Neste år er det dei som er konfirmantar.

Personlegheita røper seg ofte allereie på babystadiet, er no min teori.  Han var ein ekte gladgutt, og det er han enno.  Når han er her, spreier han godt humør og livar opp i flokken.

Vi ønskjer han ein fin dag.  Gåva får vente til ut i veka.  Då håper vi å samle alle her!

torsdag 14. april 2011

Yndlingsrettar

No har mellomste mann kome heim på påskeferie.  Før eg kom heim frå jobb for å lage kyllinggryte, hadde systera begynt å lage ein av hans andre yndlingsrettar, pannekaker.  Til det har eg hamstra blåbær på coop-kupp. Eg hadde ca 1 dl melis på to pakkar, og så halvtinte eg bæra i mikroen.  Det smakte mykje betre enn søt, kokt sylte. Når bæra saftar seg, vert kantane ikkje så fine, men bildet får vise sanninga.

Kyllinggryta vart middag og pannekakene dessert.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...