Finst det nokon meir typisk skulekjøkendessert enn appelsinris? Men det er ingen ting i vegen for å lage det heime. Det finst sikkert mange variantar av denne på nettet, men på min blogg vert det den heilt enkle oppskrifta.
(I dag brukte eg risrestar frå i går og ein pakke fløyte som går ut på dato i dag. Så det vart ein resterett.)
1 dl grautris
4 appelsinar
2 ms sukker
1 pk kremfløyte
1. Kok risen.
(Her bruker eg gjerne rikeleg med vatn.)
2. Slå gryna i ein mjølsikt og skyl dei under kaldt vatn. Lat vatnet renne av.
3. Skrell appelsinane. Del dei i båtar og skjer eller klipp båtane i bitar.
4. Bland appelsinar, sukker og ris. Ta eventuelt av litt appelsin til pynt.
5. Pisk fløyten til krem.
6. Bland alt saman og ha appelsinrisen i ei skål.
Godt å verte minna på appelsinris - trur ikkje eg har ete det sidan tidleg på 70-talet.
SvarSlettRørte tyttebær eller tytebærsylte saman med fløyte eller fløytemjølk og ein risrest er også ein nydeleg dessert!
Einig. Det og åt vi mykje av på 70- og 80-talet.
SvarSlett