onsdag 6. april 2011

Bok 16: Den fordømte ...

... eller Mannen som ikke var morder som den norske omsetjinga heiter.

Dette var ei krimbok som eg likte frå starten.  Historia og personskildringane gjer at vi heng med frå byrjing til slutt.  Då eg hadde lese halve boka, såg eg at filmatiseringa ville dukke opp på NRK.  Sjølv om eg las i kvar ledig stund, rakk eg det ikkje.  Men han eg såg saman med, synest det var greit om vi tok ein pause og såg resten dagen etter.

Det å ha lese boka, er som regel kjekt når ein ser film.  Denne var ikkje noko unntak.  Mange detaljar og humoristiske innslag forsvinn på vegen.

Det eg var mest skeptisk til , var at Rolf Lassgård skulle spele Sebastian Bergman. Han har spelt Kurt Wallander tidlegare.  Eg kunne tenkt meg eit nytt fjes.  Men så dukka det opp ei ny og slankare utgåve av skodespelaren, og han fekk passere.

Eg reknar med at forfattarane har skrive ei bok nummer to, og at det er den som dukkar opp komande måndag?

No gler eg meg til påske, ei høgtid for krimelskarar.  Skal tru kva vi får servert i år?

4 kommentarer:

  1. Som vanlig er du meir positiv enn eg når det gjeld krimbøker. Filmen vart veldig forkorta samanlikna med boka, men boka var langdryg....
    Dei skulle absolutt funne ein annan skodespelar til rolla som Sebastian."Wallander" var for gammal, og i min fantasi var Sebastian yngre og hadde mørke krøllar. Dei beste filmane lagar ein i eigen fantasi!

    SvarSlett
  2. Krim må bedømmast som krim. Men eg synest ofte krimforfattarane har betre personskildringar enn andre forfattarar.

    SvarSlett
  3. Det som eg reagerte på i denne boka at vi fekk vite så mykje om ALLE-det blei i meste laget. Det blir vel ikkje så gale i dei neste bøkene.

    SvarSlett
  4. Jeg visste ikke at denne boken var filmatisert. Gleder meg til å se resultatet. Gøy å se at det er flere som har sansen.Bok nummer to er hakket bedre.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...