fredag 29. april 2011

Tropisk aroma

Det er konfirmasjon i nabobygda, og eg har lova ein kollega å bake kake.  Ho hadde nok karamellpuddingar, så eg foreslo ei kake som står seg.  Av og til bakar eg dobbel porsjon i 22 cm og 24 cm form.  Det går akkurat inn i omnen.  I går ganga eg oppskrifta med 1,5 og laga ei stor kake i 28 cm form.  Frøkna hjelpte meg med å pynte.  Glasuren dobla eg oppskrifta på.  Her må eg tilstå at eg har eit nokså avslappa forhold til oppskrifta.  Eg har i kakao til fargen er høveleg.  Kaffi lagar eg av pulver.  Eg har litt kokande vatn i pulveret og rører det ut, så skiftar eg til ein kald kopp og har i kaldt vatn.  


24 cm rund form
125 g smør
280 g (3 dl) sukker

2 egg

290 g (4 1/2 dl) kveitemjøl
4 ts bakepulver
1 knivsodd salt
1 ts muskatblomme
1 ts kanel

2 dl mjølk

1. Rør smør og sukker kvitt.
2. Rør inn eitt og eitt egg.
3. Sikt på mjøl og bland i vekselvis med mjølka.
    (eller ha i alt om du bruker kjøkenmaskin)
4. 1/3 av røra har du i 1 ms kakao iblanda 1 ms mjølk.
5. Ha den lyse røra og den mørke i forma.  Du kan lage marmormønster i eller legge i med skei litt hulter til bulter.
6. Steik kaka ved 180 grader i 45 - 60 minutt.

Fyll og glasur
3 ms smør
250 g melis
1  ms kakao
1 ts vaniljesukker
3 ms krutsterk kaffi.

Rør saman til glasuren er lett og luftig.  Pynt kaka etter ønskje.  

2 kommentarer:

  1. Tippar at ungane i selskapet vil kaste seg over denne kaka. Oppskrifta er gammal, trur kaka vann ein bakekonkurranse i USA, og blei veldig populær. Eg kan hugse at somme hadde den i bursdagane sine i min barndom, men for meg har ho alltid vore for søt

    SvarSlett
  2. Det er ikkje min favoritt, men eg veitr det er andre sin ... Og ungane ser på snopet.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...