Denne gamle åttitalsretten har vorte populær i familien. Den har lagt på gamlebloggen. No legg eg han her merka med etiketten fiskerettar, så vert det lettare å finne oppskrifta. I dag serverer eg den med mandelpoteter og salat til.
Sei i karri
ca 600 g seifilet3 ms kveitemjøl
2 ts salt
1/4 ts pepar
1(++) ms margarin eller smør til steiking
2 1/2 dl matfløyte (eg blanda kremfløyte og heilmjølk)
1-2 ts karri
1-2 løk
1-2 ms margarin eller smør til steiking
Vend fiskestykka i blandinga av mjøl, salt og pepar.
Brun fiskestykka pent i steikepanna.
Steik løken i ei lita steikepanne ved sida av.
Rør ut karrien i fløyte og hell over fisken. Legg på bruna løk.
Lat retten trekke i ca 5 minutt.
Server med kokte poteter eller kokt ris og ein grøn salat til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar