På kurset førre laurdag starta Morten Schakenda med å fortelje om sitt eige prosjekt. Der kom han og inn på korleis eit godt brød skal lagast. På 80-talet gjekk mange bakarar konkurs. Dei vart utkonkurrerte av større bakeri. Desse industribakarane bakar brød på to timar.
I Sunnmørsposten laurdag kunne vi lese om både storbakeriet på Blindheim og om Mylna i Volda der ein kan få kjøpt brød frå Lom. Eg fekk lyst ein tur dit for å sjekke om dei har valsa rug. Det skal nemleg vere i eit av brøda i bakeboka.
Må nok sjå inn om der neste gong eg er i Volda.
SvarSlettDu er der nok oftare enn meg. Kjekt å ha eit ærend.
SvarSlett