mandag 25. april 2011

Bok 21: Sjabervik

I påska har eg lese novellesamlinga til forfattaren i familien.  Eg skal ikkje gje meg ut på å melde boka på nokon måte.  Men eg kan plukke ut ei favorittnovelle, og det må bli "Heimkomen son".

Neste onsdag skal novellesamlinga lanserast på Kaffikari i Ulsteinvik. Der er alle velkomne!

5 kommentarer:

  1. Eg har lese den første novella i dag, og tek sikte på å lese minst ei for dag.Den eg las var i alle fall veldig bra. Ramla bort i ein veldig interessant krimroman som eg held på å bli hekta på. Heilt utom det vanlige så langt. Nesten ferdig med plate nr.3 av 12.

    SvarSlett
  2. Helse Øystein og seie at eg likte godt både tittelen på novellesamlinga og heile framsida. Det som er inni, gledar eg meg til å lese ein gong.
    Eg likte så godt lakenbrettinga at eg la den ut på faceb. - det var vel greitt.
    Lurer på kokosmjølk, er det veldig kaloririkt?
    Har du ei god oppskrift på bjørnebærpai utan vaniljekrem og andre dikkedarier? Fekk nemleg smake ei veldig god i Sverige.
    Rart å begynne jobb på tysdag. Hilde har vore her i dag etter at ho var med fysio. Vi har kosa oss med handarb og gode søgje.

    SvarSlett
  3. Lakenbrettinga går vel runden på facebook. det var ikkje eg som starta den. Eg reknar med at ikkje alle som legg den ut, finn den like praktisk som oss godt vaksne...
    Bjørnebærpai har eg ikkje laga, men Nigella har ein smuldrepai eg lenge har tenkt på å lage. Kanskje dette er sparket bak?
    Kokosmjølk er kaloririkt på meitta feitt, dessverre ...

    SvarSlett
  4. Einig med Elin. Boka til Øystein har stilig tittel og fin framside!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...