Eg har lurt på om eg skal ha same oppskrifter på nyebloggen som på den gamle. Ofte legg eg berre ut link. Men eg veit ikkje reglane for sletting av gamle bloggar. No har eg i alle fall betalt for rikeleg plass på denne, så eg slepp å vere redd for plassmangel.
Oppskrifta er skriven for 15-åringar.
Lammegryte:
2 ms margarin
250 g lammekjøt i terningar
½ ts salt
1 krm pepar
1 dl vatn
1 gulrot i strimlar
¼ squash i strimlar
½ ms sitronsaft
1 dl vatn + 2 ts maisenna
1 dl creme fraiche
½ løk
2 – 4 sjampinjong
1. Brun smøret i ei gryte og steik lammekjøtet ved høg varme.
2. Dryss over salt og pepar.
3. Tilsett 1 dl vatn og lat kjøtet stå og trekke medan du skjer opp grønsakene.
4. Ha i grønsakene og lat retten trekke vidare i 10-15 minutt.
5. Rør saman vatn og maisenna og tilset jamninga medan du rører.
6. Tilset creme fraiche.
7. Brun sopp og løk. (Vent til du legg opp på tallerken).
Server gryteretten på tallerken saman med salat og poteter.
Sopp og løk kan du legge oppå gryteretten.
(Set tilbehør på bordet: Tyttebærsylte og sylta agurkar.)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar