... og eg liker det ikkje. Jau visst liker eg omelett, men ikkje det nye produktet. Kvifor skal ein fylle opp butikkhyllene med pakningar med knuste egg? Dette piskar folk lett saman sjølve! Det er ikkje pensum på ungdomsskulen ein gong. Oppskriftene finst i kokebøker for 6. klasse.
Fyll heller butikkane med råvarer. Utvid tilbodet innan frukt og grønt. Skal du ha ei potte fersk koriander til dømes, må du kanskje innom fleire butikkar.
Viss det er klinkeegg hønseria vil bli kvitt, så får dei heller selje dei knuste til storhushaldningar, så slepp folk å ete pulvereggerøre når dei skal ha seg ein betre frukost på hotell.
Eg håper folk boikottar dette tilbodet!
Heilt enig med deg.
SvarSlettSlike ting er helt unødvendige å selge. Men det er nesten utrolig hva folk kjøper.
Desverre er det visst ikke alle som lærer å lage mat, verken hjemme eller på skolen. Det var ei stund det hørtes ut som ungene måtte tegne det dei egentlig skulle lage fordi skolen ikke ahdde råd til å kjøpe inn ingrediensene. Håper det har forandret seg.
Kanskje jeg skal prøve å plante blomsten ut. Men det spørs om den overlever vinteren her. Er snakk om at det har vært tre til fire meter tele her i vinter, så det er ikke mye som overlever.
Ønsker deg ei herlig påske :)
Du har heilt rett, igjen! Eg blir mest irritert over at nokon trur at vi treng dette. Det må jo vere nokon som meiner at det er eit hol i markedet.... Eg lovar at eg aldri skal kjøpe dette!!
SvarSlettFjordheimen: Du får satse på å ha den ut i år..
SvarSlettI dag såg eg at produktet var testa i VG, og at det smakte litt aluminium. 35 kroner kostar det visst og. det kan ein få mange egg for!