mandag 31. januar 2011

Surdeig og sånn

 I haustferien kjøpte eg Schakenda si bok til halv pris på Moa.  Då laga eg ein surdeig etter hans oppskrift.  Deigen har eg halde liv i sidan.  Eg har ein lys deig ståande.  Eg friskar han opp stort sett annan kvar dag når han står i svalskap.
 Før helga tok eg opp eit grovbrød som viste seg å vere fruktbrødet hans som eg laga før jul.  Laurdag tok eg litt fin surdeig og blanda med grov rug og vatn.  Dette gir ein aktiv surdeig dagen etter.  Eg brukte ein ertestor gjærklump i tillegg.  Frukta tok eg frå lageret eg driv og ryddar vekk, det vil seie brukar opp.  Eg deler deigen i fire og har i tolitersformer.  Brødet mitt er 2/3 grovt.
Det må du bake meir av seier borna.  Det er så godt med brunost til skulemat!  Eg kunne ikkje ha sagt det betre sjølv.

Eg synest ikkje det er rett å gjengi oppskrifta hans.  Men eg kan anbefale heile boka.

søndag 30. januar 2011

Sagopudding

 Øvst og bakarst i matskapet fann eg eit glas med sagogryn.  Det må vere år og dag sidan eg laga sagopudding!  Denne veka laga vi semulepudding til dessert på skulekjøkenet.  Fleirtalet har ikkje smakt mjølkepuddingar.  På 60- og 70-talet kom ikkje slike puddingar fram før vi hadde ete oss mette på middag.


Eg kjøper som regel ein l H-mjølk til helga, så i dag laga eg pudding av 1 l H-mjølk og 1 l lettmjølk.  I staden for 2 egg brukte eg 4 eggeplommer.  Det gir god smak og fin farge.  Eg liker mandeldropar, men om ein ikkje gjer det, kan ein sikkert ha i vaniljesukker.
Den gamle oppskrifta:
1 l mjølk
1 1/4 dl sagogryn

1 egg
3 ms sukker

2 mandeldropar

 Først kokar ein graut av gryn og mjølk.
Pisk saman egg og sukker og ha det i panna.
Ta til side og ha i mandeldropar.

Server med raud saus.
Ei enkel oppskrift finn du her.

lørdag 29. januar 2011

Ute i Europa


Marathons, uphill runs, bike and ski races are not simply sports, write the editors of Syn og Segn, before handing the baton to Øystein Orten, who takes us through a harrowing, kilometre-by-kilometre account of a marathon in north west Norway. Accompanied by his iPod, his mind races along with him:
29 km (Shakira: Whenever, Wherever)
I puke at the top of the bridge. Toss my body across the railing and retch. It was yesterday's mackerel. The one that my father-in-law fished in Øsrtafjorden has now reached Røyrasundet, I think to myself.
[...]
3 km (Johnny Cash: Folsom Prison Blues)
From Bigsetkrysset and onwards I start to feel hatred towards the Persians. If they hadn't been so full of thoughts of revenge 2500 years ago, I wouldn't have to go through this torture. Young mothers walk towards me with their prams. They smile. But I feel hatred towards them too. And towards the cars from the ferries passing by. And the grazing sheep.



Kjelde: http://www.eurozine.com/articles/2011-01-12-eurozinerev-en.html

Noko å gle seg til

Eg gler meg alltid til Mammutsal.  Då kan ein unne seg nokre bøker til ein rimeleg penge.  Romanar kjøper eg ikkje lenger.  Eg er meir ute etter oppslagsverk og liknande.  I år fann eg ikkje så mykje i katalogen.  Kokebøkene hadde eg anten frå før, eller så vert dei for spesielle.  Det einaste eg har bestilt er AMO si bok "Tunfisk biter i vann".  Kanskje der er noko å sprite opp norkundervisninga med?

I årets katalog var der mange rimelege faktabøker for born.  Då ungane var små, kjøpte vi faktabøker og oppslagsverk til dei på sal.  Då slapp vi å mase om at dei skulle fare så altfor fint med dei.  Yngstemann sleit ut ein atlas før han var to år.  Seinare hadde han dilla på ei og ei bok.  Ei stund var det kvalar, ei anna stund småkryp.  Det er heilt utruleg kor mykje born kan lære av faktastoff om ting dei er interesserte i.  Ei tid var det ugler som opptok han.  Ein gong det var om ugler i eit radioprogrem.  Eg syntest det var interessant.  Det viste seg at han kunne alt frå før.  Kva som sit att av slik kunnskap seinare i livet, veit eg ikkje.  Men eg meiner det har ein verdi å vere interessert i eit emne og finne ut om det.  Når skuleborn har vore på ferie t.d., og ein lurer på kva land dei har vore i, bør ikkje svaret vere "Syden".

Om ein ikkje finn så mykje i katalogen, så er trøysta at bokhandelane legg ut bøker frå eigne hyller.  Dei ulike kjedene har vel og ekstrasal.  Eg gler meg!

fredag 28. januar 2011

Heime åleine

Ein har vel kome i ein ny livsfase når gamlefolket vert heime åleine fredagskveldane.  Ungdomane har til no styrt underhaldninga, så det vert ofte til at ein vert sitjande å sjå på ein eller annan konkurranse.  Men no kan vi "drite i å danse", korslaget eller kva det no er som går.  Litt nysgjerrig er eg no ofte, så eg spolar meg gjennom programma.  Då får eg med meg låtane utan alt utanomsnakket.  Det vert ei form for effektiv TV-sjåing.

Viss vi vel å sjå film, så har vi nok å ta av.  Desse tre filmane for 100 kr var det ikkje eg som kjøpte.

PS.
Engelskstudenten sit akkurat på Mc Donalds i London, fekk vi vite.  Jusstudenten reiser til Sør-Afrika måndag.

torsdag 27. januar 2011

Sei

Eg har lova ein blogglesar å legge ut enkle oppskrifter på bloggen - slikt som ungdomar kan greie å lage.  Og kva er vel enklare å raskare å lage enn fiskerettar?


FISK I LØK- OG PAPRIKASAUS
2 porsjonar
 1/2 løk i skiver
1/2 paprika, i strimlar
1 ms olje (eg bruker smør)
1 ms kveitemjøl
1 dl vatn
1 dl matfløyte (eg bruker kremfløyte ev. blanda med mjølk)
1/2 fiskebuljongterning
300-400 g sei eller torsk
salt(1/2 ts) og pepar (1 krm)

1. Skyl og rens løk og paprika.
2. Varm opp oljen i steikepanna.  Set til løk og paprika og surr til løken er mjuk og blank.
3. Dryss over mjølet og set til buljongterning, vatn og fløyte.
4. Legg fiskestykka i sausen og lat dei trekkje ca 10 min.
Eg kokte mandelpoteter til fiskegryta i dag.  Ris høver godt til. Elles rydda eg litt i kjøleskåpet.  Der fann eg brokkoli og blomkål.  Blomkål passar til det meste ein serverer poteter til.  Nokre gulrøter, ein sitron, nokre mandarinar, appelsiner og eple gjekk rett i juspressa.  Vi kom fram til at det vart "elleve om dagen", ikkje 150 g av kvar frukt/grønnsak til kvar rett nok.


Andre rettar av sei finn de på gamlebloggen min.
Sei i tomat- og urtesaus
Sei i karrisaus
Omnsbakt sei
Fisk på grønnsakseng

onsdag 26. januar 2011

Bok 5: Krevjande krim.

Eg bruker å like Harlan Coben sine krimbøker, og denne er for så vidt ikkje eit unntak.  Ein vert dradd inn i historia, og romanen reiser mange interessante problemstillingar.

Problemet ligg kanskje nettopp der.  Dette er krevjande krim, kanskje spesielt om ein høyrer lydboka.  Men mange trådar som skal nøstast saman, krev dette full konsentrasjon.  Besta hadde åtvara om dette på førehand, så eg var budd.

Denne bokmeldinga seier mykje av dette.  Ein får tolke det meldaren seier om slutten.  Eg vart sånn passeleg fornøgd.

På bokkilden såg eg at der hadde vore ein person og gitt ei stjerne.  Det var ikkje eg.

Jus

 Blogglesarane hugsar kanskje at eg "fekk" meg ny kjøkenmaskin i haust.  Før helga då eg laga suppe, vart eg mint på at eg ikkje hadde prøvd jusfunksjonen enno.  Der går ei grense for kor mykje eg er villeg til å betale for frukt som skal pressast. No får ein både frukt og grønsaker for rundt 10 kroner kiloen.
I dag pressa eg to kilo appelsinar, og det vart nærare ein liter jus.  Kva skal ein seie?  Jusmaskina gjer dette både raskare og enklare, og då kan ein snike ned i ei gulrot om ein vil.

tirsdag 25. januar 2011

Bakemiks

 I går bestemte eg meg for å rydde denne mjølpakken ut av skapet.  Den datt ned i korga mi ein gong eg tenkte eg ville samanlikne denne brødblandinga med mine eigne surdeigsbrød.  Eg følgde oppskrifta slavisk og forma to brød sjølv om eg syntest dei såg noko små ut.  Men brøda heva seg godt.  Dei fekk ligge på plata medan eg tok bilde, slik at blogglesarane kan få eit inntrykk av storleiken.
I smak kom brøda til kort.  Smaken var rett og slett kjedeleg.  Der var ikkje noko som gav meirsmak.

Terningkast 3

mandag 24. januar 2011

Bok 4: Biografien om Camilla Collett

 Dette er kanskje eit innlegg i serien om sære interesser.  Men dette er ei perle av ei bok.  Eg fann boka uregistrert på skulebiblioteket fredag, og snappa henne med meg i sekken. Det kan sjå ut som boka er ei gåve frå folkebiblioteket.  Biografien er skriven for ungdom, men eg torer å påstå at den høver best for norsklærarar eller andre litteratur og/eller historieinteresserte.  Ein lærer mykje om samtida gjennom å lese livshistoria til Jacobine Camilla Wergeland.
Og her er mykje å lære.  Vi blir kjende med den unge Camilla, som ho vert heitande, og familien hennar.  Kjærleikshistoria med Welhaven vert utdjupa, og vi får eit meir nyansert syn på Jonas Collett.  Camilla Collett vart enke i ung alder med fire søner.  Berre eitt år etterpå reiste ho til København og byrja på Noregs første roman "Amtmannens døtre".  Vi las utdrag av denne romanen då eg gjekk på ungdomsskulen.  Eg hugsar det enno.  Seinare las eg heile romanen då eg studerte norsk.

Eg har sansen for faktabøker for barn og ungdom.  Dei er skrivne enkelt, og inneheld ofte rikeleg kunnskap innan eit emne.  Får eg tak i dei andre bøkene på omslaget, så les eg dei etter tur!

søndag 23. januar 2011

Oksegryte

Inspirasjon og oppskrift til dagens middag fann eg på Alt godt sin blogg.
Retten inneheld ingrediensar som eg vanlegvis har i hus.  Eg brukte to pakkar tilbodskjøt, og det var akkurat passeleg til oss.
Familien likte godt gryteretten.  Ein var litt i tvil om det høvde med blomkål og brokkoli til?  Eg synest ein godt kan erstatte litt av risen med grønsaker.  I dag kunne ein velje mellom ris og byggris.
Til drikke serverte eg ein relativt ny type jus.  Den er frisk og god etter min smak.  Eg synest uttrykket "Handplukka eple" er litt artig!

lørdag 22. januar 2011

Mat på P II


... eller når ungdomane får velje.


I dag foreslo eg kalde poteter og spekemat til middag sidan eg sjølv skal ete middag i kveld.  Då tok ungdommane kjevle og knivar i eigne hender og samarbeidde om å lage pizzasnurrar.  Eg vart kvitt to pakkar pizzadeig og ei juleskinke.  Eg synest konsistensen på denne var betre enn til focaccia der eg tilsette olivenolje.

fredag 21. januar 2011

Ny etikett: Strikking

Då er vottane ferdige!  Eg er ganske fornøgd med dei.  At eg er ute av trening, har gitt seg utslag i litt ulik strikkefastheit.  Vott nummer to er finare strikka enn den første eg strikka.  Eg var inne på tanken å strikke vottane parallelt for å få dei mest muleg like.  Men eg hadde berre eitt sett pinnar.  Når eg får vaska og strekt litt i dei, så reknar eg med dei vert fine.

Det forpliktar å ønske seg bøker.  Blad vert ofte liggande og slenge, og du skal ha gode system om du skal finne att handarbeids- og matoppskrifter når du treng dei.  Derfor har eg slutta å kjøpe så mange blad.  Eg kjøper heller bøker.  Kor mange av oppskriftene eg kjem til å bruke i strikkeboka mi, får vi no sjå.  Kanskje omtrent like mange som matoppskrifter i kokebøker eg får?

Oppskrift frå "Norske vottar og vantar".  Samlaget.

torsdag 20. januar 2011

Bytur

På biblioteket her i bygda fann eg boka nede til venstre.  Den freistar ikkje så veldig, men det var den einaste lydboka der eg ikkje hadde lese.  I dag tok eg meg ein bytur i kveldninga.  Boka nede til høgre er ei krimbok som to forfattarar har samarbeidd om.  Dei to øvste har eg sett på bloggane før.

Knapt ein halv time før stengetid var eg så heldig å kaste augene på ein kjole eg kunne tenke meg.  det er stor kommunal fest på laurdag, og eg ønskar å ha på meg noko anna enn julekle.

Mat på P

Eg må ha vore svolten då eg las systra mi sin blogg i går kveld.

Det siste innan sunn mat no, er at ein ikkje skal gje born for mykje mat på p, som pizza, pølser og pannekaker.  Eg hadde kraft og suppeplanar klare, og kva smakar ikkje betre til dessert etter suppe enn pannekaker?  No er det ikkje alle som skal ha færre kaloriar heller.  Idrettselevar med innovermagar treng ekstra påfyll etter skuledagen.  Eg sparer ikkje på egga når eg lagar pannekaker, så proteininnhaldet er høgt.  Elles så kan ein no ha litt sammalen kveite eller havregryn i pannekakene om ein vil.
Når det gjeld pizza og pannekaker, så er der også som kjent sunnare variantar.

onsdag 19. januar 2011

«De sier at Jeppe drikker, men ikke hvorfor han drikker.»

Eg les Knausgård for tida, og eg er imponert over kor godt han hugsar ungdomstida si.  Ei ungdomsskulevenninne på facebook minte oss på for ei kjekk tid ungdomsskuletida var.

Eit artig minne for meg, var då vi las/dramatiserte Jeppe paa Bierget.  "Bønna" hadde hovudrolla, og gjorde ein glimrande innsats då han vakna i baronens seng.

I dag las vi frå Erasmus Montanus i klasse 10A, der Rasmus Berg kjem temmeleg oppblåst attende til familien som Erasmus Montanus.  Denne satiren forstår ungdommane i dag og.

Les gjerne meir om Ludvig Holberg på Wikipedia.

P.S.
Desse sitata tek eg med for å prove at ein må kunne si litteraturhistorie ;-)

tirsdag 18. januar 2011

Gratulerer Håkon 17 år

 I dag fyller yngstemann 17 år.  Eg hadde tenkt at marsipankaka skulle få vere på illustrasjonsfotoet, men det hadde to andre tenkt før meg.  Håkon er vinterbarn.  På bildet over er han tre år.

Eg gjorde eitt forsøk på å kle tre brør likt.  Det skjedde verken før eller sidan.  Dei kan nok stille i Hareidsdrakt, men då er Audun keeper.  

Skuleteater

Eit av frynsegoda i læraryrket er at ein av og til får med seg litt gratis kultur.  I går brukte eg 1 1/2 såkalla fritime til å sjå teater.  Det angra eg ikkje på!

Steinane tek opp aktuelle og interessante problemstillingar.  Og dei trefte sitt publikum!

mandag 17. januar 2011

Bok 3: Postcard killers

Det har vorte populært for to forfattarar å slå seg saman for å skrive krim.  Denne  boka fekk mykje merksemd då ho kom ut, men heller dårlege kritikkar.  Dei som kjenner meg, veit då at det ligg an til positiv overrasking.

Eg synes starten var litt treig.  Det starta med ei slags løysing, trudde eg.  Det at det kjem ein amerikansk politimann som er far til eine offeret, frå USA til Europa for å drive etterforsking, har eg heller ikkje sansen for i utgangspunktet.  Men vi begynner å like både han og den kvinnelege journalisten.  Ein kan nok tenke seg kven som har skrive/funne opp kva.  Boka er godt oppbygd.

Kriminalgåta er seriemord av unge par utførde på ein bestialsk og intelligent måte. Drapa skjer i ulike land, og etter kvart finn dei ut at lika er danderte etter kjende kunstverk.

Før du veit ordet av det, vert du hekta.  Boka er spennande.  Eg har vore inne på bokkilden og gitt ho fire stjerner.

Dagens dose historie

Eg skal gjerne innrømme at eg har vore middels interessert i historie.  Berre vent til du vert eldre!  Dette har eg høyrt mange gongar,  Javel, så har eg vorte eldre då.  Historia som eg har funne nokre klipp frå, fekk vi høyre om på DVD-en om Sigrid Undset.  


Dei som les klippa nedanfor, og kanskje til og med utforskar kjeldene, vil få med seg striden kring fredsprisutdelinga i 1935.  Forfattarforeninga reagerte på Hamsun som protesterte mot tildelinga.  Elles kan vi lese at kongen ikkje møtte til seremonien.


Fredsprismottakaren Carl von Ossietsky vart truleg drepen med ei sprøyte som inneheldt tuberkelbakteriar. Vi kan og lese at han las Hamsun etter at han vart sjuk.


Sigrid Undset var leder for forfatterforeningens litterære råd 1933-35, og formann i forfatterforeningen 1936-40. Med henne i spissen protesterte forfatterforeningen mot Hamsuns protest mot å gi Nobels fredspris for 1935 til Carl von Ossietsky. Ved Tysklands angrep på Norge i april 1940 flyktet Sigrid Undset til Sverige, og siden til USA, der hun slo seg ned i New York. Hun gjorde en betydelig innsats for den norske informasjonstjenesten, holdt mange taler og skrev tallrike artikler.

Kjelde: http://www.uia.no/no/portaler/om_universitetet/organisasjonen/historia/gimlemoen/46


Fredspriskomiteen valgte likevel å tildele prisen til Ossietzky etter en delt avstemning. Nobelfamilien protesterte mot tildelingen, og kong Haakon valgte å utebli fra seremonien, noe som aldri er skjedd før eller senere. Også den tyske regjeringen reagerte skarpt, og Ossietzky fikk ikke lov å reise til Oslo for å motta prisen. Propagandamisnisteren Joseph Goebbels sendte ut følgende melding: «Tildelingen av Nobels fredspris til en notorisk landsforræder er en så uforskammet utfordring og fornærmelse mot det nye Tyskland at det vil bli gitt et tilsvarende tydelig svar.» Hitler forbød deretter enhver tysk borger - for all fremtid - å motta noen av Nobels priser.

Den norske ingeniøren Finn Lie og hans kone besøkte Ossietzky i påsken 1938. Han bodde i en brakke i fattigkvarteret Pankow i Berlin. Det fuktige rommet var på 3 x 4 meter. Om sin tuberkulose sa han at han trolig var blitt infisert med tuberkelbakterien, siden ingen i familien hadde sykdommen. Han var kjent med Hamsuns angrep, men bad likevel Finn Lie om å sende seg neste bok.

Kjeldehttp://no.wikipedia.org/wiki/Carl_von_Ossietzky

søndag 16. januar 2011

Søndag 16. januar

Det er nokre blogglesarar som lurer på kva eg serverer til slekta. I dag vart det kjøtsuppe.  Eg fann fint oksekjøt med bein på Mega i Ulsteivik.  Steg for steg-oppskrift finn de her.  I dag laga eg kjøtbollar av karbonadedeig.  Eg brukte same oppskrift på 1200 g karbonadedeig som til 1 kg kjøtdeig.  Her kunne eg ha krydra meir.  Elles gjorde eg noko lurt i dag som eg har tenkt på før, men alltid gløymt: Eg lurte unna nokre kjøtbollar.  Då vert supperstane meir populære...

Til dessert laga eg jordbærgele av 2 pakkar jordbærgele og 2 pakkar (500g  x 2) jordbær og byggrynskrem

Til kaffien hadde ørstingane med seg marsipankake.  Elles har vi ein seiemåte i familien:  Det som er kjøpt til jul, skal gå med til jul, eller i alle fall til Håkon sin fødselsdag.

Gjester og gåver

Katten vil og vere gjest!

Jubilanten vil ikkje vere med på bloggen, men eg lurer meg til å vise fram gåvene han fekk i tillegg til pengar.  Konfekten følgjer han.  Elles fekk han ein lommevarmar, slik at pengane ikkje treng brenne i lommene?

Litt lysegult

Eg dekte på til åtte på kjøkenet og fire i stova i dag. Ungane fekk velje kvar dei ville sitte, så nokre tallerkar forsvann inn i stova etter kvart.  Eg reknar med at det kan dukke opp meir uryddige bilde på andre bloggar.
Litt lysegult fann eg i går.  Orkidéane fann eg på tilbod på Floriss.  På Prix datt det eit par ildtoppar opp i korga saman med maten.  Pottene hadde eg ståande.
Elles kan vi melde om mildver på Sunnmøre.  Riksvegane er berre, men sidevegane er såpeglatte.  Vi har strødd med billeg kattesand utanfor dørene.


lørdag 15. januar 2011

15. januar

I morgon skal vi feire han som snart vert 17 på forskot.  Løparen og serviettane fekk eg av Besta til jul.  I dag smatt eg berre innom eit par butikkar før eg handla mat til helga.  Eg var ute etter noko som passa til, gjerne lysegule lys i glas.  Rett nok skal det vere pastellfargar no, men ikkje lysegult.  Høge lys såg eg, men eg har ikkje tenkt å øydelegge løparen med stearinflekkar, noko som lett skjer, spesielt om ein får hjelp til å blåse ut lysa.  Her gjeld det å ta omsyn til familiefreden.

På Floriss fann eg desse telysestakane, og dei måtte berre få vere med heim!

Pus på plass att


Katten har vore ute ei vinternatt før, men i går hadde ho vore vekke eit døgn.  Torsdag dilta ho etter frøkna eit stykke på veg til fotballtrening.  Sidan hadde ingen sett henne.  Det vil seie, det gjekk nokre rykte om at ein katt hadde stått ute og mjaua og forstyrra nattesømnen til folk nede i rekkehusa.

Med temperaturar ned mot 10 grader i går kveld, var det ikkje fritt for at eg begynte å bli uroleg for katten.  Eg gjekk same runda som i sommar og lokka.  Kanskje han var å finne i løa på Gomyra? Viss katten hadde vorte skada, ville han fort ha frose ihel.  Fantasiane var i orden.  Andre er meir avslappa og meiner at kattar alltid finn heim att.  Frøkna meiner ein katt må vere ti månader for å ha den eigenskapen, og ho har lese seg til kunnskapar.

Ut på fredagskvelden ringer det på døra.  Ei blid dame står og held på katten.  Ho hadde fått lov til å bere han, heilt til han nærma seg heimen, då ville katten gå sjølv.  Ungane hadde kosa seg med katten og mata han, men så hadde dei fått høyre at Olaug sakna katten sin.

Ein time etterpå kom katteeigaren heim.  Vi hadde moro med å sitte og sjå på TV og vere opptatt med det.  Ho er rask på facebook for å finne nytt.  Der står noko om katten ho ikkje forstår.  Katten ruslar rundt, og dei er i same rom ei god stund før ho ser han.

No har Lucy krølla seg saman under stresslessen framfor varmepumpa. 



Å rette bakar for smed II

Eg tok meg ein høg en då eg las Åpen linje bak på Sunnmørsposten der ein kar tok til orde for å rette bakar for smed.  Ein må sjå vekk frå litt litteraturhistorieforfalskning, men hovudpoenget hans var å sende ut Mullah Krekar i staden for Marie Amelie.

fredag 14. januar 2011

Meir litteraturhistorie

Denne filmen kjøpte eg då vi var på Bjerkebæk i sommar.  No har eg bestilt filmen til skulen frå Norsk filminstitutt.

I dag såg vi filmen på storskjerm  i klasse 10A.  Vi hadde på nokre spotlys slik at vi kunne notere medan vi såg. Dette var ikkje underhaldning, men undervisning.  Her var bilde, filmsnuttar, brev og intervju i tillegg til forteljarstemma.

Eg synest dette er ein effektiv og interessant måte å lære på. Mot slutten var det kanskje litt lett å dette av, men så kom krigen, og det vart meir interessant igjen. Motsetningar mellom undset og Hamsun kjem mellom anna tydeleg fram.  Eg har sikkert lese mange gongar at sonen vart skoten under krigen, men når du får sjå bilete av han og høyre kva mora skreiv til venninna, då gløymer ein det ikkje så lett.

Det er ikkje vanskeleg for meg å anbefale filmen!  Til skulebruk er 50 minutt litt i lengste laget.  Vi ønskjer oss heller 37-minuttsfilmar?  Eg ville ikkje vist den for yngre elevar, ikkje fordi der er sterke scener, men filmen krev nok ei viss "modenheit".

Dagens sitat:

... sed og skikk forandres meget, alt som tidene lider, og menneskenes tro forandres og de tenker anderledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.

Etter filmen såg elevane samanheng med Sigrid Undset og Kristin Lavransdatter sine liv.

torsdag 13. januar 2011

Å rette bakar for smed

Med ujamne mellomrom protesterer enkelte elevar "Kva er vitsen med å lære dette.  Vi får aldri bruk for det!".  Matematikk, og særleg algebra, er det dei ofte dreg fram.  Eg har eit standardsvar: "Matematikken eg lærte på gymnaset fekk eg bruk for 24 år etterpå - då eg skulle hjelpe eldstemann."

I dag starta eg timen med å spørje kva det betyr "å rette bakar for smed".  Dette veit ikkje tiandeklassingane.  Temaet er sjølvsagt Johan Hermann Wessel og diktet "Smeden og Bageren".   I løpet av timen poengterer eg kor viktig det er å ha kjennskap til kulturarven vår.  Og når vi les avisa og ser nokon snakke om å rette bakar for smed, så veit vi at dei meiner å ta feil person.

Nynorskordboka: rette bakar for smed la noko gå ut over ein uskuldig person (etter J.H. Wessel 'Smeden og Bageren')

Og så fekk eg slått eit slag for RLE:  Kva er ein uriaspost?
Nyttig lærdom?

For dei som vil repetere litt litteraturhistorie. J.H. Wessel sitt satiriske dikt om seg sjølv har gjort eit varig inntrykk på meg:


Han aad og drak, var aldrig glad
Hans Støvlehæle gik han skieve.
Han ingen Ting bestille gad.
Tilsidst han gad ei heller leve.

onsdag 12. januar 2011

Bok 2: Markens grøde

 Eg har hatt denne lydboka liggande snart eit år, trur eg.  Eg har vore fast bestemt på å lese ho, men det har vore eit ork å begynne. Kvifor veit eg eigentleg ikkje.  Vi las boka på ungdomsskulen og ho sette varige spor.  Eg hugsar enno lagnaden til Inger.  Ho hadde hareskår, og då ho fødde ei jente med hareskår, kvelte ho henne ved fødselen.  Dette måtte ho i fengsel for.  Og så vart ho operert.  Dette hugsa eg, men mykje anna var gløymt.
Las vi verkeleg heile boka på ungdomsskulen?  Det trur eg ikkje.  Viss eg hugsar rett, var  "resten av boka" frivilleg.  Eg las sjølvsagt heile.

Tvangslesing
Forfattaren i familien har eit anna minne frå ungdomsskulen.  Han opplevde å ta skrekken av heile romanen. I klasse 10 A har vi nettopp vore gjennom ei runde med tvangslesing av roman.  Romanen har vore valfri.  Heldigvis har dei fleste funne bøker dei har likt.  For å sitere ein av elevane: "Dette er den beste boka eg har lese - ikkje at eg har lese så mange då."  Det handlar vel om å gjere kvalifiserte val. Nokre elevar kjem nok ikkje til å lese bøker på mange år, men då veit dei kanskje litt meir om kva dei går glipp av.

Hamsun står på pensumlista, men vi skal berre lese utdrag frå Victoria.  Ungdomsskuleelevar slit litt å lese Hamsun på  originalspråket, men livet hans fengjer.

Lese med andre referansar
Det er interessant å lese ein roman om att etter over 30 år.  I mellomtida har ein lese historie og litteraturhistorie, og ein har levd og erfart.  Om det var tungt å starte på romanen, så vart det etter kvart vanskeleg å legge han frå seg.  Opplesaren gjer ein fantastisk jobb med sin nydelege nordnorske dialekt.  Og romanen rømmer så mykje meir enn eg kunne hugse.  

Eg anbefaler alle å lese boka, gjerne som lydbok.



tirsdag 11. januar 2011

Skal ein la seg stoppe?

 For meg vart det noko tungvint å steike brød i gryta mi.  Den bruker eg fleire gongar i veka til middag.  Så eg bestemte meg for å prøve å lage dette grytebrødet i ei vanleg form.  24 cm forma mi passa til loket, men var nok litt lita for brødet, for det sette seg litt fast i loket.
 Litt godt steikt vart brødet fordi eg gløymde å skru ned temperaturen frå 250-220 grader.  Dette var i går.
I dag, eller rettare sagt i går kveld då eg laga deigen, bestemte eg meg for å lage ein grov variant.  Eg steikte det på rette måten, først med lok og så utan.  Så gjekk eg tysdagstur.  Då eg kom heim, var der ein liten skalk att.  Familien merka ikkje skilnad på dei to steikemetodane.  Eg vil nok seie at skorpa ikkje vart fullt så sprø.

Det kan no vere kjekt å variere brødlagingsmåtane.  Sjølv held eg ein knapp på Schakenda.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...