søndag 1. mai 2016

Frøkengårdkofte frå Kofteboken 2

 
Denne kufta tok si tid å få ferdig.  Ho er strikka i Peer Gynt, eit litt tjukt og stivt garn, synest eg.  Undervegs tenkte eg at kufta kom til å bli stiv og lite god å bruke.  Det ferdige produktet er eg godt nøgd med, ikkje minst passforma og sidda. Og bruk for henne fekk eg førre veke då vi fekk snø att ...

For spesielt interesserte kan eg nemne at eg også denne gongen snudde boka opp-ned.  Eg liker å strikke ermane kvar for seg.  Så har eg og det kjekkaste mønsteret att til slutt.  Ikkje minst synest eg mønsteret vert finast når det er strikka rette vegen.
Elles kjøpte eg sameleis knappar som til Sørlandskofta mi.  Far min hadde slike i ei kufte på 60-talet.  Eg synest dei er spesielt fine.

8 kommentarer:

  1. Kufta vart veldig fin. Eg strikka mykje i Peer Gynt før, og kan ikkje hugse at garnet var verken hardt eller stivt, men du har strikka mykje i alpakka og det er no VELDIG mjukt. Fargen minner meg om dei fargane eg kledde deg i då du var liten, eg tykte ikkje du kledde rosa. Resultatet var at folk først trudde du var ein baby-gut. Nesten alt eg kjøpte til deg var lyseblått. Denne kofta kjem du til å bli glad i.

    SvarSlett
  2. Ja, Peer Gynt var rekna som eit godt garn, og no vert det stivt samanlikna med alpakka. Eg merkar det og på skuldrane. Dei liker alpakka ...
    Eg er ikkje i tvil om at kufta kjem til å halde seg i åresvis, og ho vert sikkert mjukare og mjukare.
    No har eg begynt på gebursdagsgåver. Ikkje noko eg stresser med. Sommarbarna får få dei når dei er ferdige.

    SvarSlett
  3. Eg kan hugse at eg gjekk over frå Peer Gynt til Heilo-det var litt tynnare og mjukare, men ein kunne bruke same oppskriftene. Veit ikkje om det garnet eksisterer lenger.

    SvarSlett
  4. Så vakker kofte! Gratulerer med endå eit flott arbeid!

    SvarSlett
  5. Nydeleg!
    Og kofte kan ein få bruk for heile året :-)

    SvarSlett
  6. Takk alle saman!
    Ja, kufter er omtrent heilårsplagg på desse kantar ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...