torsdag 5. mai 2016

Gryteklutar.

Medan eg har vore usikker på kva eg skal gje meg i kast med på strikkefronten, har eg strikka gryteklutar til skulekjøkenet.  oppskrigta er enkel: legg opp 70 masker og strikk striper til grytekluten er kvasdatisk.  Hekl fastmasker runst og hemper ved å strikke 16 luftmasker og fastmasker i desse.

Om nokon rynkar på nasen over fargevalet, så er desse meint for gul gruppe.  Ikkje alt finst i gult, så der vert nokre svarte ting også.

Dagen i dag sette eg av til å rette ein bunke engelsktentamenar.  Målet er nådd, og no har eg retta alt av tentamenar dette skuleåret. Etter ein slik jobb, lettar ein ti hakk!

1 kommentar:

  1. Praktiske og fine gryteklutar! Eg har nokre slike par som er strikka rundt og er doble. Dei er kjempegode i bruk.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...