torsdag 19. mai 2016

Valdag

Det vert kanskje ein lang kveld, for dette er spennande! Eg har nettopp stemt for at Hareid skal halde fram som eigen kommune.  Det vert og stemt rundt om i dei andre bygdene - og småbyane. 

Når det er val, stemmer familien på ulike parti. I denne saka er vi samstemte.  No står det att å sjå kva resten av bygdefolket meiner!

Det er elles stor strikkefare. No ser de grunnen til at eg snur boka opp ned. Berre sjarmøretappen står att. No vert strikketøyet vanskeleg å legge frå seg ...

I 1972 meiner eg at mor mi strikka nesten ei heil bukse til systra mi under EF-valet.

5 kommentarer:

  1. Det stemmer at eg strikka ei plommefarga slengbukse til Margrete den natta, ja, den var kanskje båbegynt før.( Jakka hadde eg strikka før.) Buksa vart heitande"EF-buksa"

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trudde den var sennepsgul, men når du seier det, hugsar eg buksedressen (kallar ein det det?)

      Slett
  2. Eg er fornøgde med at dei fleste ville at Ulstein skal vere eiga kommune,
    men at det er så få som går og røysta er nedslåande.
    Og du strikka ! Eg begynte på ein hals i går kveld, rillestrikk...;)
    God helg !

    SvarSlett
  3. Eg er godt nøgd med resultatet. No er det ikkje tvil om kva folk meiner, og der er ikkje rom for tolking! Valdeltakinga var låg, men dei som sit heime, overlet til dei som stemmer å bestemme. Og dei har ingen klagerett ...

    SvarSlett
  4. Når det gjeld at du hugsar buksa som sennepsgul, er ikkje det så gale. For ho hadde ei i den fargen også-den brukte ho ein raud-orasje vest til. Vesten var strikka i melert garn. Kan ikkje hugse om det var eg som strikka DEN.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...