tirsdag 30. juni 2015

Tur til Ørsta

I dag hadde frøkna og eg avtalt ein handletur i næraste bygd.  Sjølv burde eg og oppgradere garderoben til hotellferien.  Ho overtydde meg om at eg burde kjøpe meg nokre toppmoderne sko.  I år skal ein visst gå rundt i helsesko. Eg kan no eventuelt slite dei ut på jobb seinare. Eg kjøpte meg og ei mørkeblå bukse som går under knea.  Når ein seinare skal pakke med seg lite kle, er det greitt å halde seg til få fargar.  I år vert det visst kvitt og blått.

Etterpå fekk vi kaffi og kaker hos foreldra mine.

P.S.
Vi var også innom den nye bruktbutikken i Ørsta.  han er utruleg stor og oversiktleg.  Kjøpa der får eg vise ein annan gong.  No skal eg ut og gå på tysdagstur!



mandag 29. juni 2015

I never promised you a rose garden

 I ei tilbodsavis såg eg at det skulle vere halv pris på roser på Plantasjen.  Eg liker ikkje å tigge gåver, men sidan mannen skulle forbi, let eg det falle eit ord om at det kanskje kunne vere eit godt høve til å kjøpe meg noko til ein dag som nærmar seg.  Eg nemnde kanskje noko om at yndlingsrosa mi heiter Peace også.  I mitt stille sinn tenkte eg at han kanskje ville ha fantasi til å kjøpe to, sidan dei var på halv pris, meiner eg. Og sanneleg greidde han å overraske meg!  Bak i bilen hadde han ikkje mindre enn seks roser!  Og ei av dei var Peace! 
Det har ikkje sprotte ut verken peonar eller roser i hagen enno, berre ei einsleg Rosa Rugosa.

Elles har eg hatt triveleg besøk av to Nordfjordsbloggarar i dag, mi kjekke kusine og tanta hennar. Det er to damen med ekte interesse for handarbeid.  Vi hadde mykje å snakke om.  Svært kjekt at dei tok turen!

søndag 28. juni 2015

Hemmeleg strikk ...

 ... er ikkje hemmeleg lenger, for no har dei to "sommarborna" fått gåvene sine.  Til Amanda strikka eg etter mønster i "To raske pinner". Den kjøpte eg på sal rett før. I "Strikk med raske pinner" er der jakke i same mønsteret. Eg valde rosa- og lillafargar, noko eg synest kler Amanda.
 

Mollykofta mi har eg fått mykje skryt for.  AUF-arane i familien kunne godt tenkt seg ei.  Ein dag er var idelaus, kom eg på at eg kunne strikke ei til systera mi.  Eg vog restetråden og fann ut at eg ikkje hadde brukt halvparten av mønsterfargane og blingen.  Det er kjekt å få mindre restetråd! Mottakaren vart minst like glad som eg hadde sett føre meg då eg strikka jakka.

P.S:
Det er ikkje sikkert designaren hadde tenkt at kofta ho designa skulle bli valkampjakke!

fredag 26. juni 2015

Ei ulykke kjem sjeldan åleine ...

... heiter det.

Eg veit ikkje om det er vitskapleg bevist, men her i huset slår det i alle fall aldri feil.  Då eg vel hadde fått ny komfyr i hus, streika oppvaskmaskina.  Vi ringte etter reparatør for ei veke sidan.  Måndag kom han.  No er delar bestilte, og eg håper dei kjem som lova. 

Det burde ikkje vere noko stort problem å vaske opp for hand. nummer to var nesten tre år då eg fekk oppvaskmaskin. Men den tida hadde eg vaskar og utstyr til det. No har eg ikkje skikkeleg skyljevask. Sist eg rydda, kasta eg like godt det gamle plaststativet mitt.  Kvifor skal ein ha noko ståande som berre vert brukt omtrent kvart femte år?

Heldigvis er maskina så ny at det er Bosch som må koste heile greia1

torsdag 25. juni 2015

Bok 27: Zack




Første actionfylte bok i serien om Zack Herry! Fire asiatiske kvinner blir funnet brutalt myrdet i en leilighet i Stockholm. En femte kvinne dumpes svært medtatt utenfor et sykehus. Ut fra hennes lemlestede kropp å dømme ser det ut til at hun har blitt angrepet av en rasende hundeflokk. Tjuesju år gamle Zack Herry har gjort kometkarriere i Stockholmspolitiet. På dagtid er han en dreven kriminalinspektør ved spesialenheten. På nettene driver han med narkotika på de ulovlige klubbene i byen. Han vet at dette ikke kommer til å gå i lengden, men de blodige minnene fra hans egen barndom driver ham mot avgrunnen. Jaget av politiets intern-etterforskere forsøker Zack sammen med kollegaen Deniz å løse den verste mordbølgen i Sveriges moderne historie. Handler det om kvinnehat, rasisme eller menneskehandel? Det eneste som er sikkert er at flere kvinner kommer til å dø om de ikke finner morderen. «Zack» er den første actionfylte boka i Herkules-serien , skrevet av forfatterparet Mons Kallentoft og Markus Lutteman. Over hele serien trer et voldsomt skjebnedrama frem, der den komplekse antihelten Zack, akkurat som en moderne Herkules, slites mellom to ulike verdener.
 
 
Det skal noko til å skilje seg ut i den mengda som finst av krimlitteratur.  Denne romanen skil seg ut på to måtar.  For det første er krimhelten annleis.  Han kunne like godt ha hamna på feil side av lova, viss han då ikkje gjer det. For det andre er dei kriminelle handlingane dei omtrent mest bestialske eg har lese.  Torturmetodane og drapsmetodane er ikkje for fintfølande lesarar. 
 
Sjølv kjem eg nok til å utsette meg for fleire i serien ...
 
 

onsdag 24. juni 2015

Sommarstrikk

Måndag, siste arbeidsdag før ferien, henta frøkna meg på jobb.  Vi hadde ærend på garnbutikken.  Ho vil ha seg ein einsfarga lyseblå genser.  Eg kan berre bruke oppskrifta på Acnegenserern som eg strikka i fjor.  På pinnar nummer 6 reknar eg med genseren vert ferdig om sommaren.  Slik temperaturane har vore til no, kan ein gjerne gå med ullkle.   Denne genseren vert svært lett. 

mandag 22. juni 2015

Så reiste vi til Kristiansund

Når ein køyrer til Aure, går vegen forbi eit kryss ser det ikkje er så langt til Krisiansund.  Eg ytra derfor eit sterkt ønske om å stikke innom byen på heimturen i går. Det meste såg vi frå bilen, men vi stoppa og gjekk ein tur i sentrum.

Der låg mange store båtar langs kaia.
Utanfor rådhuset.
 
Alle byar har vel sitt city!
Eg kunne godt tenkt meg attende ein gong butikkane var opne, ikkje ein søndag ...


Då eg såg denne kjerringa med klippfisk i handa, tenkte eg på dagens kjerringar.  Dei har vel ein mobil i handa?

I dag har eg hatt min siste arbeidsdag før ferien.  Eg hadde tenkt meg ut i hagen ut på ettermiddagen, men ein heller sterk vind har gjort det noko utriveleg.

søndag 21. juni 2015

Aure

 Denne helga har vi kryssa fylkesgrensa i nord.  Vi har vore i 70-årsdag i Kyrkseterøra til tanta til Øystein.

Fredag reiste vi til Aure der vi budde hos svoger og svigerinne.  han er prest i mellom anna Aure kyrkje.  Laurdag gjekk vi oss ein tur som turistar i bygda. 
Som blogglesarane veit, er eg glad i slike plakatar.  Det er ikkje alt ein rekk å lese så godt at ein hugsar det.  Så eg tek bilde for å kunne lese det heime.
Den tida kyrkja var bygd, var det viktig at båtane kunne legge til.  Kyrkja hadde og eigen stall.
Dette bildet tok eg for å vise at den gamle tida møter den nye.  No er det bygd mange bruer.  Vi tek berre tre ferjer mot seks første gongen vi besøkte dei.

Då budde dei i prestegarden.  der var utruleg fint om sommaren, men ikkje så praktisk etter at veslejenta kom.
Vi gjekk vidare på turstien.

 

Nedanfor dette huset var det ein flott hage.  Eg var ikkje frimodig nok til å gå ned og fotografere. 


 Aure har nettopp fått nytt idrettsanlegg.  Det vi ikkje visste, var at der var kjendisar til stades ...
Vi sette oss ned på ein benk for å nyte det flotte veret.  der såg vi at ein måse hadde lagt tre egg.  Då sette vi oss litt lengre vekk ...

torsdag 18. juni 2015

Vemodig

Det er ei rar kjensle å vere "ferdig" med ei klasse som du har hatt i to-tre år. Tre klasser vart slått saman til to for to år sidan.  I mi karriere har eg aldri følgd ei klasse så lenge.  Då eg var ung, vart eg stadig gravid.  Seinare jobba eg deltid og underviste mest i mat og helse.  Etter at det vart færre klasser på skulen og eg gjekk opp til full stilling, har eg hatt fleire fag.

Tysdag laga foreldra til avslutning.  I dag har vi hatt den offisiell med utdeling av vitnemål. Smykket og kruset fekk eg tysdag.  I dag overraska dei med ein stor hagehortensia i korg.  Ikkje minst får ein mange gode ord som ein set stor pris på.

Kruset har eg sagt eg skal sette på kateteret til hausten slik at det er klart frå dag ein ...

mandag 15. juni 2015

Ålesund

I dag tok vi med klassa på bytur.  Vi gjekk trappene til Fjellstua ...

etter at vi hadde sett dei husa som stod att etter brannen i Molovegen.
Det er mange farer som truar!

I "bya" gjeld det å løfte blikket.  Der er små skilt og detaljar overalt.

I dag vart det snakka språk frå fleire verdsdelar, kanskje med ei overvekt av tysk.  Vi var heldige med veret.  Vi stod under tak i ti minutt, og så letta det.

No skal eg på klasseavslutning i nokre timar.  Det vert heilt sikkert triveleg!

søndag 14. juni 2015

Bok 26: Du er ikke sann


Du er ikke sann er en underholdende, språkbevisst og velkomponert roman om mennesker som gjør så godt de kan for å overleve - i hverdagslivet så vel som i den mektige og beryktede bokbransjen. De vet at det er forskjell på sannhet og løgn, på fakta og fiksjon. Men på den annen side - hvem har sagt at det ene alltid er bedre enn det andre, at det første nødvendigvis er riktigere en det siste? Kanskje bæres vi alle oppe av illusjoner, selv når de til slutt brister? Axel Bull, en usannsynlig bestselgerforfatter, sitter i fengsel og legger siste hånd på et manuskript som vil ryste den norske samfunnseliten. Uten å vite det er han imidlertid selv en brikke i et utspekulert maktspill mellom to av landets største og mest ærverdige forlagshus.Samtidig har krimdronningen Lisbeth Livaag stukket av til en strand i Thailand etter at hennes siste bok er blitt grundig slaktet av et samlet kritikerkorps. I løpet av noen vintermåneder knyttes disse to forfatternes skjebner til bokens øvrige persongalleri. De fortaper seg alle sammen og på hver sin måte i en fargerik vev av svindel og selvbedrag, kynisme og kjærlighet, avhengighet og allianser.

Teksten ovanfor seier det meste. Som blogglesarane veit, har eg sans for godt språk.  Intrigen har eg ei kjensle av at kanskje forfattarar og forlagsfolk vil kose seg med.  Les gjerne meldinga i Dagbladet.


lørdag 13. juni 2015

Ny komfyr - min tredje

For vel ein månad sidan begynte den gamle, ein åtte år gammal Bosh-komfyr, å oppføre seg merkeleg.  Karamellpuddingane eg laga, fekk ikkje skorpe på toppen.  Eg greidde å svi ein Pavlovabotn. Først då brøda mine vart svidde under, forstod eg at steikeomnen sang på siste verset. 

På butikken fekk eg nokre tips til korleis eg kunne sjekke om det var elementet oppe som var problemet.  Det kunne reparerast.  For eit par år sidan fekk eg liknande problem fiksa på skulekjøkenet.  Den steikomnen gjekk fort attende til gamle fakter.

Det som gjer at eg har vore så treig, er at vi truleg skal pusse opp kjøkenet om eit år eller to.  Men eg kom fram til at eg må ha ein god komfyr i mellomtida.  Valet fall på ein relativt rimeleg ein.  Eg vil ha keramisk topp, men kan greie meg utan pizzafunksjon.

Eit stort pluss med denne er at den store plata er framme til venstre.  Eg synest det er bakvendt med steikepanna bak. Han som ville koke egg på same plata som før, kan berre sette på varme i midten av den store plata.

No har eg ei rabarbrakake i omnen i ei stor og god langpanne som følgde med. 

fredag 12. juni 2015

Og no køyrer ho bil!

 
Eg lurte litt på om det var fredag 13. i dag.  Eg greidde nemleg det kunststykket å hjelpe ein elev å sette ein visp på ein handmiksar.  Det var berre det at kontakten stod i.  No går eg rundt med hoven peikefinger.  Eg kan berre vere glad for at det ikkje gjekk verre.  Slike ting skjer når ein er sliten og uoppmerksam. Eitt element av dumskap er det vel i mange uhell ...

Heldigvis fekk eg noko å gle meg over då frøkna fekk førarkort! No er ho på tur til kystbyen på kino.  Mange av klassekameratane og vennane hennar bur i Fosnavågen. Bilen fekk seg ei ekstraforsikring i føremiddag - om nokon skulle lure på det.

torsdag 11. juni 2015

Fint ferdig

I dag har eg hatt oppe ti elevar i norsk munnleg. Det er mykje arbeid på førehand, og det krev full konsentrasjon heile dagen.  Det er vel lov å dette ned i godstolen etterpå ...

No har det endeleg slutta å regne her, men sterk vind gjer det utriveleg å vere ute.  Det var litt mørkt då eg prøvde meg på hagefotografering.  Eg får ta det att. I morgon er det full fres med fem timar på skulekjøkenet.  Så er det berre neste veke med avslutningsaktivitetar, rydding og vasking.

Eg kjenner eg gler meg til ferie og varme sommardagar!

søndag 7. juni 2015

RIAF-dag

Fredag hadde vi ein dag då vi rekna i alle fag.  Elevane var delte i 16 grupper og gjekk rundt på åtte stasjonar.  på skulekjøkenet var jobben å rekne ut kor mykje sukker det er i ulike flasker.  Det vart differensierte oppgåver, for på Burnboksen stod det kor mange gram det er i boksen, medan det på Solbærsirupen stod kor mykje sukker det er i utblanda saft. 

Etterpå rekna elevane ut kor mykje sukker ein får i seg om ein drikk ein halv liter cola om dagen.  Eg hadde klar eit par tipakningar.  På nokre grupper fekk vi tid til å snakke litt økonomi også.  det kostar å kjøpe seg kioskvarer.

Det som sjokkerer mest, er at det er meir sukker i utblanda saft enn i Burn og cola.  I iste er det nesten like mykje som i brus.

Oppgåva har fleire mål:
  • Les på emballasjen
  • Drikk vatn til tørstedrikk
  • Mange bekker små gjer ei stor å
Og at elevane rekna, er det ingen tvil om!

lørdag 6. juni 2015

Gratulerer Olaug 18 år!

I dag fyller Olaug 18 år.  Feira gjorde ho i går med rundt 20 gjester.  Eg fekk hjelpe til med å lage til før eg "flytta" bort på jobb.  No har eg eit lite forsprang på sommarryddinga der. Det har vorte ein tradisjon å ta bilde av henne og rhododendronen.  Her etter er det vel berre han som veks.

Det vert litt mimring når det er gebursdag. Olaug vart fødd om kvelden klokka åtte.  Far min passa gutane.  Minstemann gret då han fekk høyre at han hadde fått ei syster. Då han kom på besøk på sjukehuset og fekk halde henne, uttalte han: "Ho liknar no litt på ein bror".  Det var starten på eit langt vennskap.
Ein kan lure på korleis det er å vekse opp med tre storebrødre.  Det er vel heller sjeldan i våre dagar.  Eg trur ein vert tøff, men ikkje nødvendigvis "gutete" som vi seier her.

I pakken frå oss låg det ein nøkkel - og i garasjen ein sykkel!

onsdag 3. juni 2015

Bok 25: Søvnen og døden

Døden innleder enhver krim. Og søvnen vil du mangle etter å ha lest denne! Dette er den andre boken om gisselforhandler Niels Bentzon. Gisselforhandleren ved politiet i København, Niels Bentzon, skulle ha snakket henne ut av det. Snakket henne fra å kaste seg i døden denne sommernatten på Dybbølsbro. Men han klarte det ikke. Og der ligger hun. Midt på skinnene med bakhodet knust og en kryptisk beskjed skrevet på hånden. Hvem er hun, og hva fikk henne til å hoppe ut fra broen? Noen eller noe var etter henne - noe som fikk henne til å velge døden fremfor livet. Snart går det opp for Niels Bentzon at kvinnen ikke var psykisk syk, men en solodanser ved Den Kongelige Ballet som har vært forsvunnet i to døgn. Obduksjonen viser at hun er blitt druknet og gjenopplivet rett før hun hoppet fra broen.

Denne krimromanen er ein "pageturnar" av dei sjeldne, vil eg påstå.  Her har vi ein forstyrra, intelligent mann som vil finne svar frå døde personar.  Han vil ikkje drepe dei, berre la dei vere døde til dei har kome i kontakt med dei han vil, og så bruker han hjartestartar.

Forfattaren tek og opp mange spørsmål om liv og død.  Kona til gisselforhandlaren vil ta abort, så får ho vite at ho ventar tvillingar.  Kor tid begynner eit liv? Kva når liva deira står i fare?

Eg gir terningklast 6!

P.S.
Dette er ikkje eigna sengelektyre - i alle fall for dei som vil lese for å sovne.

mandag 1. juni 2015

Slalåm/Senje-kufte

Oppskrifta til denne kufta fann eg i Kofteboken.  Eg valde å bruke same fargane som der, men i garnet Tumi frå Rauma.  Det spørs om det vert eit nytt yndlingsgarn!  Det er ei blanding av 50%ull og 50% alpakka.  Det er ei tynnare utgåve av Mitu, men ikkje så tynt som Hverdags. Jakka er strikka på pinnar 3 1/2.

I dag  tidleg var det 8 plussgrader då eg kledde på meg.  Eg går framleis med ull på jobb, for å seie det sånn.  Måndagane har eg nokre såkalla fritimar der eg sit i ro og førebur meg til dagen og veka.  I dag trudde eg at eg skulle på møte frå 16.00-18.00.  Møtet vart utsett til neste måndag kl. 11.00-13.00.  Så no føler eg at eg har fått meg eit par timar lengre dag.  Om ein times tid skal eg i selskap til ei god venninne.  Så det er godt å ikkje ha brukt hovudet på møteverksemd på overtid.
Monteringsarbeidet er mykje enklare med rundfelling, synest eg.  Då slepp ein å sy i ermar, og ein treng ikkje feste tradane på bolen.  Kufta skulle eigentleg strikkast ovanfrå og ned.  Eg snudde heller boka opp-ned. Det er i alle fall mykje lettare å strikke ermane kvar for seg. Og dersom det skal vere lus på koftene, vert det "feil" i mine auge. Eg forstår argumentet med å kunne prøve plagget undervegs.  Men eg har nok plagg å måle på.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...