onsdag 31. desember 2014

Godt nyttår!

Her ligg det an til ei tradisjonell nyttårsfeiring.  Menyen er den same som på julaftan: pinnekjøt og Brudevollmôr.  Til dessert vert det moltekrem.

Denne veka har vi hatt svært variert ver her.  No er omtrent all snøen vekk.

 Eg vil ønskje alle som stikk innom bloggen mitt eit riktig godt nytt år! 





tirsdag 30. desember 2014

30. desember

I dag har eg vaska, handla, lese i Mytting si siste bok og gått meg ein tur.  No skal eg sette meg ned og sjå noko kjekt på TV medan eg strikkar, eller omvendt.

Til middag i dag kokte eg rett og slett byggrynsgraut.  Det gjer godt for kroppen, og så rekk ein å bli svolten til kvelds. Det er godt å få avsetnad på julepålegget. 

Mellomstemann har reist på nyttårferie.  Eg trudde det var lenge sidan vi var så få som fem på nyttårsaftan, men journalisten minte meg på at han var på jobb i Førde for fire år sidan.  Det viktigaste er at alle har det bra der dei er!

mandag 29. desember 2014

Bok 61: Levende og døde i Winsford

Dette er ikkje ein krimroman i vanleg forstand.  Men her er drap og skumle ting som skjer.

Som all god litteratur handlar denne også om livet, døden og kjærleiken.

Eg-personen er ei kvinne på 50+ som oppdagar at mannen hennar er ein valdtektsmann, eller i beste fall utru.  Ho stenger han inne i ein bunker og rømmer til ein avsides stad i England.  Her prøver ho å gøyme seg vekk ...

Romanen er absolutt spennande.  Eg hadde ønska meg ein litt annan slutt, sjølv om eg såg han måtte kome ...

søndag 28. desember 2014

Korterma jakke i finull

 No har eg endeleg fått jakka mi ferdig.  Eg visste det då eg begynte, at dette ville bli eit tomånadersprosjekt.  På pinnar 2 1/2 og 3 vert det nokre timar med strikking. Plagget vart strikka etter at eg hadde strikka eit plagg på pinnar nummer 8.  Slik er det.  Mitt nye prosjekt skulle vere av den kjedelege sorten.  Vert prosjektet for interessant, vert det vanskeleg å legge frå seg.  Særleg eigna til TV-sjåing vert det heller ikkje. 
Den store fordelen med å klippe opp mønstra plagg, er at ein slepp å feste trådane.  Eg tek dei fram i midten og syr på kvar side.  Då er det berre å klippe vekk alle lause trådar.  Kanten strikka eg rundt.  Den har belegg.  Så måtte eg plukke opp masker til brot.  Det var mykje pirkearbeid.

Eg vurderer å finne ei nål eller sette i nokre knappar framme slik at jakka held seg på plass. 

Målet var å få jakka ferdig til 1. dag etter ferien.  Det rakk eg med god margin.  Vi har fri heile denne veka.

lørdag 27. desember 2014

3. juledag

I dag skal vere den store bytedagen.  Vi hadde ikkje noko å byte i år.  Alle hadde samkøyrt bøker og musikk.  Eg hadde nokre garnnøste til overs frå siste strikkeprosjekt som eg leverte inn samtidig som eg kjøpte meg nytt strikketøy. Begge delar vil nok dukke opp på bloggen i næraste framtid.

På heimvegen stakk eg innom Nille.  Der var det halv pris på serviettar, og dei er rimelege i utgangspunktet. I say no more.

Strikkebøker

 Julegåveønska mine til dei unge mennene i familien, er prega av at eg bruker litt tid inne på eit par facebooksider.  Kofteboken har si eiga kufteside der ein har stor interesse for gamle kuftemønster. Strikkesida er facebooksida der ein legg ut alt ein strikkar - og får nye idéar.
 Strikkesida si bok har mange ulike prosjekt til både liten og stor.  Eg fall for dette settet.  Kanskje eg skal strikke det i raudt?
 Kufteboka ineheld utruleg mange fine kuftemønster.  Dei fleste er ganske tradisjonelle, men ein finn og prosjekt som denne genseren som er fin til ein barnehagegut, kanskje med omvendt fargeval.  Kvite brot er ikkje særleg praktisk!
Noko eg ikkje er så glad for, er at mange av oppskriftene er strikka frå halsen og nedover.  Det vert spesielt rart når plagga har lus!  Samtidig forstår eg argumenta deira. Det er lettare å tilpasse plagga.  Eg strikka ei jakke opp-ned i si tid, og då strikka eg så lenge eg hadde tråd. Ein røynd strikkar kan no også berre snu boka opp ned og lese mønsteret nedanfrå ...

fredag 26. desember 2014

2. juledag

 Ein koseleg juletradisjon er å samlast hos foreldra mine i Ørsta 2. juledag.  Alle jentene var til stades. Dei får representere slekta på bloggen.
Det var mykje god mat og god prat.  Ungdomane (i alle aldrar) tok og fram nokre spel.  No er vi gode og mette.  Dei fotballinteresserte har benka seg framfor fjernsynet.  Popcornmaskina har kome i sving allereie!

torsdag 25. desember 2014

1. juledag

I dag har vi kosa oss og styrt med ulike julegåver.  Eg skal ikkje legge ut alt eg har fått, men eg kan nok kome attende med nokre bokmeldingar.  Observante blogglesarar ser at eg har fått nye dekkebrikker.  Dei er fine fargeklattar på bordet.

Det var mannen som kokte i dag og.  1. juledag et vi lutefisk og restar frå julaftan, altså pinnekjøt og môr.  Dessertane kan variere. I dag laga eg riskrem.

No har vi begynt på ein boks med sesong 1 av "House of cards". Det lovar bra!

onsdag 24. desember 2014

tirsdag 23. desember 2014

Bok 60: Innsirkling 3

No har eg lese ferdig den siste romanen i trilogien.  Det er både fordelar og ulemper med å lese ein heil trilogi i strekk. Og eg er litt delt i synet på romanane.  Men at dette er stor litteratur, er det ikkje tvil om.

Sjølve prosjektet synest eg er interessant og spennande.  Det å sjå ein person utanfrå og la andre seie kven han er for så å la hans stemme kome fram.  Det er det som skjer i siste delen av trilogien.  Vi får høyre David skildre seg sjølv. Eg kjenner at eg vert irritert på han og måten han oppfører seg på.  Det er sjølvsagt meininga!

Her er og eit par artige vriar på hukommelsestapet og kven han verkeleg er. 

Språket i romanane er etter mi meining ikkje godt nok.  Han legg seg på eit noko enkelt nynorsk. Norsklæraren i meg får lyst til å skrive: Varier! Skriv om!  Opplesarane les nynorsk med bokmålsstemmer.  Her får eg og lyst til å rette på uttalen av ein del ord. Eg ville valt trøderar til å lese.  Men så tenker ikkje eg på salstal ...

mandag 22. desember 2014

22. desember

I dag vaska vi golv og tørka støv før vi for på ein siste julegåvehandel til Ørsta.  Systera mi hadde og nokre årend der, så ho fekk med seg gåvene til sin familie.  Dei som er interesserte kan lese og sjå bilde på mor mi sin blogg.

No har eg handla mat, sikkert ikkje for siste gong før jul ...

På bildet ser de ei gåve eg har fått. Wenche Andersen på Frukost-TV snakkar ofte om etande julegåver for dei som "har alt".  Ho snakkar om Bondens marked for dei som ikkje vil lage sjølve.  Her i distriktet har vi Gode greier. Eg gler meg til å smake!

søndag 21. desember 2014

4. søndag i advent

Tradisjonen tru har mannen og frøkna henta juletre medan eg steiker krumkaker eller strull. I år vart det krumkaker etter oppskrifta som ei venninne av meg kallar "eggenes vekt"; eggedodis av egg og sukker - tilset smelta smør og sikta kveitemjøl, alt med same vekt.

I tillegg prøvde eg ei ny oppskrift på kokosmakronar.  Dei vart ikkje vellykka.  Eg trur eg steikte dei for dårleg. No har dei lagt på rista, så berre halvparten (av den tredobla oppskrifta) er att.  Smaken var det ikkje noko å seie på! Resten skal eg ha ståande i eit glas på benken. Eg satsar på at bevisa forsvinn raskt.

I kveldninga pussa eg koparen.  Det er heldigvis eit par dagar att til jul!

lørdag 20. desember 2014

Gåveutveksling

I dag har vi hatt triveleg besøk av svogeren min.  Vi fekk utveksla gåver med mannen sin familie.  I går kjøpte eg inn mykje godt pålegg som eg serverte til nybakt brød.  Han kom så tidleg at det vart frukost for dei som hadde vore på nattcup. I kveld er ungdomane også ute og fer.

Det ligg an til ei tradisjonell julefeiring her i år, og det er eg glad for!

torsdag 18. desember 2014

Ha! Ha!

Denne veka har det vorte dårleg med blogging.  Ein får seie grunna høgt tempo og mangel på mobilkamera.  Måndagen gjekk med til jobb og julegåvehandel fram til stengetid saman med frøkna.  Tysdag var det juleverkstad og møte.  På slutten av julemannsteikinga gjekk det nesten rundt for meg.Kan det ha vore ammoniakkgassen? I går gjennomførte vi tidenes juleball, slik vi gjer kvart år. Høgdepunktet for elevbane er kåringane.  I stakk eg og av med ein pris.  Ein får berre le!

søndag 14. desember 2014

3. søndag i advent

I dag skulle eg tatt bilde frå trimturen min, men lånemobilen er ikkje utstyrt med kamera. Så det får bli eit bilde av middagsbordet i dag og.  Inspirert av mi eiga undervisning vart det i dag Rogan Josh med lammekjøt og naanbrød, begge oppskriftene frå den nye kokeboka vår.

Litt meir baking vart det etter middag.  Eg steikte først tre grovbrød, så rørte eg saman ei fruktkake, den same som eg plar lage. Kaka skjer eg i ni bitar og pakkar inn i folie og frys.  Der var ei liknande oppskrift i førre familien.  Eg ser ikkje vekk ifrå at eg kan finne på å bake den også.

Veka som kjem er ei av dei travlaste på jobb med juleverkstad og juleball.  Så ein må unne seg å ligge litt på lading søndagen før ...

lørdag 13. desember 2014

13. desember

 No har vi nettopp ete lussekattar og drukke varm sjokolade. På jobb har eg laga deigar slik at elevane kunne bake ut lussekattar.  I går gjekk nokre lærarar og assistentar rundt i klassene og sang og delte ut lussekattar.  Dei som er ven med skulen vår på facebook, kan sjå bilde.

Sjølv hadde eg 75 g safran liggande i krydderskåpet.  Det smakar sjølvsagt mykje betre i baksten enn gurkemeie!
 Rett før vi sette oss for å ete middag, kom kofferten til studenten på døra.
Det er like koseleg kvart år å ta fram desse grautskålene med seks ulike motiv.

fredag 12. desember 2014

12.desember

I dag kom studenten heim frå hovudstaden etter første semester.  Han kom heim, men kofferten har reist ein annan stad.  Først tenkte han på genseren eg strikka.  Etter kvart vil han sakne linsene sine og brikka til minibanken.  Julegåver skal kjøpast på nett.  Vi får håpe kofferten snart kjem til rette!

I går var eg på ein liten handlerunde.  På Kid fann eg "voksduken" på bildet.  Alle julevarer er halv pris dei to siste vekene før jul. Eg føler eg gjer ein skikkeleg dårleg handel dersom eg betaler full pris for varene på enkelte butikkar ...

Ærendet i byen i går var å få levert inn mobilen som har vore heilt daud eit par dagar.  Eg er spent på korleis det går.

torsdag 11. desember 2014

Müslibrød

Inspirasjonen til å bake til jul har late vente på seg.  I går sjekka eg Opplysningskontoret for brød og korn si nettside og fann nokre rundstykke eg ville bake.  Det vil seie, eg kom fram til at det er like kjekt med brød, for då kan ein dele opp i større eller mindre skiver.  Deigen laga eg i brødbakemaskina, men ein kan bruke den maskina ein har. Baksten gjekk unna, så julebakst kan det knapt kallast.  Men når jula kjem, kan eg bake meir etter kvart!

Eg har endra litt på oppskrifta som de finn her, eg har skifta ut vatn med mjølk og egg.  Eg vil og anbvefale litt søtt i dette herlege brødet som ein gjerne kan servere til ost.
1/2 pk gjær
3 dl mjølk, lunken
1 egg
1 ts salt
1 ms honning/sukker?
100 g havregryn
100 g sammalen kveite, grov
300 g kveitemjøl
1 dl graskarkjerner

1/2 pk svisker, i bitar
1/2 pk aprikosar, i bitar

Smuldr gjæren i bakebollen.  
Ha i væska og resten av ingrediensane unntatt tørka frukt. 
Lat maskina gå i ca 10 minutt medan du deler opp frukta - gjerne med saks.
Lat deigen heve under plast i ca 1 time.
Form brødet.
Etterhev ca 40 minutt.
Steik ved 200 grader ca 1/2 time.
Avkjøl på rist.

onsdag 10. desember 2014

Bok 59: Innsirkling 2

Eg synest denne romanen starta litt tregt.  Det vart mykje "utanomsnakk", og personane verka perifere.  Men på slutten tek det seg opp.  Historia tek ei litt uventa retning - heldigvis!

På slutten er det og ein skukkeleg cliffhanger.  Godt eg har trearen liggande!

mandag 8. desember 2014

8. desember: Julekyr

I dag hadde eg såpass mykje energi att etter jobb, kanskje fordi eg berre sat tentamensvakt eit par timar og retta ferdig norskbunkane mine resten av dagen, at eg unnte meg ein handlerunde i Ørsta.  der dreiv eg litt hemmeleghandel før eg besøkte foreldra mine.

Julekuforma fekk eg på Coop.  Her har den kreative i familien ei utfordring.  Eg tenker og på ei bloggvenninne som samlar på kyr!

søndag 7. desember 2014

2. søndag i advent

 Då lyset kom att i går, begynte frøkna på julebaksten. I dag har ho halde fram med peparkakehus og "julemanna". Sjølv har eg kome godt i gang med rettinga. Norskbunkane skal verte ferdige før eg får inn engelskbunken. Eg trur eg kan seie at eg er halvvegs.  I fjor sat eg i romjula, noko eg vil prøve å unngå i år.  Ein av lærarane eg samarbeider med i vurderingsarbeidet, sluttar dessutan til jul.  Det gir meg eit ekstra spark bak!
 På facebook ser eg at snøen har begynt å kome i indre strøk.  Her smelta sluddet etter kvart som det nådde bakken.
Denne veka har vi laga kjøtkaker og riskrem på skulekjøkenet. Det inspirerte meg til å koke byggrynsgraut i går, så kunne eg lage byggrynskrem i dag til dessert.  Eg steikte berre kotelettar i dag for å ha noko enkelt midt i rettinga.

Fredag kjem studenten heim frå hovudstaden.  Det gler vi oss til!

lørdag 6. desember 2014

6. desember: Straumlaus

Straumen gjekk i halv åtte-tida og kom att eit par timar seinare.  Nokre kalla det beste sendetid, sjølv er eg ikkje så redd for å gå glipp av laurdagsunderhaldning.  Elles ryktast det at Erna sat mitt i middagen.

Det er vel to år sidan staumen var lenge vekk i jula.  Her kom og for han.  Andre var straumlause i fleire dagar i strekk. Då kom vi fram til at det som lyser best opp, er flytelys i glasskåler. I slike situasjonar er det greitt at det har dotte nokre lyspakkar ned i handlekorga i løpet av året ...

fredag 5. desember 2014

5. desember

I dag kom det nye kupongar i posten. Då eg skulle ta dei med, oppdaga eg at eg ikkje hadde brukt dei førre.  Så i dag slo eg til og brukte fem av dei.

Denne helga har eg to tentamensbunkar i veska.  Er eg flink i helga, kan eg ta meir fri når dei unge menn kjem heim, den første i slutten av komande veke.

torsdag 4. desember 2014

4. desember

Det er travle dagar på jobb for tida, både med planlegging og retting.  Men litt tid til TV-sjåing og strikking vert det om kveldane.  No ser eg snart enden på bolen.  Kanskje eg kjem så langt at eg kan ta fram symaskina laurdag!  Som de ser skulle det leggast opp ekstra masker i ermopninga.  Slik eg forstår mønsteret, skal ein plukke opp masker langs ermet og strikke det nedover.  Monteringarbeidet vert ikkje utsett til slutt.  Det kan no vere ein fordel.
Slik såg arbeidet ut for fire veker sidan.

onsdag 3. desember 2014

Bok 58: Innsirkling

Som mange blogglesarar veit, har Carl Frode Tiller kome ut med to bøker til "Innsirkling 2" og "Innsirkling 3".  Eg begynte på den andre i trilogien, men fann fort ut at eg måtte lese einaren om att.

Skriv ditt liv?
Idéen om å la andre fortelje deg kven du er, eller skape minnet ditt, er interessant.  Arvid sine vener og slektningar skriv brev til han. Vi vert gradvis kjend med han gjennom ulike personar som har kvar sin versjon av fortida, eller kvar si vinkling?

Så spørs det om Arvid verkeleg ikkje hugsar noko?

Eg er i gang med "Innsirkling 2"!

tirsdag 2. desember 2014

2. desember: Baby shower

Av alle dei amerikanske skikkane som invaderer landet, må dette vere ein av dei kjekkaste!  Bleiekaka laga eg saman med to andre. Oppskrifta fann vi på nett med instruksjonsvideo. Vi laga spleisefest saman med og overraska ho som skal bli mor! No har alle tippa namn, fødselsdato, mål og vekt.  Time will tell!

mandag 1. desember 2014

1. desember

Førre veka vart det litt sløvt med blogginga.  Vanlegvis lagar det seg noko å skrive om kvar dag.  I desember skal eg prøve å kome med ein liten stemningsrapport kvar dag.

I dag talde eg så lenge på knappane om eg skulle ta meg ein bytur, at eg slo det frå meg. Men litt mat måtte eg ha.  På veg heim att var det så fin musikk i bilen, og så kom eg plutseleg på at eg skulle kjøpt meg ei minnebrikke.  Turen gjekk raskt over Eidet.  Det vart det mykje mallwalking og lite shopping.

No skal eg koke meg eit par egg og reinse meg litt ansjos.  Det er trass alt desember!

At bildet ikkje vart heilt skarpt, skuldast nok fotografen, ikkje minnebrikka.

søndag 30. november 2014

1. søndag i advent

Til advent pyntar eg med litt lilla i stova, men sidan julegardinene er knallraude, fann eg fram nokre kvite kubbelys som datt ned i handlekorga mi på eit 10-kronerskupp.
Desse serviettane trur eg eigentleg er frøkna sine ...

30. november

På runden min i dag gjekk eg forbi desse sauene.  Dei er nok lykkelege i det milde veret, uvitande om at dei har sluppe unna årets julemiddag. Det er elles ikkje mykje som minnert om jul... 
...eller vent no litt! Traktoren har fått julelys!
 




I hagen er det framleis roser.  Både peaceroser og aloharoser står i knopp.  Held mildveret fram, kan vi kanskje plukke inn roser på julaftan!

lørdag 29. november 2014

Salmelaurdag


Innimellom huslege syslar og handerunde har eg i dag gløtta på Salmeboka minutt for minutt.   Der dukka det opp eit kor som eg las om på strikkesida.  Genserane deira er strikka av to damer som akkurat vart ferdige.

I tretida i dag fekk vi høyre flott salmesang av Hareid kammerkor!  No i kveldninga dukka svoger og svigerinne opp blant publikum. 

fredag 28. november 2014

Svart dag?


I går sat eg og sjekka Facebook medan eg såg på TV.  Begge stader dukka det opp svart skjerm med kvite bokstavar.  Det er Black Friday i morgon!  Sjølv assossierer eg det med IRA og Bloody Friday.  Men nei, dette er nok ein amerikansk kjøpefest!  Som blogglesarane veit, har eg stritta imot både Valentine og Halloween.  Ikkje fordi eg ikkje ønskjer romantikk og festar, men fordi dei som ivrar mest for feiringane, er dei som vil selje meir. Og er det noko vi gjer nok i Noreg om dagen, så er det å shoppe.

I morgon er det dessutan "kjøpefri dag".  Ein kjem fort i eit dilemma: Kva er ein mest for eller imot, Black Friday eller handlefri dag? Det er ikkje lett å halde seg unna butikkane no når ein vil kome i gang med gåvekjøp. Så i dag gjorde eg som eg plar på fredagsettermiddagane, tok meg ein handletur i bygda. 

Bildet over er frå eit blad eg kjøpte i går.  Det er kanskje nokre i slekta som kjenner att den gamle kakeboksen?

søndag 23. november 2014

23. november

 I dag har frøkna og eg sete med skulearbeid.  Ho har jobba med lekser, og eg har retta prøver.  I går retta eg ein av fire bunkar, og dei tre siste tok eg i dag.
Karane har sjølvsagt sett cupfinalen.  Etterpå serverte eg svinesteik til middag. Buketten fekk forfattaren då han var i oppdrag i Fosnavågen torsdagskvelden. Bilda er tekne med mobilkamera.  Eg greidde nemleg å knekke minnebrikka til speilreflekskameraet i går.

Veret har vore mildare i dag, og ein merkar på lyset at det nærmar seg desember. Klokka tre, då eg tok bilda, var det begynt å mørkne. Det er fire travle skuleveker att fram til jul. Studenten har to eksamenar i veka som kjem.  Han har det travelt, men så får han også litt lengre ferie enn oss.  Vi gler osss til han og broren kjem heim!

lørdag 22. november 2014

Laurdagssyslar

Gjennom skuleåret lever eg etter ein fast timeplan frå veke til veke.  I år hender det eg rekk å vaske fredagskvelden, men vanlegvis er vekevasken ein laurdagsaktivitet.  Belønninga i dag var ein fin gåtur til sentrum.  Nokon storhandel vart det ikkje, men eg fekk meg ein brosjyre med dei nye Skappelgenserane.




Denne gongen må ein kjøpe eitt og eitt mønster til 50 kroner viss eg har forstått det rett.  Vanlegvis får ein eit heilt hefte for den prisen, men så endar ein no stort sett med å strikke ein av modellane.  Då går det no ut på eitt.
Kanskje denne vert mest populær?  Frøkna likte den best.  For tida driv eg med saktestrikking.  Skuldrene toler ikkje så mykje, og så strikkar eg på tynne pinnar.

Klutane på bildet kjøpte eg på 10-kronerssal, og dei vil eg verkeleg anbefale, også etter at prisen har stige til 11 kroner!  Dei kjennest som froté når dei er våte, og dei tek skit godt.  Verkeleg vanskelege flekker kan ein ta med det forsterka hjørnet. 

Det får vere dagens reklame!

God helg!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...