Viser innlegg med etiketten middag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten middag. Vis alle innlegg

mandag 31. august 2015

Karrigryte



Matprat har starta si eiga barneside, Matstart. Eg synest den er svært innbydande.  Der er laga steg-for-steg-instruksar.  Då eg skreiv ut oppskrifta på karrigryte, vart det fem sider.  Eg heiv meg over ein elleveåring og spurde kva ho synest.  Ho himla lett med augene: "Du må no bruke appen".  Sjølvsagt!  Der fekk eg den ..  No har eg planar om å prøve ut nokre oppskrifter heime med tanke på skulekjøken.  Denne retten fall så godt i smak at eg trur den kan kome på bordet oftare.  Eg hadde ikkje honning i hus.  Eg smakte retten med tanke på anna søtstoff, men eg syntest ikkje det var nødvendigPakken min med strimla svinekjøt var på 550 gram.  Elles vil eg vurdere å jamne sausen med ei ms maisenna ein annan gong.  Nedanfor kjem ei forenkla oppskrift.  Her er steg-for steg. born bør kanskje steike i margarin.  Sjølv føretrekkjer eg olje. Ein vaksen kokk greier å skjere grønsaker og steike kjøt omtrent samtidig ...

Eg må og legge til at dette er rimeleg mat.  Ein pakke svinekjøt kostar 30 kroner, og ris er mykje billegare enn poteter for tida.  Berre som eit lite tips til studentane i familien.


1 pakke (400g) strimla svinekjøt

2 gulrøter
1 paprika
1 løk
2 ts karri

 1- 2 ms olje til steiking

1 boks kokosmjølk
2 dl vatn (1/2 boks) vatn
1 hønsebuljongterning
2 ms flytande honning
1 ts salt

4 dl ris

  1. Set på risen.  Kok opp kokosmjølk i ei panne.
  2. Steik svinekjøtet og ha det i kokosmjølka.
  3. Del grønsakene i terningar og surr dei i olje og karri eit par minutt før du har dei i panna.
  4. Ha i resten av ingrediensane og lat retten koke i 10 minutt.

torsdag 2. januar 2014

Potetball i foodprosessor

I boka til Gunda er der mange oppskrifter på potetball/raspeball/klubb/komle. Eg har lært ein del elevar å lage "ballj" som vi seier, opp gjennom åra. Det som ikkje står i oppskrifta, eller handlaget om de vil, er kanskje det viktigaste.  Eg serverte potetball til restar av julemat i går.  Berre ein brøkdel av det ligg i fatet ...

Oppskrifta under er enkel og god.  Det er ein grei måte for små porsjonar.  Makindelane kan vaskast i oppvaskmaskin. I min foodprosessor kan eg doble oppskrifta under. Skal ein lage i store panner, er det berre å ta fram Kenwooden.
Kokekraft:
1 ts salt per liter vatn
(Krafta vert betre med knokar eller saltkjøt/flesk i.)

Raspeball (4 stk)
3-4 rå poteter
1 (++) kokt potet
1/2 ts salt
1 dl byggmjøl
2 ms kveitemjøl
 Skjer potetene i to-tre bitasr før du legg dei i foodprosessoren.
 Køyr maskina til potetene er kutta, ikkje lenger!


Ha i resten av ingrediensane. I oppskrifta står der 1 kokt potet.  Eg bruker å ha i ei ekstra. For lite kokte poteter gir lett for fast ball.  
Køyr maskina til ingrediensane er blanda.  Det tek ca. 20 sekund.  Massen er framleis litt tørr. Siste blandinga gjer du med ein slikkepott.
 Eg bruker ein fleskebit midt i potetballen.  Trykk den godt inn i massen.
Form ballane med våte hender. Legg dei over i krafta og lat dei trekke til dei er gjennomkokte.  I skulekjøkenoppskrifta står der 25 minutt. Heime får dei gjerne trekke ein time.

Kva ein vil servere til potetball, er det svært delte meiningar om. Dei fleste vil vel ha rabbe/kålrabi/kålrot. Eg trur farmora mi i Sogn laga den beste ballen eg har smakt.  Ho serverte ertesuppe, salt kjøt og flesk til.  Det vert skikkeleg festmat. Elles fekk ein litt sukker å dyppe ballen i.  Det grøssar sunnmøringar over. 

Her serverer ein poteter til ballen. Og det verste av alt: "Skal du ha feitt?" Det vil seie at ein ausar smelta smør eller margarin over ballen.  For meg vert det bokstavleg talt smør på flesk.

Nei, ein skal vel ikkje pirke bort i mattradisjonar! Ein vil vel at gjestene skal bli nøgde?  Derfor kokar eg nokre poteter saman med rabba, og må dei ha feitt, så får dei smør. Til drikke serverer eg både sur og søt mjølk.

torsdag 26. september 2013

Hot kvardagssuppe

 Inspirasjonen til dagens middag kom frå førre utgåva av regionsavisa.  Oppskrifta har eg sett ein annan stad også, men eg hugsar ikkje kvar. Eg laga sjølvsagt min eigen vri. I staden for svinekjøt steikte eg ein lyllingfilet til kvar.  No les eg at suppa er til to personar.  Det må vere ein glipp.  Denne mettar fire, vil eg tru, spesielt om ein serverer surmjølkslappar til dessert som eg gjorde.

NB! Sidan kikertene stod midt inne i suppeoppskrifta, kom eg ikkje på å ta av dei til garnityr, så dei vart med i suppa.  Kanskje like godt?

Ingrediensar:
1 boks kikerter til garnityr?
400 g svinekjøt eller kylling i strimlar
olje til steiking
salt og pepar

2 stk gulrot, i terningar
1 stk løk, hakka
2 ms olje
2 ms (BM:ss) raud karripasta
1 boks hermetiske tomatar
1 boks lett kokosmjølk
7 1/2 dl hønsbuljong ( terning og vatn - ev kraft)
salt og pepar

1. Surr grønsakene eit par minutt i olje.
2. Ha i karripastaen og fres eit par minutt til.
3. Ha i resten av ingrediensane og kok i 15 minutt.
4. Steik og krydr kjøtet.
5. Køyr suppa glatt med ein stavmiksar.

Server med godt brød til!


Vurdering
Suppa var god den.  Men sjølv er eg nok meir glad i mildare supper.  Ein kunne gjort som eg gjorde med søtpotetsuppa, ha i kvitløk og t.d. 1 ts timian.

Eg synest slike supper er ein fin måte å få i seg grønsaker på.  Eg veit at mange er skeptiske til lett kokosmjølk.  Eg synest det er greitt i nokre rettar.  Ein får hugse på at kokosfeittet er metta plantefeitt.

lørdag 7. september 2013

Heimebaka tortillalefser med kylling- og grønsakfyll

 Denne veka har eg signert i nokre meldingsbøker, så då eg gjekk heim att i går, tenkte eg at ein får vere glad ein er frisk.  Det er typisk meg å få eit snev av noko.  I dag vakna eg med ei forkjøling. Eg vert gåen av å gå opp trappa. Ein tur nedover vart det, men elles tek eg det med ro.
 Frøkna og eg hadde planlagt å prøve ein rett frå den nye kokeboka for skulekjøkenet.  Der er to sider med tortillalefser og ulikt fyll.  På Prix kjøpte vi byggmjøl til lefsene.  Alternativet, som eg meinte måtte bli mykje betre, fann vil på innvandrarbutikken.  Eg trur vi betalte 34 kroner for 1 1/2 kg maismjøl. 

Frøkna laga grønsakfyllet medan eg laga lefsene. Oppskriftene vart dobla, og vi brukte fem store kyllingfiletar, ca 1 kg. Dette var akkurat passeleg til tre karar og to damer.
12 tortillalefser
1/2 dl rapsolje
2 dl vatn
3 dl maismjøl (byggmjøl)
ca 4 dl kveitemjøl, spar litt til utbaking
2 ts bakepulver
1/2 ts salt

1. Bland alle ingrediensane godt saman.
2. Lat deigen kvile 20 minutt under lik eller plast. (Dette punktet hoppa eg over.)
3. Del deigen i 12 emne.  Trill dei runde og trykk dei litt flate.  Lat dei kvile i 10 minutt.
4. Kjevl ut emna og steik dei i ei tørr steikepanne.  Snu dei når dei blæs seg opp.
5. Dei ferdigsteikte lefsene legg du oppå kvarandre med ein kjøkenhandduk rundt. Då held dei seg mjuke.


Kylling- og grønsakfyll
2 kyllingfiletar
2 ms olje
1 raud paprika
1 gul paprika
2 vårløkar/1/2 purreløk
1 båt kvitløk, finhakka
1/2 raud chili, finhakka
1/2 ts salt
1/2 ts malen spisskum

1. Skjer kyllingfiletane i strimlar og steik dei. Ta dei ut av steikepanna.
2. Skjer opp grønsakene.  Steik dei i 1 ms olje på middels varme i 3-4 minutt.
3. Ha kjøtet attende i steikepanna.  Lat det heile steike 2 minutt medan du saltar og krydrar.

Vi serverte heimelaga guacamole og tomatsalsa til.  Oppskriftene på det får kome ein annan gong når vi har nærbilde 

Det er sjølvsagt enkelt å kjøpe tortillalefser i butikken, og det kjem nok eg og til å gjere innimellom. Men heimelaga tortillalefser smakar mykje betre enn kjøpte!  Berre prøv!

torsdag 29. august 2013

Skvåsjsuppe

 Eg som trudde det skulle bli skvåsjmangel i heimen denne hausten, må no lage alle dei skvåsjrettar eg kan.  Gunda si suppe med kikerter har vi laga fleire gonger.  Men når ein har rikeleg med skvåsj, kan ein lage suppe berre med løk, kvitløk, litt stilkselleri og rikeleg med skvåsj.  Eg brukte denne oppskrifta som utgangspunkt. Grønsakbuljong set god smak i tillegg til litt timian, frisk frå hagen denne gongen. Eg hadde litt sitron i, for ho vart ganske søt.
Ver forsiktig med vatnet.  Det bør ikkje dekke skvåsjen.  Han inneheld rikeleg med vatn.

Familien likte godt suppa.

lørdag 17. august 2013

Thailandsk fiskegryte

I dag prøvde vi ei av oppskriftene i Kokeboka mi. Retten fall godt i smak, og eg ser ikkje vekk i frå at  den vil dukke opp på skulekjøkenet ein gong utpå hausten.  Fiskerettar er noko av det raskaste ein kan lage til middag.  Start med å sette på ris.  Eg bruker å koke risen på svak varme i 15 minutt og så slå av plata.  Den kokar ferdig på ettervarmen og held seg perfekt lenge, om middagen skulle bli utsett nokre minutt.  

Til vår familie på fire dobla eg oppskrifta, dvs grønsakene.  Fisken vog eg ikkje, men det er to seifiletar. Sidan eg visste at fisken ville gi frå seg ein del væske, hadde eg ikkje i vatn.

1/4 boksar høver godt på eit skulekjøken. No får ein kjøpt mindre boksar.  Restar kan sjølvsagt brukast i til dømes kyllingrettar eller ei grønsaksuppe i staden for fløyte.
1/2 purre
1/2 raud paprika
1/2 gul paprika
1 ms olje

ca 1 cm riven, fersk ingefær
1/4 boks kokosmjølk (ca 1 dl)
1 ms søt chilisaus
1 dl grønsakbuljong (1 dl vatn + 1/2 terning)

200 g fiskefilet frå kvit fisk
1/4 ts salt
1/4 ts pepar

1. Skyl grønsakene.  Skjer purren i ringar og paprikaen i bitar.
2. Ha olje i ein kjele og steik grønsakene raskt.
3. Skrell og riv ingefæren.
4. Bland kokosmjølk, søt chilisaus, grønsakbuljong og ingefær, og hell dette over grønsakene.
5. Lat alt koke i 3 minutt.
Skjer fisken i litt store bitar og legg dei i sausen.  Lat sausen trekke i 8-10 minutt, til fisken har endra farge heilt igjennom og er ferdigkokt.
6. Smak til med salt og pepar. (Eg hadde salt og pepar i sausen og kverna salt og pepar på fiskebitane mine som var litt store.)
7. Server ris til.

lørdag 1. juni 2013

Kyllingstroganoff

Inspirasjon til dagens middag fekk eg hos Gunda.  I butikken hadde dei berre stor løk og sopp.  Tomatpuréen vart bytta ut med ein boks hakka tomatar som fekk dampe litt av i steikepanna saman med løken.  Grunnen var rett og slett at ein trudde han opna ein boks kattemat.  Elles putta eg i ein ekstra ingrediens, nemleg ein paprika som fekk surre saman med løken.  Journalisten vart invitert til ein rett som fall i smak her i familien.

søndag 14. april 2013

Høne


I butikken der eg handlar vanlegvis, har eg ikkje sett ei høne på år og dag. Sist det var på snakk, var då vi ville lage mulligatawny soup.  I dag laga eg den slik svigermor mi gjorde det. Eg kokte dei først og steikte dei etterpå.  (NB! Steik hønene heile.  Sjå kommentarfeltet.)
Så då eg kom over kokeklare høner på Rema 1000, slo eg til.  Prisen var på 31 kr pr stk.  Kanskje noko å tenke på for studentar. Ein treng 1/2 høne pr person.
Saman med hønene legg ein løk, gulrøter og gjerne selleri.  Eg kokar gjerne vatn i vasskokaren og heller over. Hønene fekk stå og trekke eit par timar.  I dag gjekk eg rundt vatnet saman med ei venninne medan andre passa gryta og skrelte poteter.
Det er lurt å skumme krafta før ein har i rikeleg med heil pepar. 1 ms (15) ml salt.
Eg laga bruning til min saus i dag.  Lagar ein lys saus, får ein frikassé.
Den store fordelen med å koke høner, er at ein får så mykje kraft.  Eg brukte ein liter til sausen, men har att til ei suppe seinare i veka, viss eg då ikkje frys ho ned.
Eg pensla med olje og hadde på salt og pepar før eg sette høna i omnen.  Dette er  eigentleg ikkje nødvendig.

søndag 17. februar 2013

Oksekarri


Ein ny gryterett frå skulekjøkenet.  Ver merksam på at sausen kan sjå litt tjukk ut når ein har i tomatane, men dei saftar seg når dei småkokar med loket på gryta.

300 g biff, i terningar
1 liten løk, i tjukke skiver
2 ts frisk ingefær
1 fedd kvitløk, finhakka
2 ms rapsolje

2 ts malen koriander
1 krm kardemomme
½ ts chilipulver
1 krm malen muskat
1 ts sukker
1 ts salt
1 boks hakka tomatar

  1. Varm oljen i jerngryta.  Brun kjøtet og løken saman med ingefæren og kvitløken.
  2. Tilset resten av ingrediensane og lat retten trekke ½ time.

Kokt ris

3 ½ dl vatn
1 krm salt

1 ½ dl ris

  1. Kok opp vatn og salt i den svarte titanpanna.
  2. Ha i risen og kok den på svak varme under lok i 15 minutt.
  3. Slå av plata og lat risen stå med loket på i 5 minutt til.

fredag 15. februar 2013

Biff stroganoff


Biff Stroganoff

300 g flatbiff (Vi brukte entrecote(utt: angtrekått) i strimlar
1 ms flytande margarin

2 ms kveitemjøl

3 ms tomatpuré
1 ts sennep
2 ½ dl vatn
1 ½ dl mjølk

1 løk i skiver
100 g sjampinjongar, i skiver
1 ms olje
½ ts salt
½ krm pepar

  1. Brun kjøtet i olje/margarin i jerngryta. Strø på kveitemjølet og bland godt.
  2. Tilset tomatpuré, sennep, vatn og mjølk.
  3. Lat alt trekkje like under kokepunktet, minst 30 minutt.
  4. Brun løken og soppen i woken, og ha det over i gryta.
  5. Lat retten trekkje vidare ca 5 minutt til kjøtet er mørt.
  6. Smak til med salt og pepar.


Kokt ris

3 ½ dl vatn
1 krm salt

1 ½ dl ris

  1. Kok opp vatn og salt i den svarte titanpanna.
  2. Ha i risen og kok den på svak varme under lok i 15 minutt.
  3. Slå av plata og lat risen stå med loket på i 5 minutt til.
Ein kan sjølvsagt servere grønsaker,  poteter eller potetmos til.
Bildet er tatt på skulekjøkenet med mobilen.

torsdag 14. februar 2013

Søtpotetsuppe

 Enkelte dagar er middagen min ei brødskive med makrell i tomat.  I dag åt resten av familien tacorestar.  Før fotballspelaren kom att, slo eg til og laga ei suppe av eit par søtpoteter eg kjøpte i glede av å finne produktet i butikken.  Før har eg berre omnsteikt søtpoteter.
Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift som kan brukast til ulike grønsaksupper.

2 små/1 stor løk
2 båtar kvitløk
1-2 ms olivenolje 

300-400 g grønsaker (Her: 2 søtpoteter)
1 boks kikerter (eg brukte ca. 200 g kokte)
5 dl vatn
1 buljongterning

salt og pepar etter smak

Surr løk og kvitløk i olje før du har i resten av ingrediensane.  Kok til grønsakene er møyre.  Mos suppa med stavmiksar.  Smak til.  Ein kan også ha urter og/eller eplesider- eller balsamicoeddik i suppa.  Ha i meir vatn eller litt mjølk dersom suppa vert for tjukk.

Noko steikt bacon hadde vore godt i, fekk eg høyre i dag.  

Suppa kan sjølvsagt brukast til forrett eller til kveldsmat med godt brød til.

lørdag 9. februar 2013

Linsesuppe med grønsaker

Denne suppa frå frukost-TV fekk eg anbefalt også på facebook.  De finn Wenche si oppskrift her.  Mine kommentarar er i kursiv.

400 g linser
2 løk
2 gulrøter
2 skiver sellerirot
1,5 dl olivenolje (Eg brukte nok heller 1 1/2 ms)
2 båtar kvitløk

1 boks knuste tomatar (Eg brukte heile som er billegare.  Dei skal no knusast.)
9 dl kraft av grønsak eller kylling (Her måtte eg bruke buljong og vatn,)
1 laurbærblad
3/4 ts tørka oregano (Eg brukte ei heil sidan min porsjon var større.)
1 1/2 ms balsamicoeddik eller eplesidereddik
1/2 ts brunt sukker eller ørlite honning (Kan sløyfast etter mi meining.  Suppa var søt og god før eg hadde ein brun sukkerbit i.)
smak til med salt og pepar


Min pakke med linser, kjøpt på Sunnmøre Folkebutikk, var på 500 g.  Eg synest det var dumt å legge att 100 g, så eg brukte heile pakken.  Ein annan gong kjem eg til å ta halve pakken og heller ta ei gulrot ekstra.

Linsene skyde eg i ein mjølsikt medan eg kutta grønsakene
Grønsakene vart kutta i bitar og surra i litt olivenolje. Grønsakene treng ikkje kuttast så fint, for dei skal mosast.  Ha så i resten av ingrediensane.  Eg hadde ikkje i laurbærblad, for det fann eg ikkje.  Det ville nok vore friskt og godt.  Laurbærbladet ville eg ha plukka opp før eg mosa suppa med stavmiksar etter ca ein halv time.  Eg måtte ha i litt ekstra vatn, så 3 1/2-liters panna mi vart ganske fulle.

I dag serverte eg focaccia til suppa.  Det hadde nok vore godt med ei grovskive med speilegg til.  Det får bli ein annan gong.  For suppa var god, så det vert nok ikkje siste gong eg lagar henne!

tirsdag 5. februar 2013

Pølsegryte med ny vri

Ein bør vel ikkje tukle med yndlingrettane til folk.  Ein her i familien kan omtrent ikkje få noko betre enn mors pølsegryte.  Det var ein rett eg laga mi eiga oppskrift på etter at eg såg at Toro selde dyre pakkar med pulver til pølsegryte.  Då laga eg ein lysebrun saus som eg hadde tomatpure i.  Oppi hadde eg gulrotringar og pølser.

I januar var det kupp på kjøtrike kjøtpølser. Eg bestemte meg for å lage ein sunnare variant av den smørrike sausen.
 Eg starta med å surre løk og kvitløk i panna.
 Oppi hadde eg ein boks tomatar, like mykje kikerter og vatn.
 Dette får koke nokre minutt før ein jamnar sausen med stavmiksar.
Eg smakte til med gulrøter (Forkok gjerne litt i mikrobølgjeomnen.)2 ts buljongpulver, 1/2 ts salt, kverna pepar ca 1/2 dl tomatpuré og 1 dl vatn før eg hadde i to pakkar pølser i ringar. (Her gløymde eg å fotografere.)

Og dommen til folkejuryen i heimen? Gutar og menn ville ha den gamle, medan vi damene likte godt den nye varianten.

Matlaging handlar om å eksperimentere og prøve seg fram.  Ein annan gong kjem eg til å putte i litt urtekrydder.  Gulrøtene kan sjølvsagt også mosast inn i sausen.

onsdag 23. januar 2013

Jalfrazi

Førre veke stod det laks på menyen på skulekjøkenet.  Gruppene laga kvar sin rett og sette på ein buffe.  Vi laga to av rettane frå Fiskesprellkurset, mellom anna Jalfrazi.  Oppskrifta fann eg her.  Fordi dei andre rettane var i form, laga eg denne og om til ein omnsrett. Oppskrifta er altså skriven for niandeklassingar. Heime laga eg den i steikepanna som de ser på bildet.  Retten fall godt i smak både på skulen og heime.

4 laksefiletar
1 liten løk
½ grøn paprika


½ båt kvitløk
1 cm frisk ingefær
2 ms olje til steiking

¼ ts spiskummenfrø
1 ts kvitvinseddik

½ ts chilipulver
½ ts gurkemeie
½ ts garam masala

1 tomat, i båtar
1 ms frisk koriander

·        Set steikeomnen på 200 grader.

·        Skjer løk og paprika i strimlar. Finhakk eller riv ingefæren.

·        Skjer laksefileten i terningar på ca. 3 centimeter.

·        Varm olje i en stekepanne, tilsett spisskummenfrø og steik til dei begynner å poppe.

·        Tilsett løk, paprika, ingefær og kvitløk og steik i eit minutt.

·        Ha i kvitvinseddik, chilipulver, gurkemeie og garam masala. Steik blandingen ca 2 minutt.

·        Legg grønsakblandinga i ei eldfast form.  Bland fisken forsiktig i og set forma i omnen.  

·        Steik retten i 7-10 minutt til laksen er gjennomsteikt.

·        Pynt med tomatbåtar og frisk koriander før servering.

søndag 18. november 2012

Shepherd's pie

 I går stakk eg innom Rema 1000 på veg heim frå Ørsta.  Ærendet var Friele kaffibønner, noko eg har oppdaga ein får kjøpt der.  Eg tok med meg eit gratis hefte med mat under 100-lappen.  Der såg er at shepherd's pie var kåra til den mest populære retten.
 Det passa godt å ta eit par pakkar kjøtdeig opp frå frysaren.  Eg hadde elles alle ingrediensane, berre ikkje parmesanost.  Eg let ikkje det stoppe meg, men brukte vanleg riven ost. Oppskrifta vart dobla, men eg tippar eg likevel kom under hundrelappen. Under finn de oppskrifta frå heftet.
 Potetstappe:
1 kg poteter

1 1/2 dl matfløyte (ev. H-mjølk)
2 ms smør
salt og pepar

3 ms riven parmesanost (til slutt)

Kok poteter utan salt.  Mos potetene og ha i fløyte og smør.

Her må eg berre skyte inn:  Eg bruker eg alltid meir mjølk enn i oppskriftene...


Fyll:
1 gulrot
1 løk
3 båtar kvitløk
2 ms olivenolje til steiking
400 g kjøtdeig
1 1/2 ms tomatpuré
2 1/2 dl grønsakbuljong (terning + vatn)
1 ms maisenna utrørt i 2 ms vatn
salt og pepar

Skjer gulrot, løk og kvitløk i terningar.
Steik grønsakene i olivenolje til dei er blanke.
Ha i kjøtdeig og steik til dein er brun.
Ha i tomatpuré og steik vidare i eitt minutt.
Ha i buljong og lat det koke 3-5 minutt.
Ha i jamning av maisenna og vatn.
Smak til med salt og pepar.

Legg fyllet i ei eldfast form. Eg brukte gryta.
Legg potetstappa over og dryss parmesanen på toppen.
Steik ved 200 grader ca 20 minutt til den er brun og fin på toppen.


Vurdering:
Ungdomane i familien likte retten svært godt, så eg forstår godt at dette er ein folkefavoritt!  Sjølv kunne eg tenkt meg mindre potetstappe, meir grønsaker og meir smak i form av andre grønsaker og krydder?  

lørdag 3. november 2012

Laksefilet med appelsin og grønsaker

Måndag var eg i Volda på kurs i Fiskesprell. Det er Norsk sjømatråd som står bak dette.  Du kan lese om opplegget og laste ned det gamle heftet her.
På kurset laga vi ulike settar som vi sette fram på ein buffé.  Det bruker vi og å gjere når vi arbeider med fiskesprell i undervisninga.  Då kan ein forsyne seg med litt av kvart, og all maten vert oppeten.
Dagens oppskrift fann eg i lærarrettleiinga.  Oppskrifta ligg og på Lerøy.  Den er litt annleis enn i lærarrettleiinga, men som de ser er bildet det same.  Mine kommentarar er i kursiv.

600 g laksefilet, skinn- og beinfri
2 gulrøter
1 liten purre
1/2 brokkoli
2 appelsinar
salt og pepar


Set steikeomnen på 180 grader. Smør ei eldfast form.
Kok opp lettsalta vatn til grønsakene.
Skyl og skjer opp grønsakene.
Kok dei i 1-2 minutt.
Hell av vatnet og fordel grønsakene i botnen av forma.

Kok ris eller poteter.  Eg synest denne risen er god.  Billeg er han og.
Skyll laksefileten i kaldt vatn.  Skjer i serveringsstykke. Skyl fisken i kaldt vatn.  Legg han over grønsakene.
Kvern over salt og pepar.

På skulekjøkenet er det greitt å skjere fisken i like mange bitar som ein er elevar.
Riv skalet av ein appelsin.Press safta av den.  Hell safta over laksen og dryss skalet over.
Skjer den andre appelsinen i båtar og legg desse mellom laksebitane. Eg skar appelsinbåtane litt tjukkare enn det vi gjorde i Volda.  Eg meiner tynne båtar var mest vellykka.  Elles hadde ikkje rivjernet der eigna riveflate.  Men vi fann ein annan reiskap.  Eg hadde ein sameleis i skuffa.  Den gir fine strimlar.
Steik retten midt i omnen 15-20 minutt til fisken er knapt gjennomsteikt.

Eg synest denne retten er enkel og grei. Sjølv ville eg ete han utan ris, gjerne med brød til. Dei som åt mykje ris, ville gjerne hatt saus.  Retten høver godt på ein buffé med varme og kalde rettar.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...