tirsdag 5. februar 2013

Pølsegryte med ny vri

Ein bør vel ikkje tukle med yndlingrettane til folk.  Ein her i familien kan omtrent ikkje få noko betre enn mors pølsegryte.  Det var ein rett eg laga mi eiga oppskrift på etter at eg såg at Toro selde dyre pakkar med pulver til pølsegryte.  Då laga eg ein lysebrun saus som eg hadde tomatpure i.  Oppi hadde eg gulrotringar og pølser.

I januar var det kupp på kjøtrike kjøtpølser. Eg bestemte meg for å lage ein sunnare variant av den smørrike sausen.
 Eg starta med å surre løk og kvitløk i panna.
 Oppi hadde eg ein boks tomatar, like mykje kikerter og vatn.
 Dette får koke nokre minutt før ein jamnar sausen med stavmiksar.
Eg smakte til med gulrøter (Forkok gjerne litt i mikrobølgjeomnen.)2 ts buljongpulver, 1/2 ts salt, kverna pepar ca 1/2 dl tomatpuré og 1 dl vatn før eg hadde i to pakkar pølser i ringar. (Her gløymde eg å fotografere.)

Og dommen til folkejuryen i heimen? Gutar og menn ville ha den gamle, medan vi damene likte godt den nye varianten.

Matlaging handlar om å eksperimentere og prøve seg fram.  Ein annan gong kjem eg til å putte i litt urtekrydder.  Gulrøtene kan sjølvsagt også mosast inn i sausen.

3 kommentarer:

  1. Kjekt med ny vri :-)
    Men du veit... gamle vanar er vonde å vende ;-)

    SvarSlett
  2. Dette må vere ein sunn rett utan estofff. Må prøvast. Eg er begynt å bli glad i stavmiksaren, omsider. Kva meiner du er sunnaste og beste pølsene?

    SvarSlett
  3. Eg liker ikkje kyllingpølser. Dei er nok sunnast - om pølser då kan vere så sunne. Eg tenker at når sausen er sunn, så spelar ikkje dei ekstra gramma med feitt i pølsene så stor rolle. Skinnfrie er praktiske, synest eg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...