tirsdag 12. februar 2013

Bok 7: De fem fyrstikkene

Eg trur eg har hoppa over den tredje boka om K2 av Lahlum.  Hovudpersonen har i alle fall fått seg kjærast utan at eg har fått det med meg.

Denne fjerde boka inneheld tre historier som K2 og Patricia løyser saman.  Alle skjer på 70-talet.

Eg likte best den siste "De fem fyrstikkene".  Dette er gammaldagse mysterium, og det er sjølvsagt kjekkast når du greier å løyse dei før krimhelten.  Det er noko fascinerande med Lahlum sine bøker.  Språket står godt i stil med innhaldet.

I går lånte eg denne boka på bybiblioteket. Eg begynte så vidt å lytte til den på heimvegen.  I tillegg har eg begynt på "Agnes i senga".  Det tek si tid før den tek laus, synest eg, men skal gi den ein sjanse til.

5 kommentarer:

  1. Eg likar Lahlum sine bøker, fordi dei er litt "gammaldagse"; utan mobilar, datamaskiner og DNA. Det gjer at ein sjølve har ein fair sjanse til å løyse "krimgåtene". Eg har ikkje lese denne, men språket i dei eg har lese er typisk 60-tals, og altså tidsriktig.

    SvarSlett
  2. Eg les litt i fleire bøker, og er ikkje komt til siste historia. Til no har eg vore litt skuffa over denne. Der er utruleg mange kommafeil og litt andre feil, det tykkjer eg er rart. Jau, kjærast fekk han seg i forige bok, og etter det blei ikkje forholdet til Pateicia heilt det same.

    SvarSlett
  3. Kommafeila slepp ein unna i lydboka - bra for meg! Siste historia er lengst, og eg lukta lunta, så den må du gi ein sjanse!

    SvarSlett
  4. "Den tomme stolen" og "Agnes i senga" var fornøyelege, synest eg.

    SvarSlett
  5. Bra! Agnes i senga begynner å få litt snert. Det er litt med kor opplagt og motiert ein er når ein startar å lese ei bok.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...