onsdag 6. februar 2013

Første runde på farmengenser

Det vert berre småturar innom bloggen denne veka.  Møte og trivelege invitasjonar har ein tendens til å hope seg opp.  Både denne veka og førre har det vore mange aktivitetar på kveldstid.

I dag har eg tenkt meg ein tur på strikkekafé.  På veg heim stakk eg innom Trådkråa etter garn til ein blå farmengenser til mannen.  Siste genser eg strikka til han, var ein Per Spook-genser tidleg 80-talet.  Den fekk studenten med seg til hovudstaden.  Oppskrifta ser eg dukkar opp i nye strikkebøker.

Som de ser, begynner eg på ei erm.  Det er kjekkast å strikke bolen, synest eg, kanskje fordi det er ein?  Derfor strikkar eg ermane først, medan eg har gløden.


5 kommentarer:

  1. Er det på strikkekafè ved Gamle Bigset skule ?
    Eller Trådkråa ?
    Eg ser ikkje Farmen så anar ikkje kor gensarane er, skal bli spennande å sjå din.
    Kos deg med andre "strikkersker" :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Trådkråa i dag, arrangert av husflidslaget. Vi lærte dobbelstrikk. Dety kan vel bli eit blogginnlegg?

      Slett
  2. Så dyktig du er!

    Og som du vil sjå på bloggen min har eg vore lydig ;-)
    Såg på den siste utgåva av Kenwood kjøkken maskin.
    Den var stilig, men eg er ikkje så proff på kjøkkenet og har heller ikkje over 10.000 til slikt formål.

    Vonar du kosar deg på strikkekafé!

    SvarSlett
  3. Er nesten ferdig med eine erma på genseren, den andre har eg strikka opp til mønsteret. Trur eg strikkar ny bol, så får vi sjå kva vi gjer med den som er ferdig. Heretter skal eg alltid strikke ermar først. Ikkje alle mønster er like gode når det gjeld masketal t.d. og då kan det vere greitt å prøve med ei erm først.

    SvarSlett
  4. Ja, det er lurt med nye garntypar!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...