søndag 17. februar 2013

Oksekarri


Ein ny gryterett frå skulekjøkenet.  Ver merksam på at sausen kan sjå litt tjukk ut når ein har i tomatane, men dei saftar seg når dei småkokar med loket på gryta.

300 g biff, i terningar
1 liten løk, i tjukke skiver
2 ts frisk ingefær
1 fedd kvitløk, finhakka
2 ms rapsolje

2 ts malen koriander
1 krm kardemomme
½ ts chilipulver
1 krm malen muskat
1 ts sukker
1 ts salt
1 boks hakka tomatar

  1. Varm oljen i jerngryta.  Brun kjøtet og løken saman med ingefæren og kvitløken.
  2. Tilset resten av ingrediensane og lat retten trekke ½ time.

Kokt ris

3 ½ dl vatn
1 krm salt

1 ½ dl ris

  1. Kok opp vatn og salt i den svarte titanpanna.
  2. Ha i risen og kok den på svak varme under lok i 15 minutt.
  3. Slå av plata og lat risen stå med loket på i 5 minutt til.

7 kommentarer:

  1. .....uten karri?? Kan det vere feilskriving her? Kardemommen som skal ut, kanskje?

    SvarSlett
    Svar
    1. Elevane spør også om det! Eg burde ha presisert det over.
      Karri er ei krydderblanding med mellom anna kryddera over. Denne gryteretten er litt sterk - og god på smak. Server gjerne nanbød til

      Slett
  2. Dette smaker sikkert godt.
    Må kanskje prøve den en gang.
    I dag blir det thaigryte her.
    Har ikek alget den før,
    så det blir spennende.
    Ha en fortsatt god søndag :)

    SvarSlett
  3. Viss ein då vil bruke det som vert kalla Karri i denne gryteretten, er det då noko av dei andre kryddera som kanskje bør kuttast ut? Noko det ikkje går i hop med?

    SvarSlett
  4. Smak deg fram! Mange har nok karri i krydderhylla - og ikkje alle dei andre. Begynn med 2 ts karri, og så ser du.

    Alle kryddera over er i karrikrydderet, så det skulle gå bra.

    Viss du ser i krydderhylla på ein innvandrarbutikk, så ser du at der er mange ulike krydder som står karri på.

    SvarSlett
  5. Karri betyr vel krydderblanding og kan såleis ha ulike variantar. Eg HAR alle kryddera som står i oppskrifta, så dette kunne eg tenkt meg å prøve.(Oksekjøtt har dei på butikken). Eg likar GODT krydra mat, så dette er noko som eg sikkert vil like. Men i dag er der FAR som kokar. Erter, kjøt og flest, gammaldags fiskarkost- og heilt nydelig.

    SvarSlett
  6. Det er godt med norsk tradisjonsmat!

    Oksekjøt får ein kjøpt i butikken. På Coop får du ein høveleg pakke med oppskore kjøt til 65 kr.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...